Er det viktig å bli jærbu?

KOMMENTAR: Skal målet vera at syriske flyktningar og 2.-generasjons bømlingar med internasjonal bakgrunn må bli 100 prosent jærbu for å bu på Bryne, er Det store norske integreringsprosjektet dømt til å mislukkast.

Publisert: Publisert:

Ståle Økland har drege i gang ein interessant debatt om identitet. Han klarte aldri å bli jærbu − men måtte han bli det? Foto: Marie von Krogh

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over to år gammel

«Hvordan kan en flyktning fra Syria klare å bli jærbu, når jeg ikke klarte det?» skreiv Ståle Økland i ein heftig lesen og diskutert kommentar i Aftenbladet i helga. Økland kom tilbake til Bryne som niåring, etter seks år i eit internasjonalt oppvekstmiljø i tyske Leverkusen og franske Paris. Men sjølv om han med tida blei valt til varaordførar i Time, opplevde han aldri at han klarte å bli jærbu. Akkurat slik faren, bømlingen Arne Larsen Økland, ikkje blei rekna som jærbu av Jærbladet − etter å ha budd 40 år på Bryne.

Utgangspunktet for Øklands refleksjon var eit møte med hundre ungdommar i ein moské i Oslo. Hundre ungdommar som diskuterte kva det vil seia å vera norsk.

Det kan vera underhaldande nok å diskutera kva som skal til for å bli rekna som jærsk. Men den viktige diskusjonen i vår tid handlar om kva som skal til for at menneske med ein annan bakgrunn enn etnisk norsk skal identifisera seg med, og bli akseptert som del av, «det norske», enten det er i Oslo eller på Bryne.

Mangfaldig identitet

Det kompliserte med identitet er at det på langt nær er så enkelt som å dela verda opp i enkle «oss» og «dei», enten det dreier seg om norskingar, utlendingar, jærbuar eller 2.-generasjons bømlingar. Identitet er tvert imot plastisk, mangfaldig og variabel.

Sjølv blei eg fødd i Bergen, og budde der mine tre første, formative år. Er eg dermed «bergensar»?

Dei neste 17 åra budde eg på Bryne. Det var her eg vaks opp, lærte å snakka, skriva og te meg. Skal me ta Øklands definisjon av jærbu («familien din må ha bodd på Jæren i tre generasjoner») på alvor, må eg kanskje reknast som «jærsk»?

Likevel var eg mange gonger i tvil om eg passa inn, om eg likna nok på dei eg oppfatta som «ekte jærske». Ikkje var eg interessert i fotball, ikkje var eg del av verken kristenlivet eller festlivet, eg var oppvaksen på eit byggefelt, ikkje gard. Eg var ein sånn skuleflink type (ukult) som spelte piano (dobbelt ukult) og klarinett (trippelt ukult). Eller. Kanskje var eg bare nok ein utilpass ungdom?

Bonde i byen

Så flytta eg. Gjennom seks år i Bergen var min viktigaste identitet «student». Møtte eg folk frå andre stader enn Rogaland, trudde dei eg var «siddis», basert på dialekten min. Noko som jo var lett overraskande sidan eg blei oppfatta som «bonde» kvar gong eg var i Stavanger og sa «æg». Som «bonde» i byen Stavanger blei eg sett på som ein litt enkel og sidrumpa kar frå Jæren. Som bondestudent i Bergen møtte eg likesinna akademikarspirar med felles erfaringar frå si heimbygd, som nå dreiv med teorianalyse og store ord i byen.

Det året eg budde i Spania, var eg «nordmann». Som fekk kjenna på frustrasjonen i å ha avanserte nok tankar i hovudet, men høyrast ut som eit barn når eg prøvde å formulera dei på spansk. Eller ikkje skjøna meg heilt på dei kulturelle kodane, og i alle fall ikkje på humoren, i eit land som trass alt ligg på same kontinent som Norge, men likevel er ulikt kulturelt. Eg klarte aldri å få spanske vener, men blei godt kjend med utlendingar frå andre europeiske land.

Gjennom ti år i Oslo var eg «vestlending», med ei evig kjensle av å vera på besøk, før eg flytta «heim» til Stavanger − som jo ikkje var «heime», sidan eg aldri hadde budd i Stavanger før.

Kven er eg?

Så kva er eg nå? Staden eg bur? Staden eg vaks opp? Stadane eg har budd? Dialekten eg snakkar? Yrket mitt? Livssynet mitt? Kjønnet mitt? Alderen? Nasjonaliteten? Far? Son? Ektemann? Er identiteten min slik eg oppfattar meg sjølv, eller slik andre oppfattar meg?

Identiteten min er alt dette, og meir til. Akkurat som Økland er eg litt av kvart. Og sånn er jo alle andre menneske også. Ein syrisk flyktning er ikkje bare «syrisk», «flyktning» eller «muslim», men like samansett, mangfaldig og foranderleg som oss.

Det er her me støyter på problem om me skal setta opp for skarpe kategoriar, og krevja både av oss sjølv og andre at ein skal passa 100 prosent inn. Som ville innebera at me skulle bli heilt like kvarandre.

Bømlo, Bagdad og Bryne

Forskjellen på det tradisjonelle jærske bondesamfunnet og den moderne globaliserte verda også Jæren er ein del av, er at det kjem flyttande langt fleire frå lengre unna enn før. Tilflyttarane, enten dei kjem frå Bømlo eller Bagdad, vil måtta tilpassa seg livet og kulturen på Bryne. Men det er både eit umulig og eit urimeleg krav at dei skal bli 100 prosent jærbu − kva enn det måtte innebera.

Å leva i den moderne, globaliserte verda er ei øving i å handtera ulikskap, i tilpassing, både frå dei som kjem og dei som bur der frå før av. Ingen kan forventa av den andre at han skal utsletta sin eigen, opphavlege og mangfaldige identitet. Ingen kan forventa at den andre skal bli akkurat lik seg sjølv.

Integrering handlar om å akseptera at folk er ulike, men samtidig krevja aksept av felles spelereglar som er like for alle. I Norge inneber det liberale, demokratiske verdiar som ytringsfridom, likestilling og seksuell fridom. At ein lærer seg norsk. At ein prøver å bli ein del av, og bidra til, det norske fellesskapet − som ikkje består av folk som er «jærbu» eller «norsk», men av folk som er ulike.

Les også

Ståle Økland: «Den vanskelige identiteten»

Les også

Time-ordføreren: «Det er trist at folk opplever det slik»

Les også

Professorer: «Flytter du til et nytt sted, har du 70 prosent ansvar selv»


Les fleire kommentarar av Jan Zahl:

Publisert:

Les også

  1. Verdas beste tid er nå

  2. Grande hoppar ikkje etter Wirkola

  3. Cruise-turismens paradoks

Mest lest akkurat nå

  1. Leter etter John Olav med full styrke

  2. Her blir det nytt kjøpesenter og sykehus

  3. Folk på byen har allerede endret drikkevaner

  4. Gunnar Eiterjord slutter som sjef for Rogfast

  5. Hun laget kunsten i Ryfast – nå står Rogfast for tur

  6. Dette skjedde i natt

  1. Ståle Økland
  2. Bryne
  3. Stavanger
  4. Integrering
  5. Identitetsfølelse