Hjernen er ikkje aleine

KOMMENTAR: Boklesing er ein einsam ting. Men når det er Kapittel og litteraturfestival i Stavanger, oppdagar den einsame lesaren at me heldigvis er mange.

Publisert: Publisert:

Denne veka inviterer festivalsjef Espen Røsbak til Kapittel 17. Eller Erotisk uke – om Jan Kjærstad har rett i at hjernen er kroppens mest erogene sone. Foto: Anders Minge

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Minnet kan spela meg eit puss. Men eg meiner å hugsa at Jan Kjærstad har skrive at hjernen er kroppens mest erogene sone. Finst det noko som helst sanning i den påstanden, er me nå i gang med den nye versjonen av Erotisk uke i Stavanger.

Onsdag starta årets variant av Stavangers internasjonale festival for litteratur og ytringsfridom – enklare kalla Kapittel, blant anna med Jan Kjærstad på programmet og med Revolusjon som tema. Til og med søndag skal rundt 120 gjester gjennomføra endå fleire arrangement frå Hå gamle prestegard i sør til Stavanger i nord, frå Tungenes i vest til Tou scene i aust. Går det som dei siste åra, skal rundt 12.500 publikummarar oppsøka minst eitt av arrangementa. Blir det publikumsrekord i år også – for fjerde år på rad?

Les også

Arundhati Roy til Kapittel

Les også

Roman: Kapittel-aktuelle Kjærstad tenker stort

Børs og katedral

Eg har etter kvart vore på ganske mange litteraturfestivalar og andre litterære arrangement, både i innland og utland. (Ja, det er knallhardt å vera kulturjournalist...) På sitt beste er ein litteraturfestival, for å halda oss i den erotiske metaforikken, ein orgie i stimulans for hjerne, humør og intellekt. På sitt verste er dei glatte marknadsføringsarrangement der målet knapt er å utvida horisonten, men budsjettet.

Dei aller fleste litteraturfestivalar er ei blanding av børs og katedral, av det populære og det viktige. Og meiner du å kjenna att omgrepet «Børs og katedral», så blei altså det introdusert på norsk av Gyldendals legendariske direktør Harald Grieg, nettopp som ei skildring av kva bokbransjen driv på med. Dei skal både tena pengar på bestseljarar og underhaldning – og leva opp til meir ideelle mål om folkeopplysing, språk og kultur. Omtrent som aviser, altså.

Det seier noko om stor interesse, og hard konkurranse, både om publikum og dei mest attraktive forfattarane.

Skvalpande bokbad

Talet på norske litteraturarrangement har eksplodert dei siste åra. Det skvulpar i bokbad på litteraturhus og folkebibliotek kvar einaste kveld, kvar bygd og by med respekt for seg sjølv må tilsynelatande ha sine eigne litteraturdagar. Og sjølv om landets eldste i sitt slag, Litteraturveka på Sting, i år bukka under, kan du bare i vårt nære distrikt framleis velja mellom til dømes Kapittel i Stavanger og Litteraturdagar på Sandnes (Litt.Sandnes), eller Skudeneshavn internasjonale litteraturfestival (SILK) – som denne månaden blei nominert til Forfatterforeningens formidlingspris for 2017.

For ikkje å snakka om alle dei litterære arrangementa som går av stabelen gjennom heile året på bibliotek, bokhandlar, barar og litteraturhus. Ifølgje ei undersøking frå Østlandsforskning, var det 1700 litteraturformidlande arrangement i Norge i 2014, med eit samla publikum på 230.000. Det seier noko om stor interesse, og hard konkurranse, både om publikum og dei mest attraktive forfattarane.

Dei flinkaste er fantastiske å sjå på, dei som ikkje meistrar dette kompliserte formatet, fell gjennom med eit vått klask.

Ny forfattarrolle

Med oppsvinget i litteraturarrangement har også forfattarrolla endra seg. Det held ikkje å bare skriva ein lang tekst, og så senda han frå seg og rekna jobben som gjort. Du bør også vera god på å opptre live, framfor eit publikum. Problemet er at det ikkje er nokon nødvendig samanheng her. Du er ikkje nødvendigvis god på scenen sjølv om du er flink å skriva. Blant dei tristaste litteraturarrangementa er dei der forfattaren ikkje meistrar scenen, sit der og mumlar, ikkje har skjønt det performative elementet i å framføra eller snakka om litteratur live. For du må nesten vera litt skodespelar når du går på ein scene, vera ein slags smart entertainer som kombinerer intellekt med underhaldning, vidd med alvor, sjarm med substans. Dei flinkaste er fantastiske å sjå på, dei som ikkje meistrar dette kompliserte formatet, fell gjennom med eit vått klask.

Fordelen, og ulempa, med å ha vore på hundrevis av litteraturarrangement, er at eg blir stadig meir kresen. (Okei: blasert.) I starten var det å sjå ein ekte, levande forfattar i seg sjølv både spennande og eksklusivt. Sånn er det ikkje lenger. Nå må eg bli pirra av tema eller personar, eg vil høyra ting eg ikkje har høyrt eller tenkt sjølv tidlegare. Og er stoffet kjent, vil eg ha det formulert på ein måte som pirrar meg. Eg elskar folk som har ordet i si makt. Språket og orda kan i seg sjølv vera verde billetten – omtrent som i ei god bok. Og så liker eg friksjonen, temperaturen som kan oppstå når flinke folk faktisk er usamde om viktige tema, når det er motstand, når noko står på spel. Og så liker eg å le.

I den andre enden av skalaen finn du dei ukarismatiske mumlarane som aldri når ut over scenekanten. Eller dei overkoselege bokbada der intervjuar og forfattar snakkar innforstått og motstandslaust om hendingar og karakterar i ei bok dei har full kontroll på, men som få i publikum har lese. Eller debattane der ingen diskuterer med kvarandre, bare framfører sin eigen monolog. For ikkje å snakka om «debattar» der alle er einige og 100 prosent konvensjonelle. Eller når dei pretensiøse går på scenen – for å visa kor avanserte dei er. Verst av alt: Alle dei litteraturarrangementa som bare er kjedelege.

Problemet er at du aldri heilt kan vita på førehand kva som blir magisk og kva som blir slapt. Men finst du interessert i bøker, eller samfunnet, er dette dagane du kan få stimulert din aller mest erogene sone: Hjernen.

  • Her er ei oversikt over fleire kulturarrangement
Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Viking-spiller ferdig i klubben: – Det er leit

  2. En person innlagt med korona

  3. Slik blir det nye stupetårnet i Stavanger

  4. Stavanger får kritikk for plassering av dagligvarebutikker

  5. Nå må vi le av sommerferien vår. Det fikser denne tv-serien

  6. Desse yrka er hardast ramma av høg arbeidsløyse

  1. Kultur
  2. Litteratur
  3. Festival
  4. Stavanger
  5. Kapittelfestivalen