Innskrenkinga i fridom regjeringa påfører spelarar også i dei lågare divisjonane bør ikkje undervurderast

GJESTEKOMMENTAR: Regjeringa sin strenge smittepolitikk for fotballen verkar svakt grunngjeven.

Publisert: Publisert:

Det ser ut som om regjeringa prioriterer økonomiske omsyn framfor dei sosiale når fotballspelarar over 20 år, utanom eliten, framleis ikkje får spele kampar – sjølv om smitterisikoen openbert er låg. Foto: NTB scanpix

  • Svein Erik Tuastad
    Statsvitar og dr. polit., Universitetet i Stavanger

«JAAAAAA!» Lyden av 14 fotballjenter som fekk beskjeden om at kampane no startar opp att, var det godt å høyre.

Norges Fotballforbund (NFF) har medvite brukt barne- og breiddefotballen for å opne for eliteklubbane. Då toget med elitefotballen rulla av garde, stod barne- og breiddefotballen att på perrongen. Problemet er at der står breiddefotballen enno.

For vaksne over 20 år, utanom eliten, får framleis ikkje lov til å spele vanleg fotball. Fridomsinnskrenkinga regjeringa påfører spelarar også i dei lågare divisjonane bør ikkje undervurderast. Dei trener med andre reglar – ingen duellar og ingen ekte fotball på treninga – og dei får ikkje spele kampar. Dette verkar urimeleg og får det til å sjå ut som om regjeringa prioriterer økonomiske interesser for høgt, sett i høve til sosiale omsyn.

Les også

Massivt press for full åpning av breddeidretten – Solberg sier nei

Ny fase i krisehandteringa

I ein interessant analyse i siste nummer av Foreign Affairs peikar statsvitaren Francis Fukuyama på grunnane til at nokre land har handtert koronakrisa godt og andre dårleg. Det handlar for det første om statleg handlekraft, for det andre om graden av tillit mellom styresmakter og befolkning og sist om kor kloke val politikarane har tatt.

Om vi til dømes samanliknar Noreg og USA, kjem vi mykje betre ut. Det kan alt i alt sjå ut som den norske koronapolitikken til no har verka godt. Restriksjonane har, slik det ser ut, vore velgrunna i ei krevjande tid. Men no er situasjonen annleis enn i den første fasen av denne politikken, som var prega av frykt. No er krava høgare til fornuft og konsistens.

Fotballen er eit interessant som døme. Spørsmålet er kor gode grunnane for dagens fridomsinnskrenkingar er. Dersom innskrenkingane saknar ei god grunngjeving, vert fridomsrettar trampa på. Slik bør vi ikkje ha det.

Les også

Svein Tuastad: «Etter kriser: Oppbrot frå leirbålet»

Forskningsgrunnlaget

I mai kom det fleire studiar som konkluderte med at grunnane til å forby fotballkampar verka misforståtte. Når det gjeld publikumsregulering, er det eit anna tema; desse studiane handla om smitte av spelarar under kampar.

I ein fotballkamp i breiddefotballen er spelarane berre i mindre enn 60 sekund nærare enn halvannan meter i avstand til andre. Direkte kontakt skjer berre i sekund-berøringar, og då oftast ved skulder mot skulder. I røynda er risikoen for smitte svært liten så lenge dei normale reglane vert etterlevde ved at hender og fotball med meir er reingjort før kamp, syner dansk forsking. For å konstatere at forskinga verkar rett, er det berre å sjå på ein vanleg fotballkamp.

Denne forskinga var med og gjorde at dansk fotball opna opp for heile fotball-spekteret 7. juni, ikkje berre for toppserien. Kvifor vurderer norske styresmakter dette annleis enn danskane og andre?

Les også

Over 500 samlet til engelsk fotballfest i Oslo. Samtidig får norske fotballklubber kun lov å samle 200: – Greier ikke å forstå det

Solberg sine grunnar

Det ser ut til at det ligg to grunnar bak regjeringa si strenge linje (Dagsnytt 18, 19.6). Den eine er at dei meiner fotball inneber eit brot med éin-meter-regelen. Men denne grunnen er ikkje særleg haldbar når det gjeld kampavvikling, jamfør den danske forskinga.

Den andre grunngjevinga er at sommarferien kan medføre at smitte vert spreidd til nye delar av landet frå folk som ferierer. Etter ferien kan det ha kome smitte til nye område, og då kan fotball vere ein arena for vidareføring av ny smitte. Det kan tale for å vente med å sleppe til barn og breidde, er tankegangen.

Heller ikkje denne andre grunnen verkar særleg god. For det første ser det ikkje ut til å skje smitte under kamp og trening, slik til dømes erfaringa frå Premier League eller NFFs evaluering viser så langt.

For det andre er høvet til smitteoppsporing ved smitte optimal. Treningane går føre seg i lukka grupper med kjende andre. Det er ulike klynger som møter kvarandre. Vert ein spelar smitta, veit ein kven han eller ho har vore i kontakt med på trening eller kamp.

Les også

Viking i grønn sone økonomisk: – En milepæl

Les også

30 år siden forrige seriegull: Her er Liverpools 30 beste spillere siden 1990

Sjå det store biletet!

Vi bør sjå smitterisiko i eit større bilete. Det er godt mogleg vi skal leve med virus-trugsmålet jamvel i tre–fire år til, sa overlege Preben Aavitsland ved Folkehelseinstituttet. Konsekvensen av det bør vere å flytte merksemda over til om smitterisikoane er i smittesituasjonar som kan kontrollerast.

Såleis handlar det om kvar kontrollen vil kunne vere god og kvar den ikkje vil vere det. Innan fotballen er utøvarane lojale og disiplinerte, gruppene er faste og varige, dei er lette å smittespore – og risikonivået er no lågt i samfunnet. Difor kan haldninga til regjeringa no arte seg som «heilt april».

Les også

Kvinner selv sto opp at finte, takle, drible og score

Les også

«Enkelte hadde endog litt av det man kaller ballbehandling»

Andlet mot andlet – her og der

Kontrasten til utelivet er stor. Her vil både kontroll og smittesporing vere mykje vanskelegare. I løpet av vel ein månads tid har det vore avdekka hundrevis av brot på smittereglane i Oslo, til dømes.

Soneforsvaret til regjeringa har svikta når dei gir meir rom for fyll enn for fotball. Under fotballkampar er ein spelar meir enn ein og ein halv meter frå dei andre i 89 av 90 minutt. Og i dei 60 nær-sekunda er det sjeldan andlet vendt mot andlet.

Når det er laurdagsnatt på byen og klokka nærmar seg 03, gjeld det same i barane?

Les også: «Etterpåklokskap er en såpass universell egenskap at jeg allerede nå kan komme med en spådom om hvordan svært mange for ettertiden kommer til å dømme Sveriges statsepidemiolog Anders Tegnell.»

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Viking raste etter nederlaget: – Sjokkerende

  2. Strenge nasjonale retningslinjer innført: Dette betyr det for Halloween

  3. Tordnet etter Oilers-ydmykelse: – Det er pinlig

  4. Fant ikke spor av covid-19 i kloakken

  5. Fant smitte på 344 fly i Norge. De fleste tilfellene kommer fra ett land.

  6. 69 smittet på én uke

  1. Fotball
  2. Gjestekommentar
  3. Svein Erik Tuastad
  4. Smittevern
  5. Solberg-regjeringen