Ting Torstein vil ta vekk

KOMMENTAR: Det er jo bra at du jobbar og står på der inne på tinget, Torstein Tvedt Solberg. Men er det ikkje litt voldsomt å koma med ei heilt ny reform?

Publisert: Publisert:

Statsminister Erna Solberg (H) helsar på førsteklassingane ved Jar skule i Bærum. Opposisjonen vil ha regjeringa med på ein tillitsreform for skulen. Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

  1. Leserne mener

Strengt tatt så hadde vi laga oss ein avtale, eg og Torstein Tvedt Solberg (Ap). Eg skulle i god tid før jul sjekka kva han hadde fått gjort som nytt medlem i utdanningskomiteen på Stortinget. Sånn blei det ikkje.

Les også

Tips til Torstein (Ap): Ting å ta vekk

Men nå er dei klar sjølv, Torstein og dei. Ap, SV og Sp har saman laga eit forslag om ei heil tillitsreform i skulen. Utdanningskomiteen jobbar med forslaget nå, og sender innstillinga til Stortinget om to-tre veker.

Kjende tjuvar

I haust, då Torstein spurte oss veljarar kva vi ville han skulle gjera i komiteen, bad eg han om å ta vekk ting. Dei vil ta vekk ting i tillitsreformen. Dei vil få bukt med overdriven rapportering, obligatoriske testar (sikkert ikkje alle, vil eg tru, Torstein?) og politisk detaljstyring, både lokalt og nasjonalt.

Her skal vi straks slutta oss til eit hjartesukk frå sjefen i komiteen der Torstein er medlem. Han heiter Roy Steffensen, høyrer til Frp og kjem frå Kvitsøy. Roy syns det er litt kjipt at dei same politikarane som har tvangsinnført ein times fysisk aktivitet i skulen kvar dag, og som uttalar seg om elevane skal få sjå på tv eller ikkje i matpausen, snakkar høgtideleg om at regjeringa (Roy og dei) må få slutt på detaljstyring.

Roy har rett i det, Torstein. De er ikkje heilt gode der. I alle fall ikkje heilt beine. Så når de sjølv skriv at reformen må markera eit tydelegare skilje mellom kva politikarane skal bestemma og kva lærarane skal bestemma, kunne de også skriva dykk det same bak eigne øyrer.

Men testane og rapporteringa er kjende tjuvar i skulen. Dei stel tid frå lærarane, og dei stel all plass i sola. Alt som ikkje like lett kan målast, har lenge hamna i skuggen.

Meininga bak

Her skal vi ta ein sving. For det låg gode intensjonar bak innføringa av testane, som dei nasjonale prøvane i matte, engelsk og rekning. Det vi liker å kalla likskapsskulen i Norge, gir nemleg ikkje alle barn ein like god skule, uavhengig av kvar dei bur. Det er store forskjellar. Nasjonale prøvar skulle vera ein måte å følgja med på om alle barn får lært det dei treng å læra.

Samtidig ville ein skrella seg inn til den faglege kjernen i skulen. Vi har jo alle ropt på skulen, uansett kva som går litt på skeivå. Skulen var - og er - overfylt med greier som skal undervisast i.

Til slutt er det også sånn, at viss ein skal kunna få noko ut av kritikk, så må denne vera konkret, og den må vera springa ut frå ei felles oppfatning om kva det er ein prøver å få til.

For alt dette har ikkje alltid vore på plass i norsk skule. Mange av oss som er sånn cirka midt i livet, hugsar nok ein skule der kvar lærar aleine regjerte i sitt klasserom, og kunne driva på med sitt til han eller ho gjekk av med pensjon. Anten dei klarte å sjå noko ved kvar einaste av oss som sat ved pultane, eller dei ikkje fekk til noko som helst, eller det aller verste - gjorde timane utrygge for nokre utvalde, dag inn og dag ut, utan at nokon greip inn.

Les også

Kjemp for kjeledressane, Frp!

Viktig endring

Å vera lærar er ikkje ei privat greie, å velja korleis du vil undervisa og kva du vil leggja vekt på, kan ikkje bare liggja hos den enkelte lærar. Det er det altfor viktig til. Den aller viktigaste endringa i skulen dei siste tjue åra, er nettopp at lærarar nå samarbeider om korleis ting skal løysast.

Då treng ein rimelegvis å kunna snakka nokså konkret om kva ein prøver på.

Reforma til Torstein og dei (altså Ap, SV, Sp) tar heldigvis med seg dette. Når testane skal bli færre og tilliten til lærarane større, skal det også finnast konkrete og forpliktande planar for profesjonsfellesskap - eller lærarsamarbeid i stort og smått, som vi andre ville sagt det.

Roy og dei, eller regjeringspartia, som vi også kan kalla dei, driv for tida på med eit svært arbeid, som alle politikarane støttar, og lærarane sjølv er med på. Fagfornyinga. Der skal dei ta ting og fag ut av skulen. Så det blir plass til å høyra seg sjølv tenkja, anten du er lærar eller elev eller rektor. At lærarane er med der, heile vegen, er ei tillitsmarkering i praksis.

Samtidig er det heilt på sin plass at Torstein og dei, som slett ikkje sit med regjeringsmakta, insisterer på at ein også må gjera noko med vurderingssystemet. Det må ein. Ein kan ikkje måla på gamlemåten lenger. Roy og dei har hittil lagt for lita vekt på det.

Les også

Kråkeslotthjernar og alt som heng saman

Litt mye tran?

Men altså, Torstein, det var jo deg og meg som begynte, var det ikkje? Du spurte kva vi ville du skulle få til i utdanningskomiteen, eg svarte at du burde ta ting vekk - slik som overdriven måling og trua på at måling gir betre læring.

Nå lurer eg på om det ikkje er litt voldsomt å villa innføra ei heil, ny reform i skulen, når målet med den er å ta ting vekk og gi lærarane meir tillit?

Eg forstår at de vil markera alvoret, seia noko om kor mye for langt kontrollregimet har gått. Samtidig er det jo alt endringar på gang også borte hos Roy og dei, som for tida styrer både land og skule.

Dette kan du sikkert svara på, Torstein. Bruk gjerne digitale hjelpemiddel. Så ber vi Roy gi karakter etterpå. Ut frå kor nødvendig han meiner den er, og kor stor plass han trur den vil gi lærar og elev til å tenkja sjølv. OK?

Publisert: