Kunsten å gjera seg upopulær

KOMMENTAR: Ei av politikaranes viktigaste oppgåver er å bestemma ting som er upopulære. Som det grøne skiftet.

Publisert: Publisert:

Bymiljøpakken på Nord-Jæren har møtt heftige protestar – akkurat som Emmanuel Macrons forsøk på å innføra nye avgifter på fossilt drivstoff i Frankrike. Men me treng politikarar som torer å bli upopulære. Foto: Stein Halvor Jupskås

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Gatene i Paris har sett ut som ein krigssone dei siste helgene. Tusenvis av demonstrantar i gule vestar har innteke byen. Dei fleste fredelege, men også mange valdelege, ute etter å knusa og øydeleggja.

I Rogaland har det også gått demonstrantar i gule vestar gjennom gatene denne hausten, mens dei taktfast har ropt «Nok er nok!». Heldigvis utan å gå til dei fysiske eksessane ein har sett i Frankrike. Men også her har sinnet ført til at enkelte har kryssa grenser for kva ord og verkemiddel ein bruker i ein politisk diskusjon i fredelege Norge.

Samtidig blir Klimatoppmøtet i Katowice i Polen avslutta i morgon. Når eg skriv dette, er det ikkje klart om ein lukkast med målet: Å koma fram til konkrete reglar som skal gjera det mogleg for dei nesten 200 landa som deltek, å nå måla i Parisavtalen.

Paris, desember 2018: Dei siste helgene har Paris sett ut som ei krigssone, med maskerte demonstrantar, tåregass, væpna politi og store øydeleggingar. Foto: Thibault Camus, AP/NTB scanpix

Les også

«De gule vestene» fnyser av Macrons plaster på såret

Vår tids største utfordring

Alle desse tre sakene heng saman. Alle tre involverer vår tids største utfordring, nemleg klimaendringane. Som Sir David Attenborough sa ved opninga av toppmøtet i Polen – rett etter publiseringa av nok ein dramatisk FN-rapport om kor gale det vil gå med Jorda om me ikkje handlar raskt og drastisk. Gjer me ikkje noko nå, vil sivilisasjonen vår vera på randa av kollaps.

«Verdens folk har talt. Deira beskjed er tydeleg. Tida renn ut. Dei vil at de – politikarane – skal gjera noko. Nå!» sa Attenborough.

Det er dette president Emmanuel Macron har prøvd på i Frankrike. Og det er dette politikarane på Nord-Jæren gjer noko med gjennom Bymiljøpakken. Macron gjekk til val på å gjennomføra eit grønt skifte i Frankrike, og ville derfor innføra nye skattar på fossilt drivstoff. Politikarane på Nord-Jæren har lova å få ned klimautsleppa, og har derfor innført nye bompengar og rushtidsavgifter.

Det har ikkje gått særleg bra, verken i Frankrike eller hos oss.

Problemet er bare at det ikkje vil vera mogleg å nærma seg ambisjonane i Parisavtalen – å redda jorda og sivilisasjonen vår, for å bruka litt store ord – utan å gjennomføra dramatiske tiltak som mange menneske vil blir råka av og rasande på.

Les også

Macron: Protestene er resultat av 40 års misnøye

Umogleg skvis

Her står politikarane i ein nesten umogleg skvis. Skal dei leva opp til sine store ord, ideal og løfte om å gjera noko med klimaproblemet, er dei nesten nøydde til å setja i verk tiltak – elles vil dei bli straffa av veljarane som stemte dei fram til makt og posisjon. Men sjansen er også stor for dei blir straffa ved neste val om dei set i verk tiltak som har effekt. Plutseleg har du ein heil folkeaksjon mot deg.

Så kva gjer du? Skal du vera ein politikar som vinn val for å setja politikk ut i livet? Eller skal du vera ein politikar som set politikk ut i livet for å vinna neste val? Skal du setja dine eigne politiske ideal eller di eiga politiske karriere først?

Eg er ikkje i tvil om kva politikartype eg vil ha. Eg vil ha folkevalde med ein tydeleg politikk og tydelege ideal - og folk som står for desse ideala også når det bles motvind frå alle kantar. Eg vil sjølvsagt også ha politikarar som lyttar til folk, politikarar som er i stand til å skifta meining, som er påverkelege av fakta. Men til slutt er det ein politikars forbanna jobb å bestemma noko - sjølv om mange vil bli sinte.

Langtidstenking

Det er også ein politikars jobb å tenkja langsiktig. Det er eit større problem at politikarar ikkje tenkjer langsiktig nok, til dømes ut over sin eigen valperiode, enn at dei er for langsiktige.

Klimadebatten illustrerer dilemmaet på ekstra tydeleg vis. Problema dei menneskeskapte klimaendringane vil føra til, er heilt i startfasen, har ennå ikkje ramma oss så tungt, og det er framleis ein viss diskusjon om kva som er naturleg variasjon og kva som kan knytast til menneskeskapt aktivitet. Dermed er det vanskeleg å få gehør for dyre og drastiske tiltak nå – mot noko som (kanskje) skal skje ein gong i framtida. Samtidig vil det langt på veg vera for seint å handla den dagen konsekvensane slår inn over verda i all si gru – og demonstrasjonane i gatene for drastiske klimatiltak overgår dei som ropar «Nok er nok!».

Men igjen: Eg vil heller ha politikarar som tenkjer på korleis verda ser ut når barna mine blir vaksne, og ikkje bare på neste valsyklus. Sjølv om eg vil måtta betala ekstra for det i dag.

Eliteprat

Problemet er bare at alt dette er lett for meg å seia, dels fordi eg liknar på politikarane som snakkar slik. Eg er ein middelaldrande mann med god jobb og inntekt – og med elbil. Eg er ikkje ein fattig franskmann som plutseleg skal måtta betala meir enn eg har råd til i auka bensinavgifter for at Macron skal nå sine ambisiøse klimamål. Eg må ikkje betala tusenvis av kroner i bompengeringane på Nord-Jæren. Eg tilhøyrer den veltilpassa, øvre middelklassen, på eitt vis eliten. Den gjengen Folket nå i urovekkande grad gjer opprør mot, i Storbritannia med brexit, i Trumps USA, i Polen og Italia – og nå også i Frankrike. Og kanskje på Nord-Jæren.

Likevel insisterer eg på at eg vil ha prinsippfaste politikarar som toler å gjera seg upopulære. Og så kryssar eg bare fingrane for at Det gode vinn til slutt. Tvi tvi i Katowice!

Les også

Kommunedebatten: – Har Stavanger-regionen dei rette føresetnadene for å skapa gode løysingar?

Les også

Wirak: – Åpenbart at noen har snakket sammen

Les også

Harald Birkevold: «Farvel, Soria Moria!»


  • Les fleire kommentarar av Jan Zahl:
Publisert:

Kommentator Jan Zahl

  1. Me er nesten i ferd med å bli blinde og døve for kor ko-ko – og alvorleg – dette faktisk er

  2. – Kor mange er nok? 500? 5000? Heile Moria?

  3. Rajas (nesten) umulige hovudpine

  4. – Korleis blir livet fram­over om folk er endå meir forsiktige enn styres­maktenes smitte­råd?

  5. – Kva må til for at eg skal bli ein varm Trump-tilhengar?

  6. Viking må bytta navn!

Les også

  1. Satsar du på kultur, får du ... kultur!

  2. Livin’ on a Prayer!

  3. Kan kjendisane redda politikken?

  1. Kommentator Jan Zahl
  2. Christine Sagen Helgø
  3. Emmanuel Macron
  4. Parisavtalen
  5. Jan Zahl