Heltar eller terroristar?

Kva skal ein eigentleg tenkja om dei andre framandkrigarane?

Kvinnelege krigarar frå opprørsalliansen SDF, som alt har kontroll over delar av den syriske byen Raqqa. Foto: RODI SAID / X03675

  • Øyvind Strømmen
    Øyvind Strømmen
    Forfattar og journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Slaget om Raqqa står i desse dagar. Dei såkalla syriske demokratiske styrkene (SDF), ein kurdiskdominert opprørsallianse med støtte frå USA, har allereie kontroll over delar av byen. Antakeleg er det berre eit spørsmål om tid før den sjølverklærte islamske staten sin viktigaste by i Syria fell.

Les også

USA sier de skjøt ned syrisk kampfly som bombet amerikanskstøttede styrker

Jenta med det raude skjerfet

Blant dei som allereie har ofra livet i kampane om Raqqa er Ayşe Deniz Karacagil, også kjent som «jenta med det raude skjerfet». Ho var 21 år gamal då ho i 2013 vart arrestert i etterkant av dei omfattande demonstrasjonane mot den tyrkiske regjeringa, og anklaga for ei rekkje lovbrot, blant anna vart det raude skjerfet ho var avbilda med under protestane tolka som prov på at ho var medlem av ein terrororganisasjon. På dette absurde grunnlaget søkte aktoratet å få henne fengsla i minst 24 år, noko som jamvel vakte internasjonal merksemd. Forsvarsadvokaten hennar, Hakan Evcin, sa til britiske Daily Express at aktoratet openbert søkte å skremma andre frå å demonstrera.

Etter å ha sete i varetekt i månadsvis vart ho sleppt fri, i påvente av rettssaka. Åtte andre som var tiltalt i same sak vart frifunne i mai 2016, medan advokat Evcin vart arrestert i september det året, sjølv anklaga for å vera medlem av «den gülenistiske terrorrørsla», som tyrkiske styresmakter skuldar for å ha stått bak kuppforsøket i landet i fjor sommar. Då hadde Karacagil for lengst flykta gjennom fjella til Syria, der ho slutta seg til dei kurdiske styrkene i YPG. Dei er ikkje berre ein viktig del av del av amerikanskstøtta SDF, dei er også ei gruppe som i Tyrkia vert sett på som terroristar.

Les også

Erdogan provosert over kurdisk milits med USA-flagg

Framandkrigar eller helt?

Karacagil ser ikkje ut slik mange førestiller seg ein framandkrigar. Twitter-profilen hennar syner ei smilande, ung kvinne; ho kan nesten minna om ei søt nabojente i ein amerikansk high school-film, jenta hovudpersonen er håplaust forelska i. Det er dessutan ganske lett å få sympati med henne. Ikkje berre stod ho opp for det ho trudde på i eit Tyrkia der utviklinga har gått i gal retning i fleire år, ikkje berre var ho eit offer for absurde skuldingar frå myndigheitene si side, men ho hadde faktisk også motet til å ta kampen mot vår tids kanskje verste totalitære rørsle, Islamsk Stat. Ho kan – kort fortalt – framstå som ei heltinne, og når den såkalla Internasjonale

Fridomsbataljonen i sosiale media hyllar henne som ein martyr har det ikkje det den same skremmande klangen som ordet ofte får i våre dagar.
Men det er noko som kompliserer det biletet. På eit bilete – henta frå ei videofråsegn – står den smilande unge kvinna framfor flagget til det tyrkiske undergrunnspartiet MLKP, eit marxist-leninistisk og av alle ting hoxhaistisk parti. Flagget er dominert av hammar og sigd. Og den Internasjonale Fridomsbataljonen sin hyllest av henne sluttar med følgjande ord: «Plukk opp hennar raude skjerf og kjemp vidare! For kvinner! For livet! For kommunismen!».

Det er ikkje underleg. Denne bataljonen er sett saman av framandkrigarar frå ei rekkje land, framandkrigarar som svermar for ideologiar aller ytterst på venstresida. Ifølgje ein nyleg artikkel i den italienske avisa La Repubblica inkluderer det både kinesarar, albanarar, tyrkarar, italienarar og engelskmenn, både greske anarkistar og franske maoistar. Avisa samanliknar med dei friviljuge i den spanske borgarkrigen.

På bataljonen si Facebook-side kan ein sjå eit stort bilete av væpna menn på eit hustak. «Flagget vårt er raudt med martyrane sitt blod», står det skrive på veggen nedanfor dei.

Les også

Russland: Kan ha drept IS-lederen

Endå meir komplisert

Er dei heltar, eller er dei farlege revolusjonsromantikarar som sjølv svermar for ein totalitær ideologi?

Den Internasjonale Fridomsbataljonen er med på å gjera eit komplisert bilete endå meir komplisert. Dei kjempar mot den sjølverklærte islamske staten og dette «kalifatet» sitt barbari. Dei framhever kvinnekamp. Men også dei er framandkrigarar som svermar for idear som i beste fall kan omtalast som problematiske. Dei utgjer ein del av dei amerikanskstøtta opprørarane i Syria, opprørarar ein også kan sjå på som våre allierte, men kjemper altså saman med styrker tyrkarane – våre NATO-allierte – ser på som terroristar. Og når krigen ein dag er over kan dei venda attende til sine heimland, kanskje med både krigserfaring og med dei psykiske etterverknadene det å delta i krig kan ha. Vil dei vera ufarlege då? Kan nokre av dei jamvel koma til utgjera eit terrortrugsmål, men denne gongen frå ytre venstre?

Den Internasjonale Fridomsbataljonen er rett og slett ein brysam bataljon, ein detalj, men ein detalj av den typen som får folk til å seia at djevelen ligg i detaljane. Det heile koker ned til spørsmål det ikkje berre er enkelt å svara på. Er dei heltar, som er viljuge til å ofra livet i eit framand land, i kamp mot IS? Eller er dei farlege revolusjonsromantikarar som sjølv svermar for ein totalitær ideologi? Eller er dei kanskje begge delar?

Uansett er dei verdt å vita om.

Publisert:
  1. Syria
  2. Raqqa
  3. Tyrkia

Mest lest akkurat nå

  1. Hillevågtunnelen stengt

  2. Det forlatte alpe­paradiset Ischgl sliter med skammen og ryktet. Én turist­gruppe vil de ikke ha til­bake

  3. Sirdal-rådmann: - Unngå fester på tvers av hyttene

  4. Før syntes de at bilene var stygge. Nå eier de 60–70 gamle Saaber.

  5. Brann-spiss på vei til Sandnes Ulf

  6. Nå kan du få mykje for hytta: – Aldri opplevd maken