Ta ein for humoren, NRK!

KOMMENTAR: Å, NRK! De må tola å få eit blåmerke eller to!

NRK har avpublisert «Japanese Ramm show» med komikaren Nicolay Ramm.
  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:

«Vi trodde det ville være gøy for alle. Det er det ikke,» sa komikaren Nicolay Ramm i ei pressemelding for eit par dagar sidan. For svære NRK la ut ei pressemelding der dei fortalte at dei hadde avpublisert tre episodar av serien «Helt Ramm i Tokyo.» Det er episodane «Japanese Ramm show» det er snakk om. Der tullar Ramm visstnok med fenomenet asiatiske gameshow, han har på seg mørk parykk, og han snakkar engelsk med skikkeleg dårleg, asiatisk aksent. Visstnok, for nå har eg jo ikkje sett dette, anna enn eit svært kort klipp vist hos VG, som først laga sak på dette.

Avpubliseringa kjem etter «tilbakemeldinger fra enkelte i publikum som opplever Nicolay Ramms fremstilling av en japansk gameshowvert som stigmatiserende og sårende.»

Fungerande redaktør i sporten, Anders Såheim, presiserer at dei ønsker verken å såra eller stigmatisera. Etikkredaktør Per Arne Kalbakk følger opp - sjølv om reaksjonane kom frå få, var dei sterke, og NRK avpubliserer fordi desse sketsjane aldri var meint å såra nokon.

Verkeleg, NRK?

Må det vera «gøy for alle» og «ikke såre noen», viss ein komikar skal sleppa til med sketsjar for den der ganske store flokken som ser på NRK? Og viss reaksjonane er få, men sterke, så avpubliserer de?

Kor mange klagar det er snakk om, er usikkert . Men til Kringkastingsrådet har det så langt kome to klagar på innhaldet, og fire klagar på at programmet blei avpublisert.

Det framstår som ganske puslete.

«Det eneste jeg har gjort, er å dele meningene mine,» seier influensaren Jenny Huse, sjølv med asiatisk bakgrunn, ei av dei som har klaga, og dermed gitt NRK eit blåmerke.

Ho meier ikkje at programmet er rasistisk, eller intensjonane vondsinna. Til VG sa ho også at ho berre har sett introen. Det som er galt, meiner ho, er at det kjennes krenkande for folk, og at det stigmatiserer eit bilde folk alt har av asiater.

Tol det

Såpass må vel NRK tola, utan å stikka halen mellom beina? Dei burde vel la episodane stå, og tola debatten som kanskje ville koma. Tola kritikk om at dette er platt humor, stigmatiserande, dårleg og utdatert. Tola at ettertida såg på det som eit kanskje nokså lite sympatisk bilde på vår tid. Tola negative reaksjonar. Viss nå det hadde blitt tilfelle. Det veit vi jo ikkje, sidan det er fjerna.

Av og til gir det blåmerker å vera ein del av eit fellesskap, eller samfunn, eller land, eller kva du vil. NRK må tola å få ein del sånne dultar. Viss dei skal unngå det, viss ingen skal få så mykje som eit hår på hovudet krenka nokon gong, viss alles tidlegare personlege erfaringar og referansar skal teljast og vegast før noko kan seiast, skrivast, eller tullast med, så mister vi til slutt også alt vi kunne ha felles.

Vern om det

Det går jo an å heller insistera på at alt ikkje kan treffa alle, at alt ikkje blir like bra, at nokon kan kjenna seg såra av humor. Det går også an å insistera på at ein må kunna parodiera eit fenomen i ein kultur, setja det på spissen og overdriva, utan at det betyr at ein rakkar ned på alt og alle i den kulturen.

Men det viktigaste, syns eg, det absolutt viktigaste, er å verna om den iscenesatte humoren. Verna om det som er satt på spissen, tatt ut av kvardagen.

For det finst ein uskriven kontrakt der, når vi går på teater, ser ein film, les ei bok, ser ein sketsj på NRK. Det finst ein kontrakt der vi alle er einige om at nå er vi publikum, nå går vi ut av kvardagen og realismen. Nå senkar vi lansen. Nå tar vi imot. Den er viktig, den kontrakten. Den er grunnen til at humor, teater, film eller bøker kan koma innpå oss, kan nå inn med kritikk, kan klara å få oss til å le av oss sjølv. Oppdaga at nå lo vi av oss sjølv. Bringa andres liv og livsvilkår tettare innpå. Gjera dei andre vanskelegare å avskriva. Fordi det ikkje er kvardag. Det er ikkje på ekte. Den usynlege skiljeveggen der, mellom liv og scene, må ein insistera på å oppretthalda. Den er verneverdig. Det er den som gjer at vi lar oss riva med.

Stå vakt

Tar ein vekk det skiljet, mister vi sjansen til å koma nært innpå andres liv og livsvilkår. Tar ein vekk det skiljet, mister vi eit rom for kritikk, også av makt og maktforhold.

Viss NRK gir etter straks nokon blant publikum kjenner seg krenka, er dei med på å svekka det skiljet.

Det syns eg er alvorleg, sjølv om vi her neppe snakkar om sketsjar som tar mål av seg til å endra verda. Men skiljet mellom liv og scene, mellom det offentlege og det private, er alt truga. I sosiale medier, på TikTok og Snap og Twitter og Facebook er det nesten utviska. Der er det meste personleg, for det dukkar opp i hendene dine, i chattar og snuttar og videoar og trådar, på mobilen, blant meldingar frå nære og kjære og eigne barn. Kva som er humor, kva som er meint for ei scene eller kva som er meint til å ramma akkurat deg, i fullt alvor, i ditt liv, er alt anna enn tydeleg.

Vi treng det skiljet, for ikkje å melda oss ut straks noko snertar oss personleg. Vi kan mista så utruleg mykje då. NRK er svære. NRK når mange. Dei må ikkje gjera knefall straks nokre av oss blant publikum forlangar at eigne erfaringar og følelsar skal få trenga gjennom og styra det som skjer på scena. NRK må vakta den skiljelinja. Og dei må tola eit blåmerke eller to mens dei står vakt.

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. – Det gjer vondt å falla mellom to stolar. Særleg for den som er sjuk

  2. – Det er ikkje sikkert at vi som strengt tatt har mykje frå før, treng å få endå meir. Men det blir fort slik, likevel

  3. – Å, NRK! De må tola å få eit blåmerke eller to!

  4. – I det skjøre, politiske fellesskapet som oppstod etter 22. juli burde det nå vera høgresida sin tur til å gå opp og dra. Frp kan begynna.

  5. – Det der snakket om psykisk helse først? Fislete greier, Høie.

  6. – Kva hjelper det å fortelja historia til Artin?

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. NRK
  3. Nicolay Ramm
  4. Humor
  5. Solveig G. Sandelson