Verdidebatten: Kven er vi?

GJESTEKOMMENTAR: Statsfolk og politikarar veit at det kollektive «vi» står i konstant fare for å gå i oppløysing, og difor prøver dei stadig å fortelja seg sjølv og oss kven vi er.

"Me lever i ei anna verd, totalt framand for dei som først forma nasjonen," skriv Eirik M. Fuglestad. Bildet er frå kransenedlegging på Eiganes gravlund 17. mai 2015.
  • Eirik Magnus Fuglestad
    Eirik Magnus Fuglestad
    PhD i sosiologi, master i nasjonalismestudiar
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Kven er vi, eigentleg? Vi som bur i dette landet? Finst det i det heile tatt eit «vi»? Desse spørsmåla dukkar opp med jamne mellomrom, no nyleg hjå kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) og Sps nestleiar Ola Borten Moe.
Nasjonen er evig gammal seier nokon, den blir liksom aldri ny. Den har alltid vore gammal, og vil alltid vera det. Sjølv i 1814 – då det nasjonale på alle måtar var nytt – tenkte ein seg at Noreg og det norske var noko gammalt. Det norske var vikingtid og mellomalderkongedømmet, dette var det opphavlege norske. Og så odelsbonden då, sjølvsagt. Men kan nasjonen også vera evig ny?

Eksklusivt kristent

No har Helleland og Borten Moe bestemt seg for at å vera norsk, det er å vera for demokrati og rettferd og kristendom. Som Helleland sa til VG: «Det å være pilegrim nå er å forstå de norske verdiene, demokrati, ytringsfriheten, rettferdigheten, men også nestekjærligheten». Men i 1814 var det få som snakka om desse tinga som norske; menneskerettane var ikkje «oppfunne» ennå, og folkedemokrati var ein uting som ein for alt i verda måtte unngå. Noko nytt har altså kome til.

Les også

Støre: Helt feil at norske verdier er under angrep

Som kjent tok ein rett nok kristendommen inn i den norske grunnlova av 1814, så det norske var også det kristne. Ganske eksklusivt kristent, protestantisk til og med, då både jødar og jesuittar var forbodne i riket. Ein viktig grunn for denne utelukkinga var at ein tenkte seg at jødane og jesuittane ikkje var eigna til å ta del i eit større statleg fellesskap fordi dei var lukka grupper, eller bundne saman av tette familieband. «Grunnlovas far» Christian Magnus Falsen, tenkte mellom anna slik.

Ei slik tenking kan koblast opp mot den tyske sosiologen Ferdinand Toennis sitt skilje mellom Gemeinschaftc og Gesellschaft. Det første siktar til sosiale grupper som er haldne saman av personlege band og samhandling, det andre til samfunn haldne saman av meir byråkratiske upersonlege band og formelle reglar. Nasjonalstaten høyrer til det siste.

Lagkjensla

Fordi nasjonalstaten er eit stort upersonleg fellesskap, må ein «førestilla» seg sams band og sams historie, for å seie det med den kjende nasjonalismeforskaren Benedikt Anderson. Nasjonen, seier han, er eit «førestilt fellesskap». Det vil ikkje seia at det er funne opp eller fabrikkert, men for at ein nasjon skal kunna finnast, krevst det at dei som er nasjonen har eit sams medvit og ei kjensle av å høyra i lag med millionar av menneske som ein aldri har møtt, og aldri vil møta. Det er av denne grunn at nasjonen må ha eit felles «vi». Utan ei forståing av eit felles «vi», med eit sett reglar og normer, fell samfunnet saman.

Dette har Helleland, Borten Moe og alle dei andre som stadig kaukar og ber seg over at Noreg vert avkristna forstått. Men spørsmålet er korleis en skal definera og oppretthalda eit «vi». Ein kan sjølvsagt ta same vegen som grunnlovsfedrane gjorde – nemleg å utelukka og utdefinera visse grupper som angiveleg bryt ned vår Gesellschaft. Det er denne vegen Helleland og Borten Moe er på, skjønt det er regjeringspartnaren til Helleland, Sylvi Listhaug – ho med krossen kring halsen og eldhugen i augo – som verkeleg går hardast inn på denne linja.

Ein lite farbar veg

Men denne vegen har historisk vist seg å vera lite farbar. Den nasjonsbygginga som historisk har vore mest vellykka og minst valdeleg har handla om opning, integrering og endring. Den har halde spørsmålet ope om kven «vi» er. Det er ikkje dei konservative fascistnasjonalismane frå mellomkrigstida ein vil halda fram som ideal for ein nasjon, ei heller den nådelaust strenge kristne nasjonalismen i Serbia på 1990-talet. Heller ikkje den norske utelukkinga av samane. Alt dette utan vidare samanlikning med politikarane våre, sjølvsagt. Poenget er, nasjonal identitet bør ikkje vera definert ut frå tronge kulturelle livssynspraksisar.

Les også

Ting å vera kry av

Dei fleste nasjonar har historisk vist seg å vera forbløffande opne og multikulturelle, sjølv om ein skulle tru det var motsett. Dei mest vellukka nasjonsbyggingsprosessane har handsamast med minoritetar og nye impulsar på ein integrerande og inkluderande måte. Det er då det har vorte fred, likskap og fridom. Ein har skapa eit vi på ope grunnlag.

Opna og endra

I 1814 var Noreg eit lukka og lite tolerant kristent demokrati for dei som eigde jord.

Den norske historia vitnar også om dette. I 1814 var Noreg eit lukka og lite tolerant kristent demokrati for dei som eigde jord. Vårt liberale, frie og fredelege samfunn av i dag kan ikkje tilskrivast at vi hardnakka har teke vare på dette, men heller at vi gradvis har opna og endra. Noko av det einaste som har vore konstant sidan 1814 er kanskje den ytre ramma som rettsstaten har sett.

Når nordmenn den 17. mai, ved Vår Frelsers Gravlund i 2017, helsar Wergeland og andre fordums store menn og kvinner, så spør desse fordums menn og kvinner – i mild men undrande skrekk – «kven er de, eigentleg?» Slik har éin historikar fabulert. Implikasjonen er: me lever i ei anna verd, totalt framand for dei som først forma nasjonen. Dei kjenner ikkje att Noreg og nordmennene i dag. Vi som står der kan likevel svara stolt, «vi er nordmennene». Nasjonen er ikkje berre evig gammal, men også evig ny.

Publisert:
  1. Ola Borten Moe
  2. Linda Hofstad Helleland
  3. Demokrati
  4. Eirik Magnus Fuglestad

Mest lest akkurat nå

  1. Viking serverte ellevill fest – opp på bronseplass

  2. Ingve Bøe fulgte kampen

  3. – Sto frem da LSK meldte seg inn i kampen

  4. Ville jubelscener på overtid - stormet banen i ekstase

  5. Oilers avgjør i tomt bur!

  6. Sandnes sin feiring av gjen­åpningen nærmer seg høyde­punktet