Korona-året er ein stresstest på det liberale fellesskapet

GJESTEKOMMENTAR: Politikarar som folkeoppdragarar høyrer heime i ei anna tid, men Erna Solberg og Bent Høie har dette året stadig gått inn i ei slik patriarkalsk politikarrolle.

Dette året har Erna Solberg og Bent Høie vore som tidlegare tiders folkeoppdragande politikarer – innimellom med humor, som denne orwellianske referansen til autoritære og undertrykkjande regime. Foto: Heiko Junge, NTB

  • Svein Erik Tuastad
    Svein Erik Tuastad
    Statsvitar og dr. polit., Universitetet i Stavanger
Publisert: Publisert:

Når Bent Høie og Erna Solberg fortel oss kor mange vi skal få ha på besøk i jula, og kor tett dei får sitte inntil kvarandre, har svaret vore «amen». Utilbørleg politisk innblanding i privatlivet har gått over til å bli kjærkomne råd. Slik har pandemien snudd opp ned på relasjonen mellom individ og stat.

Men er det individualiserte samfunnet rusta for sjølvoppofrande politikk?

Tilbake til samfunnskontrakten

Vi er vande med at det skal vere særs gode grunnar for offentlege inngrep i privatlivet. Så står vi der brått, frå den eine dagen til den andre, i ein situasjon der vår grunnleggjande tryggleik står på spel. Då er det gode grunnar til å tole inngrep i privatlivet.

Tryggleiken er det mest grunnleggande elementet vi som borgarar har i «kontrakten» med styremaktene, slik som den engelske filosofen Thomas Hobbes peika på i ei bok for godt over 350 år sidan. Gje oss tryggleik, så er vi lojale. Den boka – «Leviathan» – vart eit vendepunkt i vår politiske tenking: Kontrakt-tenkinga til Hobbes vart startskotet for den liberale idétradisjonen.

Kritikken mot liberalismen

Ein av dei viktigaste kritikkane mot den liberale tradisjonen har på ny vorte høgaktuell. Det gjeld spørsmålet om dei individualiserte, liberale fellesskapa av vår type er liv laga. I den politiske teorien har kritikarar innanfor kommunitarismen hevda at utan ein felles religion, nasjonalisme eller eit anna samlande fellesprosjekt, vil folk ikkje bry seg nok om andre utanfor den nære kretsen. Rettsegoismen vil spreie seg; båten ber ikkje når den liberale fellesskapspolitikken vert fylt med tyngre last. I dette samfunnet vil mentaliteten heller vere å gå til rettssak mot reguleringane enn å stille opp i koronadugnaden. Og som eit apropos går no 1000 norske hytteeigarar med hytte i Sverige til rettssak mot den norske staten.

Vitnar hytteeigar-rettssaka om eit tynnslite grunnlag for ein politikk som krev noko? Koronaåret vert ein stresstest på kor mykje berekraft det liberale fellesskapet har i seg.

Noreg er eit liberalt samfunn

I den store og opent tilgjengelege verdiundersøkinga World Value Survey kan vi samanlikne folk sine haldningar i ei rekkje land. Om vi ser på indeksen for personlege fridomsverdiar, skårar Noreg om lag dobbelt så høgt som USA. Det same gjeld om vi set skandinaviske land opp mot USA på spørsmål om haldningar til homofili, abort eller skilsmisse og inkluderer politikken på desse områda også.

Dette korresponderer med funna i ein ny studie frå den norske statsvitaren Anders Todal Jenssen. Statsvitarane Pippa Norris og Ronald Inglehart har identifisert det dei kallar eit kulturelt tilbakeslag og mindre liberalitet i USA. Todal Jenssen undersøker kulturelt tilbakeslag-hypotesen for Noreg. På eit vis vart den norske kulturelle revolusjonen fullført for fleire tiår sidan. Toget har gått for eit eventuelt tilbakeslag her. Vi kan slå fast at Noreg er ei liberalt samfunn.

Opptrer lojalt

Stiller då alle desse anti-autoritære individualistane opp utan å mukke når restriksjonar vert strenge? Korona-undersøkingar tyder, trass nedgang, på stor grad av lojalitet til dei politiske og faglege råda. Medan 90 prosent av oss følgde alle smittevern-råda i mars, var oppslutninga om dei 76 prosent i oktober.

Mest utsett for smitte er storbyane der folk bur tett. Etter nye, strenge restriksjonar i Oslo vart talet på nye smitta på nær halvert frå veke 42 til 46. Byrådsleiar i Oslo Raymond Johansen meinte det hang saman med at Oslo-folk hadde vore veldig gode til å følgje reglane.

Reguleringa skjer mest via råd og oppfordringar. Billettbestillinga for reiser heim til jul eksploderte då regjeringa endra reiseråda slik at å reise heim til jul vart «nødvendig heimreise». Reguleringa verkar: Folk flest er lojale.

Dei nye patriarkane

Politikarar som folkeoppdragarar høyrer heime i ei anna tid, men Erna Solberg og Bent Høie har dette året stadig gått inn i ei slik patriarkalsk politikarrolle. Det er verdt å merke seg at dei i regelen då har stått på liberal grunn ved å ha lovdekning og ved å grunngje politikken med ekspertråd.

Dei har feila – også politisk – dei gongene det rettslege og faglege grunnlaget har vore uklart. Slik sett er det rett og rimeleg at hytteeigarane ønsker ei rettsleg prøving.

Samstundes er det verdt å minne om at styresmaktene står i ein svært krevjande situasjon med høg handlingstvang, jamfør samfunnskontrakten. Vert råda for diffuse og detaljerte, vert dei mindre effektive.

Skrekk og gru: Sat tett saman i sofa!

Foto: Skjermdump frå nrk.no/vestland

Nyleg delte ein bladfyk ei melding i sosiale medium frå «Krim og hendingar i Vestland» frå NRK Vestland si nettside. Etter festbråk i Bergen vart ni politimelde. «Dei sat tett saman i ein sofa», ifølgje operasjonsleiaren i politiet.

Vi kunne tenkt at å slå ned på slike brotsverk vitna om autoritære tendensar. Men når politiet i eit anti-autoritært samfunn handhevar tett sofa-sitting som korona-brotsverk, er det motsett.

Det er snarare eit teikn på den liberale fellesskapspolitikken sin underlege styrke.

Les også

  1. – Er egen pc et grunnleggende behov som sosialhjelp også bør kunne dekke?

  2. «Opp av sofaen! No!»

  3. Dette må du vite hvis du skal reise hjem til jul

  4. Dropp innom for Deilig er jorden, eller syng utendørs i Kirkeparken

Publisert:
  1. Gjestekommentar
  2. Svein Erik Tuastad
  3. Politikk
  4. Koronaviruset
  5. Samfunnssikkerhet

Mest lest akkurat nå

  1. Såpeglatte veier i distriktet: – Alt mannskap er ute

  2. Fortsatt anbefaling om å unngå besøk

  3. Emilie (22) skulle ut for å kjøpe Pepsi Max, havnet i Oslo

  4. Sandnes, Sola og Randaberg letter delvis på koronatiltakene

  5. Alle ansatte ved pandemi­posten på SUS må i karantene

  6. Smitte i to barnehager i Stavanger