Dette gjer vondt, Unge Høgre!

KOMMENTAR: Det gjer vondt å lesa om Unge Høgres hjelpelause forsøk på å skjerma jenter såvel som organisasjonen sin frå Kristian Tonning Riise.

Publisert: Publisert:

Først denne veka trekte Kristian Tonning Riise seg som leiar for Unge Høgre. Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

  • Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
iconDenne artikkelen er over to år gammel

På eit fylkesårsmøte i Unge Høgre i 2014 var dåverande sentralstyremedlem i Høgre, Kristian Tonning Riise, invitert som hovudgjest og føredragshaldar. Han var 25 år. Den nesteldste på møtet var 19. Utover kvelden observerte fleire at ei 16 år gammal jente som hang saman med Riise blei svært berusa. Ho fekk øl av Tonning Riise. Dåverande fylkesleiar og eit styremedlem måtte på eit tidspunkt følgja ein annan deltakar til legevakta. Dei bad då Tonning Riise passa på den svært berusa 16-åringen så lenge, sidan han var den einaste vaksne igjen.

Varselet

Han lova det. Då dei kom tilbake, fann dei Tonning Riise på eit soverom, der han hadde seksuell omgang med 16-åringen.

To av Unge Høgres folk denne kvelden har fortalt dette til Aftenposten. Og jenta sjølv. Som ennå blir ute av seg når ho snakkar om dette, tre år seinare. Ho ville det ikkje, ho har klandra seg sjølv, ho var så berusa at ho ikkje var i stand til å seia verken ja eller nei til Riise.

Den kvelden bad ho dei andre varsla leiinga i Unge Høgre sentralt. Det blei gjort umiddelbart, til dåverande generalsekretær Christopher Wand.

Tre månader seinare blei Kristian Tonning Riise valt til leiar i Unge Høgre.

Ingen slo i bordet

Denne saka, og fleire andre liknande, skriv Aftenposten, fekk fleire fylkeslag til å mobilisera i 2014 for å hindra at Riise blei valt til leiar. Dei prøvde å finna motkandidat. Men ingen ville. Han blei valt. Det same gjentok seg i 2016. Forsøk på mobilisering lykkast ikkje, han blei gjenvalt utan motkandidat.

I haust blei han også stortingsrepresentant, etter ein intens nominasjonskamp i Hedmark.

Ingen har klart å mobilisera, ingen har klart å slå i bordet og seia høgt at ein slik leiar kan vi ikkje velja, ein slik leiar kan vi ikkje velja om igjen, ein slik leiar kan ikkje også få vinna nominasjonskampen om ein stortingsplass.

To fylkeslag la restriksjonar på Tonning Riise - dei nekta han å vera aleine med unge jenter. Dei fotfølgde sin eigen, tillitsvalde leiar for å verna unge medlemmer mot han.

Først denne veka trakk Tonning Riise seg frå leiarvervet i Unge Høgre.

Les også

Unge Høyre-leder trekker seg

Nitrist

Ingen saker i kjølvatnet av metoo-kampanjen har gjort meg så trist.

Vi snakkar om oppegåande, politisk engasjerte unge menneske. Og sidan dei kjenner seg heime i Unge Høgre, med ei sterk tru på kva forskjell eit enkeltmenneske kan gjera i verda, ei tru på den enkelte sitt initiativ og fridom, så lenge den ikkje går utover andre.

Og likevel klarer ingen å stoppa dette på minst tre år.

Kva er dette? Blir ein så blenda av ein annans posisjon? Eller blir ein så lamma av å vera vitne til så grenselause overtramp?

Eller har dei også fått med seg, som min generasjon har det, at seksuell trakassering ikkje er noko ein går vidare med, det er ikkje noko ein kan konfrontera eller kalla for ei spade, det er bare noko ein må prøva å begrensa på umerkeleg vis?

Er det difor ungdommar i Unge Høgre har blitt gåande rundt som levande skjold mellom sin eigen leiar og unge jenter?

I så fall kjenner eg trong til å beklaga. Min generasjon skulle ha tatt den smellen. Så de kunne nådd fram.

Publisert:

Les også

  1. Høyre: Har sviktet grovt i behandling og oppfølging av varsler og beklager overfor varslerne

  1. Seksuell trakassering
  2. Kristian Tonning Riise
  3. Høyre (H)
  4. Unge Høyre