Ernas klare tale

KOMMENTAR: Erna Solbergs klare tale om aldri meir å stola på Putins løfter, vil gå heim hos langt fleire enn dei som er på Høgres landsmøte.

Høgre har landsmøte denne helga. Samla i same sal, for første gong sidan pandemien.
  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:

Erna Solberg tar dillet sjølv. Opnar landsmøtet, frå den nøkterne benken som er til slikt. Klubbar. Helsar til kongeparet. Klubbar. Ønsker spesielt velkomen til tidlegare parlamentariske leiarar. Klubbar. Får godkjent innkalling og dagsorden. Klubbar. Annonserer møtegeneralane. Klubbar, helsar, og set seg.

Det er ikkje sånn i Frp, for eksempel. Siv og Sylvi er ikkje i salen før dei skal tala. Møte-dill drar ned spenninga, andre parti driv meir med sus, musikk, følgje-spot, og annonsering som på ein stadionkonsert. Sannsynlegvis har sånt aldri vore heilt for høgrefolk. Sjølv om det blir musikk, Erna Solberg blir annonsert på musikk når ho nokre minutt seinare skal halda talen sin til landsmøtet, den første på fleire år, med alle samla i same sal.

Skiljet

Det er krig. Det er klart talen begynner der, og det er krystallklar tale:

Putins løfter må aldri stolast på igjen, tida for naivitet i vårt forhold til Russland må vera over ein gong for alle. Vår tryggleik kviler på Nato, ikkje på vår evne til å godsnakka med Russland. Nato-solidariteten må aldri takast for gitt, og der skal Høgre vera det mest solide partiet.

«Freden i Europa er knust. Freden er borte. Vår fridom og vårt demokrati står på spel nok ein gong,» slår Solberg fast.

Etter at ho like klart har slått fast at denne gongen, denne gongen må dei skuldige stillast til ansvar for krigsforbrytelsane sine. For angrep på sjukehus, vilkårleg skyting på sivile, bruk av ulovlege våpen. Det er dokumentert, det blir etterforska. Dei må stillast til ansvar.

Høgre vil ha meir hjelp til Ukraina nå, fortgang i alt flyktningane treng av hjelp når dei kjem hit. Dei vil ha kraftig auke i våre eigne forsvarsbudsjett framover. Og dei skal aldri, aldri ta fridom for gitt.

Det er veldig klar tale, frigjerande klar, eg vil tru for mange langt utover Høgres landsmøte.

Som tidlegare statsminister veg Erna Solbergs ord tungt, og som tidlegare statsminister kan ho samtidig vera endå klarare enn ein sitjande statsmininster kan. Ho snakkar som leiar for det som akkurat nå er det største partiet i Norge. Og i opposisjon.

Springbrettet

Talen er springbrettet for Høgres politikk for neste stortingsval. I 2025. Og frå eit sterkare forsvar og stødig solidaritet til Nato, kan ikkje vegen vera lang til sterkare samarbeid med EU, sidan det er Høgres landsmøte vi er på.

Solberg snakkar om pandemierfaringane. Om kor vi var sårbare då – på beredskap, på smittevernutstyr, på kor avhengige vi var av kontaktar og gode venner i EU, som tok seg bryet med å ta oss med i vaksinesamarbeidet. Ho snakkar om EUs kraftige opptrapping av arbeidet med krisehandtering og beredskap. Om å vita kor vi er sårbare, før neste krise kjem. Ho meiner det har vist seg at å stå utanfor EU gjer oss sårbare, og nå endå meir enn før. Ho er for så vidt klar til igjen å ty til det ho kallar den norskaste av alle øvingar – plassera oss sjølv utanfor, og samtidig jobba knallhardt for å få vera med på så mykje som råd. Eller, seier Solberg, og dette blir følgt av lang applaus: «Vi kan finna vår naturlege, trygge plass på innsida saman med våre venner i Europas demokratiske og frie land.»

Det var det vel ingen som lurte på om Høgre ennå meiner. Men vil krisetidene, med pandemi, usikre kraftleveransar, og ein krig som har fått alle demokratiske land til å slutta rekkene, også gjera ein breiare EU-debatt aktuell igjen? Og kven skal begynna den? Korleis tar Høgre dette vidare?

Heime

Høgre skal vera forsvarspartiet, næringspartiet, skulepartiet, og ikkje minst skal dei vera inkluderingspartiet, ifølgje Solbergs tale til landsmøtet. Det siste der, vil kanskje få eit augebryn eller to til å heva seg. Solberg vil at Høgre skal finna fleire vegar for folk inn i arbeidslivet. For dei med lita utdanning, for dei med hol i CV-en. Hjelpa fleire til å få ei utdanning som sikrar jobb og inntekt og hindrar utanforskap. Og dei skal kjempa for å halda på valfridommen for dei som er sjuke, særleg for pasientar innan rus og psykiatri. At dei skal få fritt behandlingsval. Det skal gi tryggleik.

Tja. Eg vil tru Høgres svar på endringane Putins krig har skapt i Europa, står sterkare. Ikkje berre fordi det kjennast viktigare enn alt anna nå, men også fordi dei har større truverd på det område. Høgre som inkluderingsparti går ennå nokså dårleg saman med kutt og endringar dei gjorde i støtteordningar som barnetillegg for uføre, gratis fysioterapi for ein del diagnosar, og arbeidsavklaringspengane til dei som ikkje klarer koma seg tilbake på jobb i tide.

Det er nokre år til neste stortingsval. Høgres politiske verkstad har ting å jobba med.

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. «A-senteret inn under sjukehuset? Eit sterkare fagmiljø på rus? Det klarer eg ikkje tru på»

  2. – Det beste dei klarte på SUS den kvelden, var å pressa ei sjuk jordmor på vakt. Det er ikkje godt nok

  3. Jan Groths strek er eit opent bidrag til andres tankar. Fleire av oss burde prøva på det

  4. – Denne samtalen er tynn­sliten, seier sjaman Durek Verrett. Det syns eg også

  5. – Alvorleg sjuke barn blir kaste­ballar. Og vi ser det ikkje

  6. Den norske abort­lova er ein skjør balanse mellom to liv. Er den balansen truga nå?

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Høyres landsmøte 2017
  3. Erna Solberg
  4. Høyre
  5. Nato