Det vanskelege oppgjeret etter terrorangrepa 22. juli

GJESTEKOMMENTAR: Det kom aldri eit oppgjer med tankegodset bak 22. juli, meiner AUF. Men å få til eit slikt oppgjer er lettare sagt enn gjort.

Kransen som Ap-leiar Jonas Gahr Støre og AUF-leiar Astrid Hoem la ned ved 22. juli-minnesmerket i regjeringskvartalet 1. mai i år.
  • Svein Erik Tuastad
    Svein Erik Tuastad
    Statsvitar og dr. polit., Universitetet i Stavanger
Publisert: Publisert:

Når vi no nærmar oss 10-årsmarkeringa for 22. juli, oppstår eit nytt høve til å diskutere ømtolege tema på ein opnare måte. Det er synd at jussprofessor Ole Gjems-Onstad i sin famøse kronikk i Aftenbladet 6. mai køyrde dei viktige tema han tok opp i grøfta med det eg oppfattar som ein kynisk og lite tillitverdig stil.

Vanskelege spørsmål AUF har stilt om debatten om 22. juli er for viktige til å hamne i skuggen som følgje av slike feiltrinn. Dei bør frå-koplast Gjems-Onstad og viast merksemd.

AUF ønskjer i sin kritikk å kople saman høgrepopulistisk tenking og høgreekstremisme, og dei vil ha nedsett ein offentleg ekstremismekommisjon. Sjølv er eg usikker på kor lurt dette er.

Oppgjeret som aldri kom

I «Arbeidarpartiet og 22. juli», den nye boka til historikaren Hallvard Notaker, identifiserer Notaker to måtar å gripe an 22. juli politisk:

Den eine måten var den som samla nasjonen, med rosetoga og vekt på samhald. Alle med demokratisk sinnelag vart inkluderte; motsetninga var mellom dei demokratisk innstilte og dei som truga demokratiet.

Problemet var at då vart det vanskeleg å ta eit breiare oppgjer med konspiratorisk eller halvrasistisk retorikk som mange meinte var jordsmonn for høgreekstremismen.

Denne andre politiske strategien, der koplinga mellom høgrepopulisme og høgreekstremisme var det sentrale, var likevel meir risikabel. Den ville fort kunne utarte til urimelege åtak på til dømes Framstegspartiet.

Notaker slår fast at Arbeidarpartiet valde den varsame strategien – statsminister Stoltenberg stagga partisekretær Raymond Johansen, som ville ha eit tøffare oppgjer. Valkampen i 2011 vart ein valkamp på gummisolar, konstaterer Notaker. Det varsla oppgjeret var det ingen som høyrde.

AUF fortener å få ein debatt. Men dei har naturlegvis ikkje einerett på svara.

Å gje slepp på berøringsangsten

Mot denne bakgrunnen har det vore ei kjensle i AUF og deler av Arbeidarpartiet at debatten om 22. juli har vore mangelfull, og at ein har gått for langt i ikkje å ville støyte nokon. Oppgjeret kom aldri på grunn av berøringsangst. Men no bør det komme, er haldninga.

Då boka «Aldri tie, aldri glemme» om 22. juli nyleg vart lansert, uttrykte AUF-leiar Astrid Hoem seg slik: «Vi i AUF ønsker sammen med arbeiderbevegelsen å gjøre vårt for at vi endelig skal bli kvitt den kollektive berøringsangsten. Vi håper boka derfor inviterer til en bred debatt om tankegodset og det politiske oppgjøret etter 22. juli.»

Fleire av bidraga i «Aldri tie, aldri glemme» signaliserer at oppgjeret med høgreekstremismen også må omfatte debattklimaet og ein tøffare tone mot innvandringsfiendtlege ytringar. I boka skriv Ina Libak, AUF-leiar frå 2018 til 2020, dette: «Det finnes ikke en perfekt tid for å ha vanskelige offentlige samtaler om hvordan hatefulle ord og konspirasjonsteorier kan føre til vold og drap hvis de blir stående uimotsagt.»

Ho nemner konkrete tiltak for å stogge muslimhat, og at offentleg pengestøtte til den islamkritiske organisasjonen Human Rights Service bør opphøyre.

AUF fortener å få ein debatt. Men dei har naturlegvis ikkje einerett på svara.

AUF-leiar Astrid Hoem og Ap-leiar Jonas Gahr Støre diskuterte 22. juli under det digitale Ap-landsmøtet 16. april.

Er ein ekstremisme-kommisjon så lurt?

Etter framlegg frå AUF og Akershus Ap vedtok Ap sitt landsmøte i april at dei ønskjer at det vert sett ned ein ekstremismekommisjon som skal granske årsaker til at ekstremisme og radikalisering oppstår.

Eg meiner at ein slik kommisjon ikkje nødvendigvis er ein god idé. For det første er det alt etablert store forskingsprogram om ekstremisme. C-REX – Senter for ekstremismeforsking (UiO), har ei rekke forskingstema som handlar om å finne ut kvifor ekstremisme og radikalisering oppstår og kva som er god førebygging. Spørsmålet er om det ikkje er betre å styrke den eksisterande forskinga snarare enn å setje ned ein kommisjon.

Dersom det var ei spesifikk hending som skulle kartleggast, ville ein kommisjon kunne vere eigna. Men det er noko anna å finne fasitsvaret på kvifor nokon blir terroristar. Somme spørsmål er så komplekse og samansette at det er vanskeleg å finne endelege svar på dei, jamvel om forsking stadig gir nye innsikter.

Det er også lettare sagt enn gjort å skulle ta eit oppgjer med tankegodset bak 22. juli. For kva er det? Dei klare overtrampa er ein ting. Men kva som er illegitime ytringar, er likevel ikkje opplagt. Det må jo vere lov å vere kraftfullt imot innvandringspolitikken utan å verte assosiert med høgreekstremisme.

Å sikre den gode samtalen

Det oppgjeret som AUF ser for seg, har to sider. Det eine er det kontinuerlege og viktige oppgjeret med hat, rasisme og konspirasjonsteoriar. Men i tillegg gjer 10-årsmarkeringa av 22. juli det naturleg med ein overordna politisk debatt. Den bør hevast over partistriden.

Når politikarar ikkje må forsvare partistandpunkt, men kan reflektere opent, er det slåande kor innsiktsfulle dei kan vere. Kanskje kan ein møteserie organisert av partia sjølve, saman med medieinstitusjonar, etter valkampen gje oss dei kloke, felles samtalane alvoret i denne saka krev.

Les også

Solveig G. Sandelson: «Det rosehavet gøymde»

Debattinnlegg etter Ole Gjems-Onstad sin kronikk:

Aftenbladet mener: «Prinsipielt sett må vi tåle meningene hans. Heldigvis kom det mange gode tilsvar.»

Publisert:
  1. 22. juli
  2. AUF
  3. Arbeiderpartiet (Ap)
  4. Gjestekommentar
  5. Svein Erik Tuastad

Mest lest akkurat nå

  1. En komplett skan­dale i Sirdal

  2. Mann siktet for drap og grov kroppsskade etter Nav-knivstikkingen

  3. Siktede i avhør etter drapet på Nav-ansatt

  4. Kvinne i 50-årene drept: Nav-ansatte ble angrepet i avtalt møte med bruker

  5. Fra 2019 til 2020 økte den totale mengden med 30 kilo per innbygger

  6. Her åpner en ny Dolly Dimples med musikk­pub