Difor vann Trump i 2016

GJESTEKOMMENTAR: At det var den fattige kvite arbeidarklassen som gav Trump sin førre val-triumf, er for unyansert.

«For valet av Trump i 2016 var religion og tradisjonsbundne verdiar klårt viktigare enn økonomisk posisjon,» skriv Svein Erik Tuastad. Foto: CARLOS BARRIA / X90035

  • Svein Erik Tuastad
    Svein Erik Tuastad
    Statsvitar og dr. polit., Universitetet i Stavanger
Publisert: Publisert:

Ei populær forklaring på kvifor Trump vann i 2016, er at han fanga opp protesten til alle dei som har blitt svikta av politikarane. Trump var redningsmannen til dei etterlatne, kvite arbeidarane som både vinnarane i globaliseringsspelet og dei politiske elitane fråskreiv seg ansvar for.

Sjølv om protest nedanfrå-tesen har rett i noko, er han likevel for unyansert når det gjeld å forklare kvifor Trump vann i 2016. Andre grunnar var viktigare.

Formidabel analyse

To av dei statsvitarane som dei siste tiåra har bidratt best til å forklare den nye veljaruroa og bakgrunnen til dei tunge veljarstraumane som førte til meir populisme, er briten Pippa Norris og amerikanaren Ronald Inglehart. Inglehart er nøkkelpersonen bak den makelause datasamlinga World value survey som viser politiske haldningar over tid i alle verdsdelar, og som er ei datasamling alle står fritt til å bruke.

I fjorårsboka Cultural backclash bruker dei to forfattarane mellom anna denne datasamlinga når dei over 540 sider jaktar etter drivarane bak populismen, Trump-sigeren og Brexit.

Kulturelt tilbakeslag

Teorien deira er at det over tid har vore ein stille verdirevolusjon i dei vestlege samfunna. Vi har enkelt sagt vorte svært moderne over kort tid – mykje meir tolerante, liberale, globaliserte og grøne enn for berre nokre tiår sidan. Særleg gjeld dette for dei unge. Verdiendringa heng særleg saman med utdanningseksplosjonen der ein svært stor del av borgarane no har høgre utdanning. Det endrar verdiane.

Tesen til Norris og Inglehart er at denne stille verdirevolusjonen har gjort at konservative og eldre veljargrupper oppfattar at det vert for mykje av det gode, som om det å stå for ein tradisjon og for fedrelandet ditt gjer at du vert framand i ditt eige land. Det er denne reaksjonen som mest av alt ligg bak Trump, hevdar forfattarane. Dei undersøkjer teorien empirisk og finn klår støtte for forklaringskrafta til kulturelt tilbakeslag-teorien, jamvel om biletet er samansett.

Den store verdirevolusjonen

Norris og Inglehart identifiserer samfunnsomformande verdiendringar i den vestlege verda. Synet på dyr sine rettar, dødsstraff, homofili, skilsmisse, sex utanfor ekteskapet og liknande peikar i ei klar retning. Det same gjeld vektlegginga av sjølvbestemming kontra å ikkje bryte med tradisjonen. Ikkje berre i Europa, men også i USA, er biletet eintydig. Dei moderne og liberale verdiane fortrengjer dei tradisjonsbundne og konservative verdiane. Særleg viktig er skiljet mellom generasjonane. Dei eldre er meir tradisjonsbundne, dei unge er meir liberale.

Problemet for dei liberale politikarane har vore at dei yngre generasjonane i mindre grad går og røyster samanlikna med dei eldre, på same måte som kvite røyster meir enn svarte.

Den forlatne arbeidaren

Det er ikkje tatt ut av lause lufta at ein del av suksessen til Trump, og europeiske populistar av det meir hardslåande slaget, skuldast oppslutnad frå globaliseringstaparane. Analysane viser at oppslutninga om autoritær populisme er litt større i dei gruppene som opplever størst økonomisk utryggleik. Om vi ser på Europa, er oppslutnaden om populistane størst i fleire av dei områda som har opplevd tilbakeslag.

Men sjølv om det er noko i protest frå globaliseringstapar-tesen, er det lett å overdrive han. Alder og tradisjonsbundne verdiar er viktigare som hovudforklaring enn det å vere økonomisk sårbar. Arbeidslause og trygda er heller ikkje i snitt meir autoritære og populistiske enn andre, det er snarare tvert om. I Europa er oppslutnaden om dei populistpartia som er autoritære, meir utbreidd blant menn enn kvinner, blant kvite, religiøse og folk på landsbygda. For valet av Trump i 2016 var religion og tradisjonsbundne verdiar klårt viktigare enn økonomisk posisjon.

Elitekritikken sitt botnpunkt?

Trump, Brexit og populistisk oppsving representerer i ein viss forstand ein demokratisk korreksjon. Protesten frå grupper som har tapt på globaliseringa og har vorte svikta av det politiske fleirtalet, er ei alarmklokke som ringjer. Mange tenkjer dei ikkje har meir å tape. Slike som Trump står for noko anna, difor festa dei si lit til han. Han var noko anna enn politikar-eliten i Washington.

Men dette er berre ei side av det. Det viktigaste i analysen til Inglehart og Norris er at dei syner at den konservative protesten også er reint verdibasert uavhengig av økonomisk sårbarheit.

Samstundes er globalisering og omforming av økonomiane ein del av samfunnskontrakten dei politiske elitane har med borgarane. «Veljarbestillinga» er at vi som samfunn skal vere like velståande som i nabolanda.

Vi treng elitar – under demokratisk kontroll. Er det noko Korona-pandemien har lært oss, er det kor viktig kunnskapsbasert og klok styring er, altså det motsette av det som har kjennemerka Trump-regimet. Spørsmålet er om USA-valet i dag vert ein ny korreksjon, og om 2016-valet vart elitekritikken sitt botnpunkt.

Les også

  1. – Difor er USA så splitta

  2. – Folk flest vil stramme inn på ytringsfridomen. Høyr heller på Michelle Obama!

  3. – Det spørst om dyre­vel­ferds­poli­tikken tar nok omsyn til dyra sine behov

Publisert:
  1. Gjestekommentar
  2. Populisme
  3. Trump
  4. Brexit
  5. USA-valg 2020

Mest lest akkurat nå

  1. SISTE: Bjarne Berntsen har fått sparken i Viking

  2. Sundal: - Tror ikke på normal julefeiring

  3. Mistet lappen for dugg på frontruten

  4. 170.000 bileiere må bytte bombrikke

  5. «Mamma, du trenger ikke å ha med mobilen», sa barna. Da skjønte Randi Flesjø (38) alvoret

  6. Skole­barn, barne­hage­barn, bok­klubbens barn og barn av regn­buen regnes som samme kahoot, gitt at disse er nær­kontakter