På rett side av oljehistoria

GJESTEKOMMENTAR: Vi må førebu oss på den verda vi ønskjer, ikkje den vi fryktar.

Publisert: Publisert:
Bård Vegar Solhjell
Generalsekretær, WWF Verdens Naturfond

Kvart einaste år i nær eit tiår har IEA spådd ei flat utvikling for solenergi neste år. Og kvart einaste år har dei teke fullstendig feil; solenergi har vakse kraftig. Og likevel legg norske myndigheiter vekt på opplysningane frå IEA i utviklinga av norsk olje- og gasspolitikk.

Det ligg politikk i energiprognosar, ganske enkelt fordi mange lands myndigheiter nyttar seg av dei. Til dømes norske myndigheiter. Viser framskrivingane ei rask, global omstilling, vil det vere sterke argument for rask nasjonal omstilling for eit oljeproduserande land. Viser dei lite endring, er det svakare argument for nasjonal endring – til dømes i norsk oljepolitikk.

Førre veke vart Det internasjonale energibyrået (IEA) sin World Energy Outlook 2019 sloppe. Den var ikkje munter lesing. Med dagens varsla politikk bereknar denne frittståande interesseorganisasjonen at utsleppa vil halde fram å auke i 20 år til. Etterspurnaden etter olje vil vere høgare i 2040 enn i dag. Utan drastiske endringar styrer vi mot ei oppvarming på opp mot 3 grader.

Som vanleg skapte rapporten overskrifter. Anslaga, som blir flittig brukte av myndigheiter, næringsliv og investorar, passar godt inn i oljeindustrien si forteljing om kor høg etterspurnaden kjem til å vere i framtida.

Ei truverdig kjelde?

Både petroleumsnæringa og norske petroleumsmyndigheiter er glad i å bruke denne analysen. Han spår forsiktig endring. Ei rekke andre grundige analysar av energimarknadane spår derimot langt raskare endring. Amerikanske Bloomberg er eit kjent og respektert døme, norsk Statkraft og DNV GL og britiske Carbon Tracker er andre. Dei spår, i varierande grad, ei raskare omstilling frå fossil til fornybar energi.

Det er problematisk når myndigheiter og media ukritisk bruker IEA si framskriving på den måten dei gjer. For IEA er ikkje ein nøytral part. Byrået består av energiministrar frå ei rekke OECD-land, deriblant dei fire største kolprodusentane – Kina, USA, India og Australia. Medlemmane USA og Canada er blant verdas ti største oljeprodusentar.

For nokre dagar sidan sende 63 globale selskap og institusjonar, blant dei Storebrand, IKEA og Nordea frå Skandinavia, eit brev til IEA der dei argumenterte for at analysane deira ikkje var gode nok verktøy for land og selskap som ville nå Paris-avtalen.

IEA blir også kritisert for gjennomgåande å overvurdere etterspurnaden etter fossile energikjelder, samt undervurdere framveksten av fornybar. Mykje tyder på at investeringane i ny kolkraft nådde toppen i år, sju år tidlegare enn IEA anslo i sine analysar. Og sjølv om byrået gjentekne gongar har spådd at vi allereie har nådd toppen for utbygging av fornybar energi, har det ikkje slått til.

Også i år er IEA på villspor om fornybar energi. Kostnadane dei legg til grunn for utbygging av solkraft og vindkraft er i mange høve langt høgare enn det vi faktisk ser. Kvart einaste år i nær eit tiår har IEA spådd ei flat utvikling for solenergi neste år (sjå figuren). Og kvart einaste år har dei teke fullstendig feil; solenergi har vakse kraftig. Kva har IEA så gjort året etter, har dei lært av feilen? Nei, dei har halde fram som før.

Les også

Prof. Harald N. Røstvik (2017): «Hvem kommer med de beste prognosene om energi i fremtiden? Det ser iallfall ikke ut til å være IEA»

Optimisme som kan koste oss dyrt

Å bruke IEA som grunnlag for investeringsavgjerder og argument for vidare oljeutvinning på norsk sokkel, kan derfor vere problematisk – og økonomisk uklokt.

I berekraft-scenarioet som når 2-gradersmålet, vil oljeprisen ligge på om lag 59 dollar fatet i 2040, nokolunde det same som i dag. Men når byrået gjennomgåande bommar grovt på fornybarutbygginga, er det også sannsynleg at dei overvurderer etterspurnaden etter olje og gass.

Investeringsavgjerder som vert tekne på bakgrunn av feil informasjon eller for høge forhåpningar, aukar risikoen for at prosjekt går med tap. IEA har til dels teke dette innover seg og åtvarar nye oljeland om å ikkje ha for høge forventningar til framtidige inntekter frå olje og gass.

I Perspektivmeldinga frå 2017 blir IEA ofte nytta som kjelde, nærare bestemd 32 gonger. I den neste Perspektivmeldinga, som kjem i 2020, skal Finansdepartementet stressteste økonomien for eit oljeprisfall. Forhåpentleg vil dei nye analysane bli basert på eit breiare kjeldegrunnlag enn berre IEA sine optimistiske berekningar.

Les også

IEA: Verden må gjøre mye mer for å skifte ut olje med fornybar energi

Kvar tidel tel

Vi kjenner allereie i dag effekten av klimaendringane. Og som også FNs klimapanel peikar på: Konsekvensane eskalerer for kvar tidels grad vi flytter oss oppover. Politisk – og moralsk – og for vår eiga overleving har vi eit ansvar for å kutte utslepp så fort og kraftig som mogleg.

Naudsynte klimakutt krev enorm politisk handlekraft – men ein tydeleg klimapolitikk kan styre marknadane.

Dersom vi hadde god tid til å nå klimamåla, kunne vi lent oss tilbake og sett vår lit til marknaden. Diverre har vi ikkje det. Det betyr derimot ikkje at marknadane står stille.

Berre nokre dagar etter at IEA la fram sin rapport, varsla Den europeiske investeringsbanken (EIB) at dei vil strupe investeringane i fossil energi, og nytte eit heilt oljefond på klimatiltak. Det inneber også at dei ikkje lengre vil investere i gass, noko som kan forpurre norske gassplanar i Europa.

Og for nokre dagar sidan, blei det kjent at børsnoteringa for den saudiarabiske oljegiganten Aramco floppa, kanskje fordi investorar ikkje lenger blir like freista av den fossile energien dei veit må fasast ut.

Men utviklinga går ikkje fort nok av seg sjølv. IEA påpeikar sjølv at verda må rette et «laser-skarpt» fokus på å få ned globale klimautslepp, og at den politiske handlekrafta må opp.

Det er opp til politikken å setje fart på marknadane. Og Noreg er i ei særstilling kva gjeld oljeproduserande land. Med vår økonomi har vi moglegheit til å omstille oss på ein relativt skånsam måte.

Regjeringa må syne den handlekrafta IEA etterlyser, og omstille oss raskt frå ein oljedominert til ein fossilfri økonomi. For klimaets skuld, og for vår eigen økonomiske tryggleik.

Twitter: @bardvegar

Les også

Hilde Øvrebekk: «Ingen kan se inn i framtiden, ikke engang oljå»

Les også

Olje- og energiministeren: «Nyttig å bruke scenarioer i oljeindustrien»

Les også

IEA: Havmøller kan drive verdens grønne omstilling

Les også

Hilde Øvrebekk: «Vi trenger en ny norsk olje- og gassfortelling»

Les også

Equionors bærekreftsdirektør: «Løsninger er viktigere enn fortellinger»

Publisert: