– Det finst ingen kvikk-fiks mot barnefattigdom

KOMMENTAR: Kari Nessa Nordtun (Ap) vil be rådmannen i Stavanger få slutt på barnefattigdom. Sånn over bordet.

Publisert: Publisert:

Kari Nessa nordtun, Aps gruppeleiar i Stavanger, har stor tru på rådmannen. Foto: Kristian Jacobsen

  • Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Sist veke føreslo Kari Nessa Nordtun (Ap) at bystyret i Stavanger ber rådmannen leggja fram ei sak om korleis den aukande barnefattigdommen kan stansast og reverserast.

Ingen kvikk-fiks

Skal ein avskaffa barnefattigdom og alt den fører med seg – for den fører mykje med seg, snakkar vi både om helse-, skule-, familie-, trygde- og arbeidspolitikk. Minst.

Det betyr ikkje at eit rikt samfunn som vårt dermed har gode nok unnskyldningar for at vi ikkje klarer å få ned talet på låginntektsfamiliar, verken i Stavanger eller i resten av landet. Men det finst ingen kvikk-fiks. Og ein kan heller ikkje bare fastslå at auken nok skuldast at Ap i Stavanger ikkje lenger er i posisjon, slik gruppeleiar Nessa Nordtun gjorde. Det er å slå billeg politisk mynt på eit veksande problem.

Les også

Ampert om barnefattigdom i Stavanger bystyre

Alle vil vera einige i at eitt fattig barn er eitt for mye

Alle vil vera einige i at eitt fattig barn er eitt for mye, at barnets beste er ein ambisjon samfunnet bør halda høgt, og at ein trygg og god oppvekst for alle barn må vera målet.
Men når politiske målsettingar blir til slike slagord, skriv statsvitar Kåre Hagen i Oppvekstrapporten 2017, snakkar vi ofte om eit gjenstridig problem: Slagorda er så gode at ingen kan vera i mot dei, samtidig som det er uklart kva ein då heilt konkret er for.
Skal ein innfri slike målsettingar, krev det ekstremt høgt nivå av informasjon og samvirke frå alle som kan tenkjast å kunna påverka sluttresultatet.Stadig i følgje statsvitar Hagen.

Når forskjellar aukar

Du hamnar i definisjonen låginntektsfamilie dersom familien har ei samla inntekt som bare når opp til 60 prosent av det folk flest har (medianinntekt).

I 2001 gjaldt dette 3,3 prosent av barna i Norge, i 2015 for 10 prosent. Dei fleste av oss auka inntekta betydeleg desse åra. Andre klarer ikkje halda følgje.
Småbarnsfamiliar, einslege forsørgjarar og innvandrarar utgjer store delar av låginntektsgruppa.
Når forskjellane aukar i eit samfunn, fører det blant anna til at folk stolar mindre på kvarandre, valdsbruken aukar, og den sosiale mobiliteten går ned. Barn som veks opp i ein familie med låg inntekt over lang tid, står i fare for aldri å koma ut av det, sjølv som vaksne. Dei står i fare for å gjera det dårlegare på skulen, få eit mindre sosialt nettverk, delta mindre i aktivitetar, og er meir utsette for mobbing.

Å gi barn ein trygg og god oppvekst er ikkje bare viktig for barna sjølv, det er også viktig for å halda velferdsstaten gåande. Vi treng at flest muleg som vaksne kan bidra, i arbeid, i politikk, i det sivile samfunnet.

Det sikraste kortet mot barnefattigdom, er at mor og far har jobb

Arbeid og støtte

Det sikraste kortet mot barnefattigdom, er at mor og far har jobb. Det er heilt uslåeleg.
Vi har også offentlege ordningar som skal minska gapet, og gjera det muleg for alle å leva eit verdig liv, også om du er sjuk, eller av andre grunnar heilt eller delvis utan arbeidsinntekt. Viss Kari Nessa Nordtun vil gjera det av med barnefattigdom, kunne ein setja opp eit reknestykke der ein ganske enkelt overfører så mykje pengar til låginntektsfamiliar at ein utjamnar forskjellen heilt.

