KrF-landsmøtet 2017: Emissær i sentrum

Av ulike årsaker har Norge langt færre emissærar enn på Hans Nielsen Hauge si tid. Men me har gud skje lov Knut Arild Hareide.

Publisert: Publisert:

KrF-leiar Knut Arild Hareide entrar scena for å seia kva partiet vil og at valet avgjer. Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

  • Jarle Natland
    journalist
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Folkeopplysinga først: Emissær tyder lekpredikant, ein som reiser rundt på bygdene og forkynner ordet.

Hans Nielsen Hauge (1771-1824) var norsk lekpredikant og grunnla ei rørsle me kjenner som haugianarane. Mange av bøndene på Eidsvoll i 1814 høyrte til haugianarane.

Les også

Hareide harselerer med Støre og gjør distriktsopprør mot Erna

Les også

Leiar: Lite naudsynt å fjerna K-en

Les også

Hareide vil forbedre og fornye kontantstøtten

Det er altså ikkje tilfeldig at KrF-leiar Knut Arild Hareide refererer til Hans Nielsen Hauge i landsmøtetalen på KrF torsdag. Dei er trygt planta i same selskap.

Folketalaren

Hareide er ein suveren folketalar, ein fryd å høyra på og med meir enn eit lite snev av den same freistaren og frelsaren som skapte store vekkingar tilbake i mitt Ryfylke så seint som på 1970-talet.

Dei som høyrte Hareide på festtalen til Venstre sist månad, eit høgdepunkt for min del i vår, veit også at han er usannsynleg festleg i beste KrFU-ånd.

Gladkristne har ikkje naudsynleg monopolet på dei gode vitsane, men dei veit å spela på seg sjølv.

– Eg hadde gleda av å ta med Erna Solberg heim til mamma på Bømlo. Mamma sa at Erna gjorde den beste jobben nokon kunne gjera som statsminister. Det er langt frå alle damene eg har teke med heim som har fått tilsvarande god tilbakemelding, seier Hareide til stor applaus.

Men først har me altså konferansieren som i tilgjort amerikansk tv-stil, tenk spegelen frå Shrek, som legg ut om at her har me partileiar Knut Arild Hareide.

– Kjem han inn frå venstre? Kjem han inn frå høgre? Det spelar inga rolle, seier konferansieren.

Og det er truleg den sannaste og mest presise oppsummeringa av landsmøtetalen torsdag. For bak alle dei ufatteleg mange og lange analysane og debattane om kva veg KrF går etter valet 11. september 2017 så kokar det ned til at det handlar om valet.

Sett frå venstre eller frå høgre

For meg bakarst i salen såg det ut som om Hareide kom inn frå høgre. Men sett frå hans talarstol kom han inn frå venstre.

Og det var akkurat Venstre han aldri nemnde. For den triste sanninga er at av dei tre gamle sentrumskameratane Venstre, KrF og Senterpartiet så er det berre sistnemnde som har suksess på meiningsmålingane. KrF ligg og dirrar der rundt 5 prosent, Venstre er for ofte under sperregrensa i 2017. Sp har to-sifra oppslutning., ei oppslutning som leia til at Hareide tidlegare denne veka lanserte Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum som ny statsminister-kandidat.
No manglar Vedum mykje av den rutinen og røynsla som tidlegare KrF-leiar og KrF-statsminister Kjell Magne Bondevik kunne ta med seg inn i regjering med då relativt urøynde namn som til dømes Erna Solberg. Men draumen om ei ny sentrumsregjering lever elles godt på KrF her i Trondheim.

Dersom Venstre går under sperregrensa på 4 prosent i haust, legg KrF ut på sin eigen veg. Regjeringsmakt er førstevalet for Hareide, men eg har per no vondt for å tru at partiet kan gå frå å støtta den blåaste regjeringa i manns minne til å skulle gå inn i ei Ap-leia regjering. Det mest sannsynlege ut frå meiningsmålingar siste år er ei mindretalsregjering med Ap og Senterpartiet og ein trygg parlamentarisk base frå SV og KrF, stundom også høgst ansvarlege Høgre.

Men for oss som går til valurnene 11. september er ikkje partitaktiske omsyn så viktig. Kva er det KrF vil? Og her leverer Hareide fullt ut. KrF er verdipartiet, han nemnde heldigvis ikkje ordet hjartesaker ein gong, men var heilt tydeleg på kva som er viktig.

Kort oppsummert: KrF er verdipartiet og familiepartiet. Bileta av Tord Olav Mathias (2) flimrar over skjermen. Grunnen til at Hareide ikkje var på landsmøtet i Trondheim for to år sidan. Tord Olav Mathias veks opp i ei meir utrygg tid enn på lenge, påpeikar Hareide.

Hareide går i rette med sitjande regjering, les: Frp, for ikkje å visa verdibasert leiarskap og særleg for korleis regjeringa har møtt flyktningkrisa

– Den europeiske konkurransen om å vera strengast mogleg er uverdig, sa Hareide.

KrF har kniva med Senterpartiet om å vera mest mogleg distriktsvenlege, Hareide legg ingenting i mellom i skildringa av regjeringa sin politikk som distriktsfiendtleg og sentraliserande.

Men sjølv om KrF ifølgje Hareide har nulla ut dei verste av framlegga, så har altså Kristeleg Folkeparti stått som eit trygt alibi for dei blå-blå i fire år. Til hausten vil han i regjering – for det er der ting vert avgjort, der ting verkeleg skjer.

Det spørst om dette går opp. Men ingen kan betre selja den vanskelege bodskapen enn Hareide, sidan Hans Nielsen Hauge no er død for opptil fleire mannsaldrar sidan.

Publisert:

Les også

  1. Olaug Bollestad: - Hadia Tajik skal få beskrive Gud slik hun vil

  2. KrF dobler kontantstøtten

  1. Kristelig Folkeparti (KrF)
  2. Knut Arild Hareide
  3. Trygve Slagsvold Vedum