Verdas beste ytringsrom

KOMMENTAR: Ytringsfrihets­kommisjonens rapport er heldigvis dårleg nytt for dei lett­krenkte. Og godt nytt for oss som vil ha ein open, opplyst og frisk offentleg samtale.

Kulturminister Anette Trettebergstuen fekk måndag overlevert Ytringsfrihetskommisjonens rapport av utvalsleiar Kjersti Løken Stavrum.
Publisert: Publisert:
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Fredagens knivåtak på Salman Rushdie prega sjølvsagt måndagens framlegging av Ytringsfrihetskommisjonens rapport «En åpen og opplyst offentlig samtale». Rushdie har sidan utgjevinga av «Sataniske vers» i 1988 vore verdas mest kjende symbol på kor høg pris ein kan måtta betala for å ytra seg fritt. På det vanvitige i at ord og ytringar kan bli møtt med truslar – og til slutt vald – av folk som ikkje tolererer at andre har andre meiningar og haldningar enn dei sjølve.

Som kulturminister Anette Trettebergstuen sa då ho fekk overrekt rapporten frå utvalsleiar Kjersti Løken Stavrum:

– Dette var ikkje berre eit attentat mot Rushdie, men eit åtak på vår alles ytringsfridom. Det er ei hjarteskjerande påminning om at det for mange står om liv og død å ytra seg fritt.

Det går ei linje frå
Salman Rushdie til Stavanger
– og til ytringsfrihets-
kommisjonens rapport.

Hipp hurra!

Hovudkonklusjonen frå kommisjonen er likevel godt summert opp i første setning i rapporten: «Ytringsfriheten har svært gode vilkår i Norge og dag.» For å seia det kortare og meir Per Fugelli-aktig: Kommisjonens hovudkonklusjon er «Hipp hurra!».

Dette er i seg sjølv eit viktig bidrag til den offentlege samtalen i Norge i 2022. Mange av oss kan gå rundt og seia at «det er så gale nå», at det offentlege ordskiftet blir stadig meir polarisert, at det er stadig meir hat, hets og sjikane. Me uttaler oss gjerne på grunnlag av anekdotar, enkelthistorier og ekstreme tilfelle.

Kommisjonen har i staden gjort de me alle burde ha gjort, nemleg undersøkt forsking og fakta. Basert på tilgjengeleg kunnskap er det, ifølgje Løken Stavrum, ikkje grunnlag for å påstå at den offentlege norske samtalen er dominert av hat og hets, eller at Norge blir stadig meir polarisert.

– Eg vil åtvara mot ei overdriven negativ framstilling av det offentlege ordskiftet, sa Løken Stavrum til Arendalsuka.

Les også

– Det største problemet er sjølvsensur

Kan bli betre

Men sjølv om det står svært godt til i Norge, betyr ikkje det at situasjonen ikkje kan bli endå betre. Kommisjonens prisverdige mål er å utvida ytringsrommet endå meir, inkludera endå fleire. Ifølgje kommisjonen er særleg sosial klasse ein viktig markør når ein ser på kven som deltek i det offentlege ordskiftet. Det står få uføretrygda eller handverkarar på scenen under Arendalsuka, for å seia det sånn.

Kommisjonen vil også gjera det lettare for folk med funksjonsnedsettingar å delta, byggja ned barrierane for samar og minoritetar. Målet er å utvida og utvikla det norske ytringsrommet, slik det heile tida er blitt utvida av at stadig fleire grupper har kravd sin plass.

Men dei som måtte ønska seg ein trygg og friksjonslaus plass i eit ytringsrom der ein ikkje skal risikera å bli krenka eller høyra noko ein syns er ubehageleg, vil ikkje finna gehør i kommisjonsrapporten. Som det står: «Målet også med dagens identitetspolitiske kamper bør være å utvide det retoriske medborgerskapet for flere grupper, ikke innskrenke ytringsrommet for andre.»

Ikkje straff og forbod

Vegen til eit endå betre ytringsrom i Norge går ikkje via meir straff og fleire forbod, ifølgje kommisjonen. Rapporten foreslår ikkje å utvida den såkalla «rasismeparagrafen» 185, men gjera han meir forståeleg. Kommisjonen vil heller heva enn senka terskelen for kva ein skal kunna seia til ein politi utan å bli straffa.

Får Ytringsfrihetskommisjonen viljen sin, vil me alle dermed måtta øva oss i å delta meir aktivt i ordskiftet, som ytrar eller lyttar. Og så vil me sannsynlegvis måtta tola meir, ikkje mindre, av ord og meiningar me ikkje liker. Som jo er ytringane ytringsfridommen er der for å beskytta.

Fredag vart forfattaren Salman Rushdie knivstukken under eit bokarrangement i Chautauqua i delstaten New York.
Les også

Salman Rushdie på operasjonsbordet etter angrep i New York

Les også

Pågrepet 24-åring siktet for drapsforsøk på Salman Rushdie

Les også

Aftenbladet mener: «Ville dagens ytringsklima ha tålt en utgivelse som ’Sataniske vers’?»

Nært oss

Det kan kanskje kjennast langt frå Nord-Jæren til eit litteraturarrangement i Chautauqua, New York. Til ei litterær superstjerne som britisk-indiske Rushdie. Til prestestyret i Iran, fundamentalistar og regime som med alle middel prøver å hindra folk i å ytra seg fritt.

Men faktum er at det går ei linje frå Rushdie til Stavanger – og til kommisjonens rapport. Ei linje som illustrerer at problemstillinga ligg langt nærmare oss enn du kanskje er klar over.

Det var nemleg Rushdie som i 1994, fem år etter at han fekk fatwaen mot seg, oppretta Det internasjonale forfattarnettverket (IPW), eit nettverk av fristader for forfølgde forfattarar. Då IPW gjekk i oppløysing ti år seinare, starta arbeidet med å vidareføra prosjektet. Som skulle føra til etableringa av fribynettverket Icorn (The International Cities of Refuge Network) i 2006. Som sidan har henta ut og gitt ein trygg heim til hundrevis av forfølgde forfattarar og kunstnarar. Blant anna dokumentert i Aftenbladets store artikkel-, podkastserie og bok «Forbodne stemmer».

Og kor har Icorn sitt hovudkontor? På Sølvberget i Stavanger.

Med tanke på at Rushdie var mannen som i si tid etablerte dette, ligg det ein dobbel illustrasjon i at Ytringsfrihetskommisjonens nye rapport er illustrert av Ahmed Falah. Han måtte flykta frå Irak etter å ha blitt truga på livet for ei teikning i 2014. I dag lever og arbeider han i Drøbak, som ein av fribykunstnarane Rushdie i si tid la grunnlaget for å hjelpa. Organisert og administrert frå eit kontor i Stavanger.

Publisert: