Trollet som ville redda planeten med å eta babyar

GJESTEKOMMENTAR: Troll lever ikkje berre på internett. Dette er historia om ei kvinne som vil eta babyar for miljøet si skuld. Eller eigentleg ikkje.

Publisert: Publisert:
Øyvind Strømmen
Forfattar og journalist

«Save the planet – eat the children» stod det på t-skjorta til kvinna som møtte fram på eit veljarmøte med demokraten Alexandria Ocasio-Cortez. Ho var truleg ikkje i god mental balanse, men det hindra ikkje Trump & Co. i å utnytte situasjonen. Foto: Skjermdump frå C-SPAN

Ordet troll har etter kvart fått to tydingar. Ein kan snakka om monstera frå folkeeventyra, som er store, slemme og ofte ganske lettlurte vesen som sprekk i sola. Eller ein snakkar kanskje om folk som er skitstøvlar i kommentarfelt, som slår rundt seg med rasisme eller kvinneforakt, som gjerne lengtar etter merksemd og som berre blir brunare i solskin.

I opphavleg nettslang hadde ordet ei anna tyding: Eit troll var ein person som starta kranglar gjennom provokasjonar, gjennom å koma med hårreisande kommentarar, i eit forsøk på å skapa reaksjonar og på å spora debattar av, kanskje for moro skuld, kanskje for å oppnå eit eller anna. I motsetnad til nettrolla nemnd over, meinte dette opphavlege nettrollet gjerne ikkje kva det skreiv. Slik trolling faktisk vera noko av ei kunstform.

Ein av mine favorittar var karen – med eit namn som røpa at han var innvandrar – som blanda seg inn i ein dansk debatt om forbruksfesten Black Friday gjennom å snakka om kor viktig det var for innvandrarar som han å ha ein festdag som dette, ein dag som feira innvandrarar som var mørke i huda. Nokre forsøkte roleg å forklara at Black Friday var noko ganske anna. Andre gjekk amok. Debatten spora fullstendig av. Men han klarte også å avsløra ein del rasisme, og å synleggjera eit samfunnsproblem.

Vel, slaget er antakeleg tapt: Ordet troll har etter kvart vorte eit ord som skildrar folk med manglande folkeskikk og ubehagelege meiningar på nettet, og til dels berre til eit skjellsord ein kan slengja etter folk som meiner ting ein er usamd med.

«Me må eta babyar!»

Kongressrepresentanten Alexandria Ocasio-Cortez (i bakgrunnen) vart teken på senga og visste ikkje heilt kva ho skulle tru då ein tilhøyrar ropte ut bodskapen om å eta babyar. Dette vart ho seinare angripen for òg. Foto: Skjermdump frå C-SPAN

Men trolling har ikkje forsvunne av den grunn, og er slett ikkje alltid like sjarmerande som den danske Black Friday-entusiasten. Slikt skjer heller ikkje berre på nettet. I førre veke reiste ei kvinne seg under eit møte arrangert av den markante unge kongresskvinna Alexandria Ocasio-Cortez, ofte omtalt som AOC. Kvinna i publikum ropte at me berre hadde månader att grunna klimakrisa. Ho sa at ho elska Ocasio-Cortez’ og andre sitt framlegg om ein «Green New Deal» – ein pakke kraftige tiltak for å handtera klimakrisa, men at det ikkje var nok. «Me må byrja å eta babyar!» ropte ho. Ho hadde på seg ei t-skjorte med ein tilsvarande bodskap, «Save the planet – eat the children».

Først trolla høgreradikale demokraten Alexandria Ocasio-Cortez på eit av møta hennar, deretter klistra andre høgredikale juksebodskapen offeret for trollinga, spreidd av mellom andre den uavhengige senatskandidaten Daniel Burke, som no har passert over 700 følgjarar på Facebook-sida si.

Videoen frå møtet spreidde seg raskt. Medan Ocasio-Cortez uroa seg over at kvinna var i ei personleg krise, kasta fleire seg over han i eit forsøk på å latterleggjera Ocasio-Cortez spesielt og miljørørsla generelt. Her fekk dei jo servert det dei skuldar miljørørsla for å vera: ravande galne dommedagsprofetar. «Ser ut til å vera ein vanleg AOC-tilhengar for meg», tvitra Donald Trump junior. Senior – presidenten, altså – bidrog også: «AOC er ein galning».

Eg har sett videoen versera i Noreg også, saman med kommentarar som kan summerast opp som: «Hø-hø-hø, sjå kor gale miljøvernarar er!» eller «Dette er resultatet av miljørørsla sitt vanvit».

Sidan eg er ein del av miljørørsla, vil eg her starta med å seia at heller ikkje denne rørsla er skåna for verken dumskap eller galskap. For nokre år sidan støytte eg til dømes på folk – på nettet, sjølvsagt – som heilt på alvor meinte at alt som er gale her i verda starta med landbruket, og at menneska burde gå attende til å vera jegerar og sankarar, utan at dei ofra ein tanke til kva det ville innebera. Det var politisk galskap. Men også menneske som reelt er psykisk sjuke kan kopla seg på idear som finst elles i samfunnet og dra dei ut i det absurde. Då eg såg videoen frå Ocasio-Cortez sitt møte, mistenkte eg at me var vitne til ei kvinne som burde beskyttast mot seg sjølv, og som trong helsehjelp. Eg tok, etter alt å døma, feil.

Trolling som taktikk

Trolling har nemleg også vorte eit våpen for aktivistar på ytste høgrekant, og har strengt teke vore det lenge. Dei har nytta det for å flytta grensene for kva som er akseptabelt i si retning, men også for latterleggjera politiske motstandarar. Og dei nyttar det for å gjera som ur-nettrollet, for å spora debattar av.

Denne gongen tok ei av USAs mest bisarre politiske grupper – LaRouche PAC – på seg ansvaret for trollinga etter nokre dagar. Det er ei gruppe som vart grunnlagt av no avdøde Lyndon H. LaRouche, ein spinnvill konspirasjonsteoretikar. «Det var oss», skreiv organisasjonen på Twitter, og la til ein referanse til Jonathan Swift. Ikkje utan grunn: I 1729 skreiv Swift ein beint fram strålande satirisk tekst der han foreslo at fattige irar kunne løysa sine økonomiske problem gjennom å selja borna sine som mat til rikfolk. Det var ein kritikk av hjarteløyse i møte med fattigdom, og av britisk politikk andsynes Irland.

No skal ein sjølvsagt ikkje utelukka at det at LaRouche PAC tok på seg ansvaret i seg sjølv var ei form for trolling, ei skrøne for å tiltrekkja seg merksemd.

Samstundes er dette – som forfattaren Matthew Sweet påpeikte til Washington Post – ikkje nett nokon ny taktikk for LaRouche-rørsla: Å gå på eit politisk møte, å forstyrra møtet, å skapa eit slags kaos. Dermed sit både Trump junior og Trump senior att med bæsj på leggen. Men det gjer samfunnsdebatten også.

Les også

Ber om forbud mot anonym hets

Les også

Svein Erik Tuastad: «Ikkje gje bøllene på nettet premie!»

Les også

Hilde Øvrebekk: «Voksne som lærer barn å mobbe»

Les også

Natasja Askelund: «Demokratiet tåkelegges og utvannes – nå er det grunn til å være redd»

Les også

Øyvind Strømmen: «Slangen ved brystet – kva hatet og hetsen i sosiale medium kan føra til»

Publisert: