Vi flokkar oss for lett

KOMMENTAR: Stortingspolitikar Christian Tybring-Gjedde (Frp) meiner media ikkje er gode på meiningsmangfald. Det trur eg han har rett i. Vi flokkar oss for lett. Rundt folkevalde som han.

Statsminister Erna Solberg (H) etter ein munnleg spørjetime på Stortinget. Ho svarte på spørsmål om ho ville beklaga overfor Black Box og folka bak stykket «Ways of Seeing». Foto: Gorm Kallestad, NTB

  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:

«Men du er jo gift med justisministeren, han kan gjøre MASSE med dette!!!» Det er ein av statssekretærane i Solberg-regjeringa som utbryt dette – Ingvil Smines Tybring-Gjedde (Frp).

Vi er i slutten av november i 2018. Laila Anita Bertheussen, sambuaren til dåverande justisminister Tor Mikkel Wara, er opprørt over at teaterregissør Pia Maria Roll har «outa» henne i Dagsnytt 18 som den som stod og filma førestillinga «Ways of seeing».

Frå før var Bertheussen opprørt over at «Ways of seeing» brukte bilde av huset hennar som del av scenografien. Bilde av huset til paret Ingvil Smines Tybring-Gjedde og ektemannen, stortingsrepresentant Christian Tybring-Gjedde, er også brukt. (Det siste viser seg seinare å vera feil hus.)

Makta

«Blackbox Teater legitimerer sitt hat mot nordmenn gjennom en absurd statsfinansiert teaterforestilling», slo stortingsrepresentant Christian Tybring-Gjedde fast på si Facebook-side alt 25. november. «De som står opp for Norge og advarer mot islamsk fascisme skal tvinges til taushet under dekke av kunstnerisk frihet.»

Han legg til at profilbildet av ei av kunstnarane, Sara Baban, viser henne med eit maskingevær på ryggen. Noko som ikkje stemmer. Innlegget ligg der likevel ennå.

Så lenkar han til eit intervju som HRS, ved Rita Karlsen, har gjort med Ingvil Smines Tybring-Gjedde, altså kona hans. «Dette er farlig», slår statssekretæren fast, og fortel at ho har tatt saka vidare i det politiske apparatet.

«Jeg ble den farlige innvandreren, en som kom inn fra utsiden, som hatar nordmenn og har våpen. Da tok det fyr», seier Sara Baban til DN (for abonnentar), nesten to år seinare. Sms-truslar av typen «vi vet hvor du bor» fekk henne til å flytta til ei venninne. Ho blei samanlikna med Quisling, ho skulle deporterast og det som verre var.

Dragkampen

Regissør Pia Maria Roll seier i debatten på Dagsnytt 18 den novemberdagen i 2018 at det finst ein samanheng her, at politikarane spelar opp mot rasistiske element i kommentarfelta, som igjen fører til truslar mot enkeltmenneske.

Mens stortingsrepresentant Morten Wold (Frp) meiner at teateret hengjer ut respektable borgarar og medlemmer av regjeringa. Han meiner det er vondsinna og ikkje akseptabelt, og heilt utruleg at ein kan bli utsett for dette fordi ein har ei anna oppfatning om eit tema. Frp kjenner seg forfølgde på bakgrunn av meiningane sine. Ikkje kritiserte, rettmessig eller ikkje, fordi dei faktisk er blant dei mektige som styrer landet.

1. desember publiserer VG kronikken «De kaller det kunst, jeg kaller det en grov invasjon av mitt privatliv» av Laila Anita Bertheussen. Med hjelp av fleire, blant andre Rita Karlsen i HRS.

Kronikken er rørande. I denne første tida, lenge før PST siktar Bertheussen, går sympatien i vårt offentlege rom i stor grad til dette mennesket som ufrivillig såg seg og heimen sin trekt inn i ei teaterførestilling. Eg trur den forteljinga gav gjenklang i mange av oss: Avmakta når andre overtar forteljinga om ditt liv. Og du har ingenting du skulle ha sagt.

Eg trur også at mange av oss som jobbar i media, står nærare politikarar flest enn vi gjer ei handfull kunstnarar langt ute på den politiske venstresida. Vi set det høgt at politikarane er så tilgjengelege, vi tenkjer det er bra for demokratiet. Og ser det nødvendige i at også dei får ha private rom å vera i fred i.

Målestokken

Kunstnarane fekk lite støtte. Målestokken for kva dette var, fekk det mest opprørte privatmennesket og dei mest opprørte politikarane setja opp.

Dette burde fleire av oss ha sett. Sjølvsagt uavhengig av kor sympatien låg. For det gjekk over alle støvelskaft. Bertheussen melder dei – kunstnarane altså – etter kvart til politiet for å ha krenka privatlivets fred. Saka blei først lagt bort, så tatt opp att, kunstnarane blei sikta, og Oslo-politiet bad om lov til å ransaka kontora og heimane deira. Retten sa nei, politiet anka.

Og statsminister Solberg retta peikefingeren mot kunstnarane og bad dei forstå og ta ansvar for kva dei gjorde når dei trekte familien til politikarar inn i søkjelyset. Oslo Frp ville stoppa pengestøtta til Black Box teater, som sette opp «Ways of seeing.»

Statssekretær og etter kvart statsråd i Solberg-regjeringa, Ingvil Smines Tybring-Gjedde, trur ikkje det gjer noko at HRS og Document.no koplar «rasisit»-tagginga på Waras hus opp mot teaterstykket. Ho håpar justisministeren får statsadvokaten til å vurdera alle juridiske aspekt ved filminga til teatergruppa, ho meiner det må få konsekvensar for jobben til biskop Kari Veiteberg, når ho i eit Facebook-innlegg oppfordrar folk til å sjå førestillinga.

Den då nyleg avgåtte statssekretæren, Lina Miriam Sandberg (Frp), kan opplysa om at dei er mange som jobbar i det skjulte for å støtta Bertheussen mot biskopen, ho slår fast at regjeringa kan ta pengestøtta fra Black Box, om dei vil, og meiner seinare at å teppebomba kulturminister Trine Skei Grande med sms-ar ville vera effektivt.

Dei mektigaste blant oss diskuterte kva verkemiddel dei kunne bruka for å stilna og straffa tre–fire kunstnarar. Dei trekte i trådar, men vil ikkje svara på kva deira eigne utspel kan føra til for kunstnarane. Dei har ingen målestokk for forskjellen i makt mellom eit regjeringsmedlem eller ein stortingsrepresentant og frie kunstnarar som driv med politisk teater.

Det er dette eg ikkje klarer leggja frå meg.

Står vi politikarane så nært her i landet at både vi og dei mister av syne kor mykje makt dei faktisk har?

Les også

  1. – Dommen går nitid gjennom hending etter hending, og finn ikkje rimeleg tvil

  2. Mektige ytringar

  3. «Listhaug har denne gongen kalla ein spade for ein spade. Dette er gjeldande norsk politikk.»

  4. – Vanlege arbeidsfolk blir mindre og mindre synlege i mediebildet. Det kan bli farleg snevert.

  5. Laila Anita Bertheussen dømt til fengsel i et år og åtte måneder

Publisert:
  1. Ingvil Smines Tybring-Gjedde
  2. Morten Wold
  3. Tor Mikkel Wara
  4. Christian Tybring-Gjedde
  5. Laila Bertheussen

Mest lest akkurat nå

  1. Trener måtte beklage Haaland-prat: – Dumt

  2. Hanne Sørvaag har fått ny jobb

  3. «Koronaåret» 2020 ser ut til å ha påvirket ungdommenes valg av utdanning

  4. Solid boligprisoppgang på Nord-Jæren

  5. FHI: Smittespredning økende i februar – R-tallet steg til 1,3 forrige uke

  6. Det er to grunner til at hjemme­kontoret gir deg smerter i nakke og rygg: Slik blir du kvitt plagene