Må dei spenna bein på ruspasientane?

KOMMENTAR: Sidan 2004 har regjeringar av skiftande fargar lagt rusbehandling ut på anbod. Det blir det alvorlege snubletrådar av.

Blant alle pasientar finst det dei som er meir utsette enn andre. Det gjeld eldre, kronikarar, psykisk sjuke og rusavhengige.
Publisert: Publisert:
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Kven som helst kan kjenna seg ganske utsett som pasient i helsevesenet. Du er sjuk eller skada, og ute av stand til å ta vare på deg sjølv. Du må overlata kontrollen og ansvaret for di eiga helse og ditt eige liv til andre.

Mellomromma

Men blant alle pasientar finst dei som er meir utsette enn andre. Som ikkje får den hjelpa dei treng, fordi sjølve systemet skapar krøll for dei. Det er dei med samansette helseproblem. Det er eldre, kronikarar, psykisk sjuke og rusavhengige. Dei fell mellom fleire stolar, mellom fleire avdelingar på sjukehuset og mellom sjukehus og kommune.

Mellomromma gir trøbbel for dei. Dei blir ikkje friske av ein operasjon, sjølv om dei kanskje treng det også. Om rus ligg under andre sjukdommar, blir det ikkje alltid oppdaga. Dei treng ofte lang og samansett behandling. Og dei treng meir enn andre at alt heng saman, at ting skjer når dei er klar for det, at ting ikkje endrar seg når dei slett ikkje er klar for det. Og blant dei som treng hjelp frå psykisk helsevern og rusmedisin, er ikkje det å stola på andre menneske enkelt, sjølv på ein god dag.

Heilt sist

Dei som treng tverrfagleg, spesialisert rusbehandling – TSB, som det nokså teoritørt heiter – kjem ofte aller sist blant desse. Sjølv når Helsedirektoratet skriv rapport nettopp om desse utsette gruppene, blir TSB-pasientane nemnde heilt til slutt.

Den rapporten kom i Bent Høie (H) si tid som helseminister. Det gjorde også alkoholstrategien, der det står at «regjeringa vil ha basistjenester som akuttmottak, avrusning, poliklinikk, ambulante tjenester og døgnbehandling, innen tverrfaglig spesialisert rusbehandling i alle helseforetak.» Det vil helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) også, for ho la Høies alkoholstrategi med då ho ved årsskiftet sende sine befalingar – eller oppdragsdokument, som det heiter – ut til sine folk. Blant dei er Helse Vest, som så skal gi oppdrag vidare til sjukehusa på vestlandet.

Sjukehuset vårt, SUS, er vårt helseføretak. Dei har ikkje vore gode nok på desse basistenestene. Slik gjekk det til at dei tidleg i år fekk beskjed av Helse Vest, då dei sende ut sine befalingar, at alle akutte tenester på dette feltet skulle skje på sjukehuset. Til nå har dei hatt ein del, men dei har delt det med Rogaland A-senter.

SUS må rusta opp for å sikra at pasientar som har rus som ein del av sjukdomsbildet, får god nok hjelp, uansett avdeling.

For oss som står utanfor
og ser på dette,
gir det inga meining.

Avtalane

Samtidig finst det lange tradisjonar for at mykje av rusbehandlinga føregår ved ideelle institusjonar, som Rogaland A-senter, via ein avtale med sjukehusa. Politikarane både til høgre og venstre og midt i held desse institusjonane høgt.

Sidan 2004 har avtalane med Helse Vest blitt inngåtte ved anbod. Uansett farge på regjeringa. Der skal ein gjera klart kva tenester ein treng å kjøpa inn. I år gjekk ein ny slik anbodsrunde i området til Helse Vest. Der skulle ikkje akutt-tenester innan TSB vera med, for det skal sjukehusa sjølv stå for. Altså mindre til dei ideelle, i vårt område.

Slike avtalar inngåtte etter anbod kan ikkje vera uendelege, det finst det lovverk om. Men dei må vera lange nok til å vera føreseielege for dei institusjonane, samtidig som det skal vera råd for nye aktørar å koma inn.

I år blei resultatet av dette brutalt. Rogaland A-senter, som har hatt avtale sidan 2004, og som har bygd opp eit sterkt fagmiljø innanfor rusmedisin – noko som er sjeldan kost her i landet – nådde ikkje opp. Dei var for dyre. Nye i vår region blir då Tyrilistiftelsen, velrenommert, dei også, men så langt har dei ikkje så mykje meir enn avtale om ei tomt i området.

Les også

KRONIKK: Norsk forening for rus- og avhengighetsmedisin er redd for at Helse Vest lar økonomien få mer å si enn kvaliteten på tjenestene til pasientene.

Riktig?

Nå er ikkje dette endeleg avgjort, for Rogaland A-senter vil ha ei rettsleg avgjerd på om anbodet er gjennomført på riktig vis. Spørsmålet blir om Helse Vest har vore klare nok i anbodet sitt, informert godt nok og vurdert kvalitet så høgt som dei seier dei skal. Og om Rogaland A-senter har oppfatta det riktig og svart på akkurat det ein bad om i dette anbodet. Det blir opp til retten å avgjera.

Imens spør politikarar frå det tidlegare regjeringspartiet Venstre om regjeringa nå har lagt opp til å riva ned tilbodet til dei ideelle, og laga nye offentlege tilbod i staden.

Det er eit nokså billeg utspel. Dei tre institusjonane her som faktisk får avtale, er alle ideelle. Og haldninga om at sjukehusa sjølv må gi betre basistilbod til ruspasientar, vaks fram under regjeringa Venstre var ein del av.

Eg skulle ønska at dei heller diskuterte om anbodsordninga verkeleg er eigna for så utsette pasientgrupper som dette er. Fordelane ordninga er tenkt å gi når ikkje viktige omsyn til denne pasientgruppa til knea. Tvert imot, den spenner bein under dei som treng at ting heng saman. At ting ikkje endrar seg. At behandling er klar når dei er klare. At dei får behandling for alt dei treng.

For oss som står utanfor og ser på dette, gir det inga meining. At eit godt oppbygd tilbod med høg kompetanse må leggja ned og fagmiljøet brytast opp, mens eit anna – Tyrilistiftelsen – skal begynna heilt på nytt? Det er ein meiningslaus måte å bruka offentlege pengar og gode fagfolk på. Og det er ein meiningslaus måte å vareta denne pasientgruppa på.

Det trengst gode politikarar her. Både frå tidlegare regjeringsparti og nåverande. Som er meir opptekne av å finna gode løysingar for ruspasientane enn å skåra nokså billege politiske poeng.

Publisert: