Frekkheitas nådegåve

KOMMENTAR: Statsminister Erna Solberg (H) ber andre politikarar reflektera over etiske problemstillingar i abortlova. Sjølv ofra ho den etikken for eiga makt.

Publisert:
Solveig G. Sandelson
Debattredaktør

Erna Solberg har fått si fleirtalsregjering nettopp fordi ho sjølv vifta med endringar i abortlova under nasen på KrFs nestleiar Kjell Ingolf Ropstad Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Det er seint torsdag kveld. Statsminister Erna Solberg kostar på seg eit lite smil, mens ho på direkten i Debatten i NRK lyttar til kritikken frå opposisjonen. Ho har fått KrF inn i regjeringa. Ho har fått si fleirtalsregjering.

Så går ho i rette med Jonas Gahr Støre, for at han ikkje tok tak i saka om tvillingabortar mens han sjølv sat i regjering, då legar bad om at dette blei avklart juridisk. Noko han sjølvsagt burde ha gjort.

Utan sidestykke

Men Solberg tillet seg også å mana dei andre politikarane til refleksjon, og minner om at det ligg store etiske problemstillingar her.

Det er så frekt at det heilt saknar sidestykke. For Erna Solberg har fått si fleirtalsregjering nettopp fordi ho sjølv lettvint vifta med endringar i abortlova under nasen på KrFs nestleiar Kjell Ingolf Ropstad. Det blei heilt avgjerande for at KrF sitt ekstraordinære landsmøte 2. november i fjor valde å søkja samarbeid med Solbergs regjering, i staden for å prøva seg til venstre.

Abortutspelet kom rett før dei ekstraordinære fylkesårsmøta i KrF starta. Der ein skulle velja utsendingar til landsmøtet, der ein skulle leggja grunnlaget for retningsvalet.

Abortsaka, som i KrF høyrer med i deira kamp for likeverd og mot sorteringssamfunnet, er ei hjartesak for mange i partiet. Og i vesle KrF er ein vant til at det er enkeltsaker ein må prøva å få gjennomslag for.

Mange av dei brenn sterkt for å endra paragraf 2c i abortlova, som seier at stor fare for alvorleg sjukdom hos fosteret gir grunn til å få innvilga abort etter 12. veke. Viss sånne avvik føreligg, treng ikkje kvinna seia noko meir.

Historisk sjanse?

Jo fleire møta i KrF blei, jo oftare og meir dirrande blei Ernas opning for å endra nettopp denne paragrafen halden fram som sjølve hjartegrunnen til å gå til henne.

«Vi kjem aldri til å få den sjansen igjen i vår levetid,» sa Oslo KrFs Ragnhild Aadland Høen under det ekstraordinære landsmøtet. «Vi kan gjera ein historisk forskjell for menneskeverdet i Norge. KrF står overfor eit vegval. Ein ting er heilag i vårt parti: Livet. Vi kan ikkje svikta i denne skjebnetimen.»

For nestleiar Kjell Ingolf Ropstad hadde alt sagt at han meinte det var muleg, i sin tale til landsmøte. Det var der talen hans slutta. Med kampen mot sorteringssamfunnet: «Vi har ein god forhandlingsposisjon viss vi går til Solberg,» sa Ropstad. «Eg meiner det er mulig, gjennom forhandlingar, å få til ei endring.» Han siterte gutten med Downs som sa til han: «Du må lova at sånne som meg kan bli fødde.» Han slo fast at KrF nå hadde ein historisk sjanse, og appellerte til landsmøtet om å vera den varme stemma på ikkje-sosialistisk side, og gå for nye, politiske gjennomslag.

Aldri realistisk

Men det var aldri realistisk å få gjennom ei slik endring i abortlova. Det finst ikkje nok politisk vilje til det nokon stad i dette landet. Ikkje i nokre av dei tre andre partia KrF nå skal dela regjeringsmakt med. Ikkje i Solbergs eige parti. Ikkje i opposisjonen. Og minst like viktig: Ikkje ute blant folk flest. Debatten storma i haust, bidraga var såre og opprivande, folk mobiliserte og demonstrerte.

At alt i abortlova handlar om djupe, etiske spørsmål har til nå alle politiske leiarar og parti forstått. «I så vanskelege spørsmål må ein finna breie etiske og politiske løysingar som står seg over tid,» sa Senterpartiets leiar Trygve Slagsvold Vedum i Debatten torsdag.

Erna Solberg braut med dette i haust. Ho sette abortlova i spel for å behalda og utvida eiga makt. Ho må ha visst at det ikkje fantes nok politisk vilje i heile landet til å kunna få det gjennom. Eller ho må ha trudd at hennar eigen posisjon trumfar absolutt alt, og kan brukast til å få gjennom kva som helst.

Det siste trudde tydelegvis mange nok i KrF også på. Det tener dei i dag lite til ære.

Endringa

Det KrF og Solberg har fått gjennomslag for i regjeringsforhandlingane, er å endra lova slik at det ikkje lenger blir muleg å abortera eit friskt tvillingfoster før tolvte veke. Vi er så godt som aleine om å tillata dette. Og grunnen til at det er tillatt, er fordi ein ikkje juridisk kan finna haldepunkt for at det ikkje er lov, i den eksisterande teksten. I fjor blei åtte slike abortar utførte, av totalt rundt 12 000 registrerte abortar. At det er lov, syns eg er ein opprivande tanke. Men å endra lova fører ikkje nødvendigvis til færre slike abortar, det kan like gjerne føra til at begge tvillingane blir abortert. Det ligg djupe etiske problemstillingar her, som i alle sider ved den norske abortlova.

Den er frå 1970-talet. Den søkjer å balansera kvinnas rettar mot barnets, ved at barnet får sterkare og sterkare rettsvern jo lenger ut i svangerskapet ein kjem. Teknologisk og medisinsk utvikling kan ein dag gjera det nødvendig sjå på utforminga av lova igjen - treng den å moderniserast, for å kunna leva opp til det som har vore og fortsatt bør vera intensjonen i lova?

Tilliten

Då trengst nettopp breie etiske og politiske diskusjonar, med løysingar som vil stå seg over lang tid. Det har Erna Solberg torpedert grunnlaget for.

Solbergs bruk av abortlova i eit kynisk maktspel tener henne difor ikkje bare lite til ære. Den er direkte uetisk. Ingen av oss, uansett partifarge eller syn på abortlova, har nokon som helst grunn til å festa lit til Erna Solberg når ho snakkar om etiske refleksjonar og abortlova i same setning. Ingen.

Ho gjer det, likevel.

Les også

Ei vakker oppvisning i demokrati

Publisert: