Få blikket blankt!

KOMMENTAR: Det finst ein sjanger der eit tåreblankt blikk er sjølve teiknet på suksess for alle som får sjå det. Skavlan står for meg som sjangerens fødselshjelpar. Men det er Lindmo som er dronninga.

Fredrik Skavlan gir seg med talkshowet Skavlan før året er omme.
  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:

«Alt raste saman først», seier Jo Nesbø ganske lågt og rett fram. «Faren min var det store forbildet mitt. Han var det moralske kompasset. Hva kan du stole på da, hvis du ikke kan stole på det?» Han var 15 år då faren fortalte at han hadde vore frontkjempar under krigen. Nå er han er hos Lindmo. Det er september 2020, og Nesbø har skrive ny bok. Om sysken, barndom, syskenforhold.

Odd Nordstoga, som skal få syngja ei låt til slutt i same program, må kikka litt vekk innimellom, når det blir hans tur. Til å fortelja om det som ikkje var heilt på stell i familien hans då han vaks opp. Om systera, som han gjekk i same klasse som, sjølv om ho var eit år eldre, om å sjå ei du er så grenselaust lojal mot og glad i mislykkast kvar einaste dag, både fagleg og sosialt. Sjå kva det gjer med eit menneske. Om at det blei tyngdepunktet i familien, at nettopp det som ikkje er heilt på stell, er det som bind oss saman. At det har gitt kunstnarstemma hans eit strok av melankoli.

Mens Nesbø, like lågt og rett fram, seier han trur historia til faren hans har gjort han til eit meir reflektert menneske. For korleis dømmer ein menneske?

Brydd

Dei er kloke. Sjølvsagt er dei det. Og dei er begge erfarne kunstnarar, dei står i dette. Men det gjer meg brydd. Mest når Nordstoga må snu seg litt vekk, når det er i ferd med å bli for nært. Eg er ikkje sikker på at det er meininga at eg skal sjå dette. At det er hakket for privat. Og eg lurer på kva dei må by på neste gong for å få snakka om det dei driv med.

Det er for så vidt eldgamle greier, det der med å leita i kunstnarens liv for å forklara kunsten. Ein gong på 1800-talet for å sjå han som opphøgd, helst lidande geni. Hos oss, på ein fredagskveld, for å sjå dei som vanlege menneske. Sjå, han har tåreblankt blikk! Sjå, han må snu seg bort!

Skavlan

Fredrik Skavlan skal slutta med Skavlan. Ikkje heilt enno, men seint i haust, når dei er ferdige med den sesongen. Og det er to ting eg hugsar han for. Det eine er evna til å vita når du skal lena deg tilbake som intervjuar, når du skal forfølgja eit sidespor, fordi det ligg noko enno meir interessant der enn det du har på blokka, og når du skal gripa inn og flytta samtalen vidare. Han var eit forbilde på akkurat det der.

Men så hugsar eg han også for baksida av det same, ein skitnare trend, med rette eller urette. Den har vart lenge, den utspelar seg på meir eller mindre finslipt vis, slik trendar i tida har det med å gjera. Ein trend som velmeint nok skulle la deg som ser på bli betre kjent med eit menneske. Alt frå det som gjer ein nokså grå politikar til litt meir menneske, til gjennom-regisserte samtalar med superkjendisar, som veit akkurat kva dei byr på. Baksida av det heile er når nærbildet av eit tåreblankt blikk blir det dramatiske høgdepunktet, der intervjuet er på sitt sterkaste, triumfen eit faktum og tårene eit mål i seg sjølv. Jo lenger inn i privatlivet du klarer trengja, jo betre er intervjuet.

For meg er Fredrik Skavlan sjangerens fødselshjelpar og tilretteleggjar. Mens Anne Lindmo har blitt skikkeleg ublyg dronning av den. Og eg kjenner at eg nok er hundre år gammal snart, for eg finn det altså litt skitent. Litt respektlaust.

Motvekt

Anne Lindmo.

På den andre sida – dette er vel ei motvekt til reint dritsekk-tv og dritsekkvideoar? Der alt går ut på å ditcha andre. Drita dei ut, få det til å tippa over for dei, eller klippa saman lite elegante stup, hopp, fall og forsøk. Der vi aldri får vita korleis det gjekk. Det er jo til å le av, det vi ser. Andres tap av verdigheit er til å le av, uansett. At eit menneske kan bli skada, knust, trekkja seg inn i seg sjølv eller bli plassert der av andre, skjer utanfor kamera. Vi får det ikkje med oss. Det angår oss ikkje.

Det går ikkje heilt opp for meg, likevel. For hos Lindmo har delinga av private sår, tap og smerter blitt inngangsbilletten for ein artist som er klar med nytt prosjekt, ny bok, ny låt. Som om det ikkje er interessant nok, forståeleg nok, eller sterkt nok, berre å snakka om det han eller ho kan aller mest om. Det må knytast til levd liv, om aldri så privat.

Vi klarer vel å forstå, utan det? Vi klarer vel å leva oss inn i det vi ser og høyrer og les, utan det? Forstå at ting ikkje er heilt som det gir seg ut for å vera, utan det?

Bøker, filmar, musikk og teater kan nettopp rykka oss ut av det verkelege livet. Til ein annan stad. Der ein kan få koma tett innpå andre menneskes liv og tankar, finna trøyst, kjenna seg igjen, eller forstå. Bli nøydd til å tenkja om igjen, nøydd til også å forstå handlingar vi avskyr.

Vi kan bli litt slitne, viss alt må over i levd liv for å telja med. For kunstnarane må det bli ganske travelt. Og vi blir definitivt fattigare viss tåreblanke blikk i skriftestolen hos Lindmo blir sjølve poenget.

Les også

  1. Psykisk sjukdom er ikkje tabu å vera open om når ein er frisk. Men det er det jo ikkje alltid ein er.

  2. På topp i krenkehysteri

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. – Det gjer vondt å falla mellom to stolar. Særleg for den som er sjuk

  2. – Det er ikkje sikkert at vi som strengt tatt har mykje frå før, treng å få endå meir. Men det blir fort slik, likevel

  3. – Å, NRK! De må tola å få eit blåmerke eller to!

  4. – I det skjøre, politiske fellesskapet som oppstod etter 22. juli burde det nå vera høgresida sin tur til å gå opp og dra. Frp kan begynna.

  5. – Det der snakket om psykisk helse først? Fislete greier, Høie.

  6. – Kva hjelper det å fortelja historia til Artin?

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Fredrik Skavlan
  3. Anne Lindmo
  4. Odd Nordstoga
  5. Jo Nesbø