Tre saker media kunne ha skrive under hetebølga

GJESTEKOMMENTAR: Norske medier har fylt framsidene med gladsaker om badetemperaturar og smilande nordmenn dei siste vekene. Hetebølgene kan vere teikn på noko meir alvorleg – men kor var dei sakene?

Publisert: Publisert:
  • Bård Vegar Solhjell
    Generalsekretær, WWF Verdens Naturfond

Aftenbladets lørdagsspaltist Bård Vegar Solhjell mener mediene svikter ved å lage altfor mange kosesaker om godværet. Her fra NTBs dekning av hetebølgen i Kragerø forrige lørdag. Foto: Geir Olsen / NTB scanpix

  1. Leserne mener

Det er ikkje så lenge sidan den etablerte sanninga var at klimastoff verken sel aviser eller genererer klikk. Dei siste åra har likevel norske journalistar blitt flinkare til å syne fram klimaendringane og konsekvensane av dei. Truleg har vi som publikum også blitt meir mottakelege for det, då det ikkje lenger er noko teoretisk og framtidig. No kan vi kjenne endringane på kroppen.

I sommar har det derimot vore annleis. Eg er rett og slett skuffa over korleis norske medier har dekka sommarens hetebølger.

Nye varmerekordar har hoppa opp som paddehattar rundt omkring i Europa – gjerne fleire gonger etter kvarandre. Og vi husker jo framleis den ekstreme sommarvarmen frå fjoråret godt. Har ikkje media eit ansvar for å reflektere over baksida av medaljen, informere om kvifor dette skjer og kva vi bør gjere med det? Jo, det har dei. Likevel har det stort sett gått i glade versaker.

Tre forslag

Konfrontert med denne kritikken, sa programredaktør i NRK Espen Olsen Langfeldt til Dagsnytt 18 på måndag at den omfattande verjournalistikken bidreg til å sette fokus på klimaendringar. Det kunne han hatt rett i. Mediene kunne bidrege til å sette hetebølgene i eit større perspektiv og belyse korleis verda vil bli prega av eit meir ustabilt klima. Det hadde vore kraftfullt, nettopp fordi vi sjølv kan kjenne på det. Men det gjorde dei ikkje.

Her er mine forslag til tre saker norske medier kunne skrive:

1. Hetebølger vil skje oftare - og det rammar folkehelsa, infrastruktur og natur hardt

Det er skilnad på ver og klima, og isolerte periodar med sterk varme eller kulde er ikkje nødvendigvis eit teikn på eit ustabilt klima. Likevel, klimaforskarar er samde om at klimaendringane kan knytast til hyppigare hetebølger. Ifølge det tyske klimaforskingsinstituttet PIK inntreffer månadlege varmerekordar over heile verda fem gonger så ofte i dag som dei hadde gjort i eit stabilt klima. FNs klimapanel har dokumentert at det er «så godt som sikkert» at det blir fleire varme temperaturekstrem etter kvart som gjennomsnittstemperaturen på kloden aukar.

Det betyr meir enn auka iskremsal. Mellom anna fører hetebølger til auka dødelegheit frå både hjarte- og lungesjukdommar og dehydrering, og det kan auka luftforureininga som følge av fare for skogbrann. Ein har også funnet ein samanheng mellom hetebølger og ei auke i talet på sjølvmord.

Klimagassar

Ekstreme temperaturar påverkar både landbruket og villmarka. Avlingar blir meir usikre, som rammer mattryggleiken, både i Noreg og i verda. Skogen si evne til å ta opp CO₂ kan bli redusert, som fører til meir klimagassar i atmosfæren. Studiar har også synt at hetebølger i havet kan utgjere ein stor trugsel for mykje av det marine livet. 

Hetebølger fører til at vi må bruke meir energi til kjøling av bygningar og viktige konstruksjonar, samstundes som det kan ramme tilgangen til kraft. I eit klima i endring må vi også tilpasse infrastrukturen - og det kostar.

2. Dyra slit med å tilpasse seg endringane

Det er ikkje berre oss menneske som forandrar oss i varmen. Forskarar slår no alarm om at mange dyr ikkje maktar å halde tritt med endringane i klimaet. Temperaturendringar har gjort at fleire artar no justerer si biologiske klokke - dei legg til dømes egg på eit anna tidspunkt enn tidlegare eller vaks i eit anna tempo. Likevel kan det sjå ut til at endringane rett og slett skjer for fort og for intenst for mange dyr - og det kan truge deira overleving.

Kvifor er dette viktig for oss menneske? Jo, fordi vi er totalt avhengige av balansen i naturen mellom artar – både dyr, planter, insekt, bakteriar og anna. Alle desse er byggeklossane i naturen. Det er derifrå vi hentar ut alt vi treng for å leve - reint vatn, mat, medisinar og materialar. Men naturen er under sterkt press, som følge av mellom anna klimaendringar. Ein million artar står i fare for å bli utrydda ifølge den siste rapporten frå FNs naturpanel. WWF har dokumentert at 60 % av verdas ville dyr er borte sidan 1970. 

3. Vi har dårlegare tid enn mange trur

“Hugsar du dei gode, gamle dagane då vi hadde 12 år på oss til å berge planeten?”, spør BBC News i en nyhendeartikkel frå førre veke. 

Mange har no høyrt om klimapanelets oppsiktsvekkande rapport om at verdas utslepp må halverast på 12 år for at vi skal nå 1,5-gradersmålet. No meldes det om ein stadig aukande samde om at dei neste 18 månadene er kritiske for i kva grad vi kan få det til. 18 månadar! Smak litt på den.

Samfunnsoppdraget

Det betyr at vi må begynne å sjå dei sterke, effektive og gjennomgripande tiltaka - raskt. Det betyr at klima og miljø må bli prioritert i alle avgjerder, i alle utbyggingar og i alle politiske budsjett. No.

Og det betyr at media må begynne å ta sitt samfunnsoppdrag på alvor. I dag formidlar dei den alvorlege bodskapen innimellom alle godversakene. Dei burde sjå på oppdraget sitt som framom alt å informere om, forklare og diskutere det som skjer, dernest skrive nokre godversaker innimellom.

Twitter: @bardvegar

Publisert: