Slutt på billeg straum?
GJESTEKOMMENTAR: Låge elektrisitetsprisar som varig norsk konkurransefortrinn bør ikkje takast for gitt.
- Klaus MohnRektor og professor, Universitetet i Stavanger

I Noreg har me vore godt vane når det gjeld straum. Forsyninga er i all hovudsak fornybar, prisane har vore lågare enn i resten av Europa og forbruket har vakse seg tilsvarande stort både i hushalda og i næringslivet. I eit kjølig klima held me oss med spreidd busetnad, store bustadar, kraftkrevjande industri og lite merksemd på energiøkonomi.
Men no kan gode råd bli dyre. For gjennom dei to siste åra er energisituasjonen nær sagt kasta om kull. Straumprisane er pressa opp – av høge ambisjonar om grønt skifte i Europa, av krigen i Ukraina og av ein kriseprega gassmarknad. Noko av dette er forbigåande. Men ikkje alt.
Større marknad for straum
Gjennom utanlandskablane blir den norske krafta direkte eksponert mot prisdanninga i Europa. Resultatet er at utviklinga i norske elektrisitetsprisar i dag heng endå tettare saman med europeiske prisar enn før 2022.
At den norske kraftmarknaden blir kopla til kraftmarknaden i Europa, er bra. Ein opplagt grunn er at prisauken aukar verdien av dei norske vasskraftressursane. Ettersom norsk kraftproduksjon i all hovudsak er eigd av staten, går ekstrainntektene til fellesskapen, ikkje til private investorar. Utfordringa som står att, er å fordele ein rimeleg del av ekstrainntektene til folk flest, med mest til dei som treng det mest.
Ein annan grunn til at integrasjon er positivt, er at fleksibiliteten i den norske vasskrafta kjem til betre nytte som reserveforsyning for meir ustadig sol- og vindkraft. Dette bidreg til at utbygging av ny, fornybar kraft blir mindre problematisk både i Norge og Europa. I kombinasjon med vasskraft og vindkraft på land og til havs vil koplinga til Europa betre både økonomiske verdiar og energitryggleik for norske hushald og næringsliv i Fastlands-Noreg.
Prisgitt Europa
Med store investeringar, høgare energiverdiar og betre energisikkerheit er det lite som tydar på at integrasjonen mellom kraftmarknaden i Norge og Europa vil snu. Tannkremen er ute or tuben, og det er knappast nokon veg tilbake. Tida kan vere over for særnorsk, billeg straum. Snarare må ein rekne med at straumprisane i tida som kjem, vil følgje tilsvarande prisutvikling i Europa. Ein føresetnad for låge elektrisitetsprisar i Noreg blir i så fall at prisane i Europa òg blir låge. Det er mykje å håpe på.
Prisen me alle betalar for straumen er samstundes prisen kraftprodusentane tek imot når dei sel straum. Låge straumprisar vil dermed gje lågare inntekter for produsentane av fornybar kraft, og lågare lønsemd for innan vindkraft, både til lands og til havs.
Eit mål om låge straumprisar står dermed i konflikt med målet om utbygging av meir fornybar energi. For vindkraft på land står kontroversane i kø, og no blir vindkraft til havs ramma av kostnadsauke og høgare renter. Havvind er i dag ikkje lønsamt. Sjølv botnfast vindkraft sør i Nordsjøen avheng av store subsidiar frå staten, blant anna fordi ein ikkje vil tillate eksport av straumen til kontinentet, med betre fleksibilitet og høgare prisar.
Så fordi vindkrafta frå Nordsjøen skal avgrensast til den norske marknaden, treng ein meir støtte frå staten. Rekninga går til skattebetalarane. Utan milliardar i stønad frå staten er det for tida lite som løner seg, og verre blir det om ein ikkje kan håpe på anna enn låge straumprisar.
Verdi er lik viljen til å betale
I Norge har ein aldri lykkast i å utvikle industri knytt til naturgass. Den enkle grunnen er at betalingsviljen for gassen har vore så veldig mykje høgare i Europa. Som med oljen, spelar det inga rolle kva det kostar å produsere gassen. Ein vil uansett selje der ein får best betalt. Slik er det òg med straumen.
Via gassrøyra har ein difor skipa gassen rett ut i den europeiske marknaden, med enorme inntekter som resultat. Det stiller seg annleis i land der gassen ikkje har tilgang til ein internasjonal marknad. Der brukar ein gassen innanlands fordi ein ikkje har meir verdifulle alternativ, og utviklar i tillegg gjerne LNG-anlegg, petrokjemisk industri, ammoniakk- og hydrogenproduksjon.
Utan utanlandskablar var den norske vasskrafta eit stykke på veg stranda i Norge. Dette er nok ein viktig grunn til at me kunne satse på kraftkrevjande industri. Med påkoplinga av kraftmarknaden til resten av Europa er situasjonen annleis. Straumen er ikkje lenger stranda, men kan seljast til internasjonal marknadspris. Ei slik utvikling vil løfte verdien av norske kraftressursar og opne for større verdiskaping. Men for hushald og industri som har basert seg på låge kraftprisar, er det tid for omstilling.
Klaus Mohn: «På leit etter oljeframtida»
Utsiktene føreset omstilling
For oss som forbrukarar har historia med billeg straum senka medvitet rundt straumsparing og energieffektivisering. At nordmenn ikkje skrur av lyset, er ein velkjent anekdote. Viktigare er det at me held oss med store, oppvarma bustadar, og at me har satsa på eit næringsliv som treng mykje kraft.
Gamle vanar kan vere vonde å vende, og verre blir det når ein har lagt ned store investeringar basert på utsikter til billeg straum. At både veljarar og næringslivsinteresser mobiliserer kraftig mot straumprisauke, er dermed ikkje så vanskeleg å forstå. Mykje tyder likevel på at det ikkje finst nokon veg tilbake.
Sjølv om mange ikkje heilt klarar å gje slepp på fortida, så kan billeg norsk straum som eit varig norsk konkurransefortrinn vere ein saga blott. Når status og forventningar omsider blir justerte hjå norske politikarar og næringslivsleiarar, vil næringspolitikk og -utvikling bli tilpassa ein situasjon med knappare kraft og høgare straumprisar. Ei slik tilpassing kan støtte opp om meir gjerrig naturforvaltning, betre lønsemd for fornybar energiproduksjon og ein meir effektiv klimapolitikk.
Følg på Twitter: @mohnitor
- Tidlegare tekstar frå Klaus Mohn (og artiklar der han er nemnt)
- Andre gjestekommentarar i Aftenbladet