Fordømming og straff

KOMMENTAR: Eg har aldri blitt så prega og fortvila over å lesa ei bok, som denne om Abida Raja. Aldri.

Abida Raja har fortalt si historie til Håkon F. Høydal gjennom fleire år. Denne veka kom boka «Frihetens øyeblikk».
Publisert: Publisert:
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Abida Raja blir tvangsgifta i Pakistan, 18 år gammal. Mannen hennar blir også det. Ho er hans eigedom. Ingen av dei er frie. Han slår seg til sex med henne. Kvar kveld, til å begynna med. Tvingar henne. Etter kvart, gjennom dei over tjue åra dette skal vara, kanskje to gonger i veka med seksualisert vald. Utanom dette, fysisk vald, krangling, skjellsord, drapstruslar, fullstendig sosial kontroll. Og ingen veg ut. Ikkje for nokon.

Slik les eg Abida Rajas historie, som ho over fleire år har fortalt til Håkon F. Høydal, som har skrive den, i boka «Frihetens øyeblikk». Abida Raja er storesyster til advokat, stortingspolitikar og tidlegare statsråd Abid Raja (V).

Straff. Overalt

I denne historia får gravide Abida til slutt beskjed om å koma heim til Norge. Og at mannen skal koma etter. Dei får fire barn saman. Han slår og mishandlar Abida, han slår og mishandlar barna. Og Abida vernar dei ikkje. Seinare hugsar ho at ho gøymde seg når han slo dei med ei stong nede i kjellaren. Ho klarte ikkje å høyra på at han gjorde barna vondt. Ho slår dei, ho også. Ho repeterer mønsteret frå sin eigen familie. Far slo og truga mora og barna. Mora slo også barna.

Abida sjølv støttar ikkje yngstedottera når ho melder faren til politiet. Femten år gammal står ho aleine i rettssalen og vitnar mot far sin. Han blir dømt.

Ho, Abida, går ikkje frå han før ho forstår at det ikkje hjelper barna hennar at ho blir. Ho vil dei skal ha eit fritt liv. Ho ser at dei ikkje kan få det, viss ikkje ho bryt ut. Dei to eldste barna hennar er dei einaste av dei ho spør som vågar å skriva under som vitne på skilsmissepapira. Ingen andre. Det er for risikabelt.

Mannen hennar kan ikkje gi henne skilsmisse, seier han. Han vil bli straffa av Gud for det.

Det er nå

Abida mister først alt når ho prøver å bryta ut. Hus, heim, økonomi. Støtte. Familie. Barna sine. Barnevernet finn det best at dei bur ein annan stad for ein periode. For Abida stadfestar også mange i det norske hjelpesystemet at det er og blir mannen som sit med makta. Ikkje henne.

Det er nå, dette. Det er i min eigen generasjon, og i den til barna mine. Eg kan ikkje skriva «til slutt …», for det er ikkje slutt. Det er ikkje over. Abida og alle barna hennar har meldt faren til politiet for vald. For Abida sin del, også for seksualisert vald. Politiet har etterforska i eitt år. Dei er ikkje ferdige ennå. Om politiet kjem til å ta ut tiltale mot mannen, veit vi ikkje.

Hans versjon av denne historia, får vi ikkje i boka. Politiet har gitt forlaget råd om ikkje å informera familien før boka er ute, fordi dei vurderer at Abida lever i ein trusselsituasjon. Det er djupt problematisk. Boka er ute, vi skriv alle om den. Eksmannen får svara, og avviser gjennom advokaten sin både påstandane om tvangsekteskap og vald, også hos oss. Men i mengde og omtale vil det aldri nå opp mot Abidas historie. Som er sjekka ut og forsøkt dokumentert så langt det går. Ved å kontakta andre som kan stadfesta det ho fortel, ved å be om innsyn i dokument der deler av dette kjem fram. Men ikkje alt har hatt andre vitne, ikkje alt er opplevd av andre enn dei to. Det er hennar historie eg har vist fram delar av her. Slik eg las den.

Runddansen

I denne hengemyra av undertrykking er ingen frie til å ta ansvar for anna enn meir undertrykking. Av eige og andres liv og helse og fridom. Særleg ikkje kvinnene. Mødrene. Venninnene. Døtrene. Berre med heilt reell fare for eige liv og eiga helse, kan dei gjera det.

Abida gjer det. Det er ufatteleg modig. Ikkje berre lever ho alt med truslar, ho vågar også å la historia om hennar eigne svik få stå. Mot barna. At ho ikkje greip inn. At ho ikkje møtte følelsane deira. At ho ikkje støtta dei. At det hendte ho i redsel drog, mens barna var igjen.

Det er ein evig runddans i avmakt, tvang, undertrykking og vald. Ingen kan pusta fritt. Det er kanskje det mest imponerande ved Abidas historie – at ho maktar å få fram korleis alle er fanga. Så skuldar vi Abida, og hennar ufattelege mot, at vi ikkje forenklar den runddansen.

For ho riv plasteret av ein ukultur, blottar for oss som er majoriteten og som har levd lengst i landet, korleis undertrykking og grov vald går igjen og igjen på innsida av ein muslimsk minoritet. Det er også risikabelt. For henne. Og for andre norsk-pakistanske muslimar. Det kan utsetja mange av dei for meir hets. Noko som neppe gjer nokon friare.

Grepet

Sjølv står eg ein heil avgrunn borte. Sjølv om det også i majoriteten blant oss føregår vald og undertrykking av kvinner og barn, sjølv om også vi kjenner til at den som blir slått begynner å slå, eller finn seg ein partnar som slår. Sjølv om vi kjenner mange slike historier frå heilt andre miljø. Om kor vanskeleg det er å bryta ut. Kor vanskeleg det er for andre å gripa inn.

I ukulturen Abida Raja fortel om, er undertrykkinga i tillegg sett i knugande, undertrykkjande system. Det har lange fangarmar, for dei som er i det. Frå Gud til far til mor til barn. På tvers av familiar. Gjennom minst to land.

Boka er ute. Diskusjonane må følgja. Om venstresida som har vike unna, om dei som har ropt høgt, men fort blitt kalla rasistar. Om andre som utnyttar alt slikt til å spreia rasisme. Om oss, til høgre og venstre, som ennå ofte står med hendene hengjande langs sida.

For korleis veit vi om ei kvinne i hijab ber den som stolt og fri muslim, eller som grovt undertrykt og mishandla? Korleis veit vi om ein muslimsk gut er utsett for sosial tvang?

Korleis kan vi gripa inn i denne ukulturen, utan å mista grepet om dei som treng hjelp?

Publisert: