Staten sin kapital – blind for omstilling og døv for klimaendring?

GJESTEKOMMENTAR: Fordi situasjonen for klimaet i verda nærmar seg prekær, og fordi utviklinga framleis går i feil retning, nærmar tida seg for at staten trykker på alle knappane.

Publisert:
Klaus Mohn
Professor, Handelshøgskolen ved UiS og NHH

«Meir av dei enorme inntektene frå olje- og gassverksemda burde gå til teknologiar og verksemder som peikar mot omstilling av norsk økonomi og raskare overgang til eit samfunn med låge utslepp», skriv professor Klaus Mohn. Foto: NTB Scanpix

Eg sit i Maskinhallen på Tou. Salen er stappfull, av kapital, idealisme og politikk som er samla til konferanse om grøne investeringar i regi av Nysnø Klimainvesteringer AS. På scena står den kanadisk/tsjekkiske professoren Václav Smil og føreles om alle vanskane knytt til energiomstilling og klimapolitikk.

Endelaus omstilling

At konferansen går av stabelen på Tou, er eit tankekors. Gjennom fleire mannsaldrar var mølla og bryggeriet eit pulserande hjarte for det kraftfulle industriområdet i Lervig, med sild, segl og hermetikk som andre viktige næringar. Men verksemdene blei innhenta av mangel på ressursar, nye teknologiar og sviktande marknadar. Gradvis tapte industrien terreng, tradisjonelle føretak blei flytta, lagt ned – og etter kvart erstatta av bustadar, moderne næringsbygg, butikkar og kaféar. Kulturscena Tou står att som ein bauta over den store transformasjonen av Stavanger Øst.

Utviklinga er eit eksempel på omstilling. Aktivitetar som høyrde til fortida, tapte terreng og gav gradvis plass til verksemder med ei betre framtid. Resultatet er eit område som er fullstendig omkalfatra når ein samanliknar med historia.

Professor Smil minner oss om at energiomstillinga verda står overfor i dag er ei massiv utfordring. Til forskjell frå tidlegare er omstillinga i dag ikkje knytt til ressursmangel, ikkje til teknologiske framsteg og heller ikkje til sviktande marknadar. Det er meir enn nok kol, olje og gass til å «koke kloden» fleire gonger. Denne gongen er det klimaet på jorda som står på spel.

Les også

Fullt hus for klimavennlege investeringar på Tou

Les også

Nysnø får 100 millioner kroner ekstra av regjeringen – viktig hjemmeseier for Stavanger

Verda er på feil kurs

I framveksande økonomiar bygger ein framleis kolkraftverk i høgt tempo, olje har så langt ingen verkeleg seriøse konkurrentar i transportsektoren og etterspurnaden etter fossile brensel held fram med å auke, i takt med eit evig jag etter meir vekst og materiell velstand, sjølv i dei rikaste delane av verda.

Utvinning og bruk av fossile brensel fører med seg ein kostnad for fellesskapen som ingen betaler for. Når marknaden sviktar, må det offentlege gripe inn. Politikk, regulering og skattlegging kan i så fall syte for at kostnadar og prisar er sameinte med måla for energiomstilling og klimapolitikk. Dette inneber upopulære tiltak, som høgare bilavgifter, bensinprisar – og bompengar. Slike tiltak gjev høgare inntekter for det offentlege, som igjen kan nyttast til investeringar og tiltak for å stimulere til oppbygging av næringar som har ei framtid.

Ei tilråding frå nyare forsking er at ein gjerne kan skattlegge næringar som reiser utfordringar for klimapolitikk og omstilling, og samstundes støtte opp om verksemder med eit potensial for teknologiutvikling og innovasjon som kan auke tempoet i transformasjonen til eit samfunn med høgare produktivitet og lågare utslepp av CO₂. Med enorm rikdom og omfattande eigarskap i næringslivet har den norske staten heilt spesielle føresetnadar for å medverke til omstilling. Likevel er det ikkje mykje ved staten sitt eigarskap i næringslivet som peikar i retning av omstilling.

Investering i omstilling

Som eksempel kunne ein tenke seg at staten kunne verke gjennom styra i selskapa dei eig, for å legge om drift og investeringar, slik at CO2-utsleppa kunne gå ned og verksemdene kunne vere betre budde på strammare klimapolitikk og energiomstilling. Men på dette området har staten ingen særlege omsyn eller mål som går lenger enn dei generelle interessene til private eigarar. Staten sin eigarskap i næringslivet i dag er dermed ikkje ein reiskap for klimapolitikk eller omstilling av norsk økonomi.

Med enorm rikdom og omfattande eigarskap i næringslivet har den norske staten like fullt heilt spesielle føresetnadar for å medverke til næringsretta klimapolitikk og omstilling. Meir av dei enorme inntektene frå olje- og gassverksemda burde gå til teknologiar og verksemder som peikar mot omstilling av norsk økonomi og raskare overgang til eit samfunn med låge utslepp.

Endå betre ville det vere om slike investeringar i tillegg kunne dempe CO2-utsleppa over alt i verda, og ikkje berre innanlands. For klimautfordringa er i sanning global, og Noreg er eit bittelite land. Det beste for det klimaet ville vere om ein kunne spore opp og investere i dei absolutt beste teknologiselskapa i heile verda, slik Oljefondet gjer i jaget etter avkastning i aksjemarknaden.

Foto: Fredrik Refvem

Alle steinar må snuast

Men ikkje alle har tru på at grøn vekst kan redde verda frå klimaendringane. Professor Smil er blant skeptikarane, og frå scena i Maskinhallen hevdar han hardnakka at fornybar energi, nye teknologiar, energiløysingar og meir effektiv bruk av energi ikkje har fnugg av sjanse til å bremse den global oppvarminga i tråd med ambisjonane frå Paris-avtalen. Det einaste som kan nytte, seier Smil, er at den økonomiske veksten blir stagga, at forbruket blir bremsa og me alle kan nøye oss med mindre energi.

Smil er i mindretal i Maskinhallen på Tou, og bodskapen fell på steingrunn blant grøne investorar på Stavanger-besøk. Her går idealismen nemleg hand i hand med optimismen. Grøn omstilling byd på moglegheiter og lønsame investeringar, er omkvedet både blant næringslivsfolk og politikarar no om dagen.

Men fordi situasjonen for klimaet i verda nærmar seg prekær, og fordi utviklinga framleis går i feil retning, nærmar tida seg for å trykke på alle knappane. Like fullt lèt oppfølginga frå styresmaktene framleis vente på seg. For om klimapolitikken framleis er prega av draumen om grøn vekst, så er det få spor av konsekvensar i prioriteringa av staten sin kapital til teknologiar og verksemder som peikar mot omstilling og nullutslepp av CO₂.

Følg på Twitter: @mohnitor


Les også

I sommar går starten for Norges nye offshoreeventyr

Les også

Eldar Sætre: Equinor er klar til å bygge ut havvind i Norge

Les også

Kjenner lukta av nytt industrieventyr, men etterlyser statleg satsing på havvind

Les også

Derfor er det så dyrt å flytte vindmøllene til havs

Les også

Dansk energigigant hoppet av oljekarusellen og tener meir pengar på vindkraft

Publisert: