Sand og sanninga, klimabobla brast på valdagen

GJESTEKOMMENTAR: Typisk for partia som kunne feire etter valet, er at omsynet til vekst, verdiskaping og arbeidsplassar er vel så viktig som omsynet til natur-, miljø- og klimainteresser.

Valdagen kl. 21.10: Jubel på Rogaland Sp si valvake på Hotel Victoria i Stavanger. Både Geir Pollestad (nærmast) og Lisa Maria Ness Klungland (i grøn kjole) fekk plass i det nye Stortinget.
  • Klaus Mohn
    Klaus Mohn
    Rektor og professor, Universitetet i Stavanger
Publisert: Publisert:

Veka før valet var eg på Sand. Kompetanse og næringsutvikling stod på agendaen for den årlege MOR-konferansen. Mitt innlegg var motivert av at verda i dag står overfor ei stor naturvernutfordring i tillegg til klimautfordringa, som begge må bli reflekterte i utvikling av kompetanse og nytt næringsliv.

Å møte ei stor forsamling ansikt til ansikt i eit flott konferansearrangement var til inspirasjon etter tida me har bak oss. Difor blei eg litt paff over stilla etter innlegget mitt, og i eit blaff kjente eg meg nesten litt åleine. Lite visste eg at akkurat det truleg var tilfellet.

Les også

Harald Birkevold: «Kraften i Ryfylke»

Les også

Debatt: «Er framtida i Suldal grøn eller grå som stein?»

Val er val

Sanninga demra først då stortingsvalet var over. Sjølv om klimasaka var stor i valkampen, så sigra ikkje dei sterkaste klimainteressene. Tvert om. Den insisterande maninga frå Miljøpartiet De Grønne resulterte i ein rett venstre frå veljarmassen, som sende partiet rett under sperregrensa. Det litle partiet som i eigne auge tek klimautfordringa mest på alvor, enda dermed opp som ein tapar i årets stortingsval. Fjellet fødde ei mus.

Ved urnene på valdagen valde mange av dei som tek lite plass i media, ei meir moderat linje. Ein stille majoritet stemte på parti som legg vekt på kvardagsinteresser som helse, utdanning, velferd og distriktspolitikk. Som vil ha barnehageplassar, betre vegar og bensinprisar til å leve med. Som vil ha ein meir aktiv næringspolitikk, med vekt på sysselsetting og busetnad i heile landet. Typisk for partia som kunne feire etter valet, er at omsynet til vekst, verdiskaping og arbeidsplassar er vel så viktig som omsynet til natur-, miljø- og klimainteresser.

MDG-leiar Une Bastholm smilte ikke breitt under partileiardebatten i vandrehallen på Stortinget som avslutta valkvelden.

At klimasaka blei stor under valkampen, skuldast truleg at krise­maksimeringa frå MDG nøra ein konflikt som vart haussa vidare opp av pressa i konkurransen om merksemd og klikk. Spesielt gjaldt dette i byane, med Oslo i spissen. Nett som eg gjekk fleirtalet av journalistar og avislesarar i baret og bomma på kva som rørte seg i viktigare delar av veljarmassen. Som til dømes blant dei eg møtte på Sand. Folk som ikkje bur i byane, som er meir opptekne av det nære enn av det fjerne, som er praktiske og pragmatiske – og som mest av alt vil ha ein trygg jobb å gå til og ei inntekt å leve av. Dette var vinnarane etter stortingsvalet måndag.

Det store spørsmålet er no kva dette valresultatet vil få å seie for den faktiske politikken. I eit sivilisert sosialdemokrati har me inga omvelting i vente. Mykje vil dermed bli ved det same. Likevel vil me merke at politikken no tek eit steg til venstre. Mest sannsynleg er ei trepartiregjering med Ap, Sp og SV, og dermed er det ei nokså trygt tips at grensesnittet mellom desse partiprogramma vil sette retning for politikken i åra som kjem.

Mykje tydar på at dette vil innebere ein meir aktiv næringspolitikk, der satsingar, investeringar og tiltak i større grad enn før vil bli knytte til spesifikke samfunnsutfordringar. Det er vidare grunn til å tru at den nye regjeringa vil gå lenger enn den førre i å peike ut bestemte teknologiar og næringar som meir viktige enn andre for løysinga av bestemte samfunnsutfordringar. Forankringa av slike resonnement i forskingsbasert kunnskap er i beste fall ustø.

Les også

Harald Birkevold: «Rødgrønn seier, men hva nå?»

Les også

Harald Birkevold: «Støre på stram line»

Ny iver i politikken

Ei ny regjering vil neppe stoppe med å peike ut global oppvarming som ei stor samfunnsutfordring. Med god hjelp frå næringsinteresser, fagrørsla og andre interessegrupper lèt det nemleg til at konkrete område som hydrogensatsing og karbonfangst og lagring, vil bli prioriterte område for staten sitt engasjement i klimapolitikken. Vidare er valet ein siger for dei som meiner at olje- og gassnæringa må spele ei nøkkelrolle i det grøne skiftet. Heile dette tankegodset saknar diverre ei solid forankring i forskingsbasert kunnskap.

Med Sp i regjeringa vil distrikts- og landbruksinteressene stå sterkare enn før. Dermed kan me vente oss oppdemming mot sentralisering, meir sympati med landbruksinteressene, framleis vegbygging og drivstoffprisar til å leve med. Enkelte av desse områda inneber ei spenning mot SV, men distriktsinteressene er sterkare for Sp enn motstanden mot vegbygging i SV, og dette vil truleg sette retninga for region- og distriktspolitikken.

Les også

Jan Zahl: «Blant dei som har stått fremst i kjefte­køen, er dei som nå skal ta over makta»

Utvikling, ikkje avvikling

Eit spørsmål blir dermed kva alt oppstyret rundt klimautfordringa og oljeverksemda vil få å seie for den nye regjeringa sin politikk. Mindre enn mange har trudd, er nok svaret. I ord vil omstilling og klimapolitikk framleis bli viktig, men sentrale premissar vil no bli prega av næringsinteresser, distriktsinteresser og ikkje minst av fagrørsla.

MDG kan dermed skyte ei kvit pil etter både sluttdato og leitestans. Forslaget til nytt skattesystem vil i store trekk bli innført, men samla sett vil nok andre forhold enn nasjonale reguleringar og rammevilkår eventuelt legge ein dempar på aktiviteten i olje- og gassnæringa.

I sluttsatsen min frå Sand står eg likevel framleis på trygg grunn. Her reflekterte eg rundt rolla for universiteta i eit samfunn i stadig endring. Gjennom skifte i regjering og politikk er det vår oppgåve å halde kvalitet og relevans ved lag i forsking, utdanning, innovasjon og samfunnskontakt. Med integritet og autonomi skal me sikre forsyninga av ubunden kunnskap, slik at viktige avvegingar blir best mogleg opplyst – i politikken, i offentleg forvaltning og i næringslivet.

Det som står fast, er dermed at utvikling av kunnskap blir meir viktig enn nokon gong for å møte dei store samfunnsutfordringane i tida som kjem.

Følg på Twitter: @mohnitor

Les også

  1. Hurra! Pandemien er over!

  2. – Jeg vil starte et parti mot tunnel­arbeid og kant­slått på nattes­tid

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Vant gjørmekamp i Bergen: Den elleville Viking-festen tar aldri slutt

  2. «Framstår som en matchvinner. Leverte en prikkfri kamp»

  3. Oversvømmelser og store vannmengder langs E39

  4. Vil legge til rette for flytende badstuer i Stavanger: – Vi kan lære noe av Oslo

  5. Burton avgjorde for Oilers på overtid

  6. «Meget sterk sannsynlighet for at siktede har begått drapet»