Men det vil fort halda folk fast i ei fattigdomsfelle. For då løner det seg ikkje lenger å ha ein dårleg betalt jobb, og ein blir avhengig av offentleg pengestøtte. Økonomen Kalle Moene viser til at ei slik støtte bare vil fortsetja så lenge den utvalde gruppa har sympati hos folk flest. Mister dei sympatien, slik det skjedde med einslege mødre i USA på 60-talet, mister dei støtta.

Moene vil heller at vi skal sørgja for at kvar enkelt av oss har sterke nok rettar til at vi ikkje fell utanfor. Han vil difor heller ha husleigeregulering i Oslo, enn bustøtte til dei som ikkje klarer den viltveksande husleiga. Heller skikkeleg barnetrygd til alle, enn til dei utpeika få.
Slike rettar skal sikra at vi ikkje splittar samfunnet for djupt mellom dei som bidrar og dei som tar i mot, og sikra utsette grupper mot å bli avhengige av storsamfunnets sympati.

Samanhengen

Det er for lettvint. Det er altfor lettvint.

Det er ikkje alt dette rådmannen i Stavanger kan få gjort noko med. Sjølv om han skulle få tre millionar kroner med seg som ein start. Så blei også Nessa Nordtuns forslag nedstemt i bystyret.
Stavanger kommune har alt ein plan mot barnefattigdom. Den går stort sett ut på å prøva å dempa følgjene fattigdommen kan få. Det finst eit levekårsløft for Storhaug og snart for Hillevåg, det finst ein pengepott for skular i utsatte område, det finst forslag om å gi det same til barnehagar, blant anna.
"Våre tiltak kan hjelpa situasjonen for fattige, men bare ein ting kan løfta dei ut av fattigdom, og det er arbeid, sa Høgres Erlend Jordal i det same bystyremøtet
Det er riktig. Men alle kjem ikkje til å koma i arbeid.

Les også

Her er Stavangers 18 tiltak mot barnefattigdom

Statsvitar Kåre Hagen meiner vi må få ting til å hengja saman, skal vi løysa eit gjenstridig problem som barnefattigdom. Det må hengja saman mellom yrkesskule og arbeidsliv, mellom innhaldet i barnehagen og svake gruppers behov. Sjølve navet for å sikra barn ein god oppvekst, bør vera skulen, føreslår Hagen. Då må skulen igjen få driva med andre ting enn kvalifisering i lesing, skriving og rekning.

Store sektorar som helse-, skule-, trygde-, arbeids- og inkluderingspolitikk må vita kva dei skal bidra med. Og ikkje alle viktige bidrag vil nødvendigvis slå ut på dei nærmaste åras statistikk, verken på hushaldsinntekter eller på Pisa.

Det er bra at Nessa ikkje slår seg til ro med at barnefattigdommen i byen veks. Men å be rådmannen i Stavanger få slutt på den og alt dens vesen nærmast over bordet i eit bystyremøte? Det er for lettvint. Det er altfor lettvint.

Publisert:

Les også

  1. Sandelson: Nikab-forbod: Plikt til å visa ansikt

  2. Sandelson: Du må aldri bli redd!

  3. Sandelson: Datostempling av barn

Mest lest akkurat nå

  1. Haaland hyller sitt store idol: – Det er vilt. Den mannen er ikke normal

  2. Thorbjørn Lea ble korona­smittet i mars. Slik preges han av sykdommen åtte måneder senere

  3. 65 færre ansatte i skolen: – Vi er alvorlig bekymret

  4. Rolf Kristian Larsen med hovedrolle i filmen om alle norske katastrofers mor: «Nordsjøen»

  5. Tre nye smittetilfeller i Stavanger - ett med ukjent smittekilde

  6. Siste vrak er hentet ut av P-huset på Sola

  1. Oppvekst
  2. Kari Nessa Nordtun
  3. Arbeidsliv
  4. Barnetrygd
  5. Solveig G. Sandelson