«Jippi! Gjengkriminalitet!»

KOMMENTAR: To av Frp’s fremste statsrådar er fornøgde bare dei får ropa «vi visste det, vi visste det!». Vi andre kan godt forlanga litt meir av dei.

Publisert: Publisert:

Ansvaret for innvandring og integrering ligg ikkje ein annan stad. Det ligg hos Frp. Her ved justisminister Tor Mikkel Wara og finansminister Siv Jensen. Foto: Heiko Junge, NTB Scanpix

  • Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
iconDenne artikkelen er over to år gammel

«Innvandrere som ønsker å bo i Norge, skal respektere norske verdier og regler. De må lære seg norsk slik at de kan få en jobb og en fremtid. Det er det mange innvandrere som gjør. Men dessverre gjelder det ikke alle. Det finnes eksempler på mennesker som fnyser av våre verdier om ytringsfrihet og likestilling, og kriminelle gjenger og ungdommer som er i direkte opposisjon mot norske verdier, lover og regler. Det finnes foreldre som sender sine barn ut av landet på koranskoler fordi de har blitt «for norske», og personer som mener koranen står over norsk lov. De er kanskje norske på papiret – men de er det ikke i hjertet!»

Dette sa Frp-leiar Siv Jensen i sin tale til partiets landsmøte sist helg. Eg reagerte ikkje på det. Det er ikkje særleg oppsiktsvekkjande å meina at ytringsfridom, likestilling og tillit til ein ikkje-religiøs rettsstat er så sentrale verdiar i dette landet at ein kan kalla dei norske. Eller at dei same verdiane neppe står sentralt i somaliske koranskular.

Men på Facebook og Twitter syntest visst ganske mange at det var opprørande og krenkande.

Skyggesidene

Ropet om krenking har alltid alvorlege skyggesider: Det skyggar for sak. Og det pulveriserer ansvar for sak.

I dette tilfelle fekk finansminister Siv Jensen og regjeringspartiet Frp snakka moralsk opprørte om mangelfull integrering, som om det skulle vera nokon andre sitt ansvar. Som om andre har sove på post.

Men det er faktisk Frp sin post. Dei sit med regjeringsmakt på femte året. Dei har hatt ansvaret for innvandrings- og integreringspolitikken nesten like lenge.

Ta folk på alvor

Justisminister Tor Mikkel Wara (Frp) følgde opp på same skamlause vis i Dagsrevyen måndag denne veka. På Holmlia, på Vestli og på Tveita i Oslo har dei for tida alvorlege problem med ung gjengkriminalitet. Det er bråk, slagsmål skyting, og angrep på så vel natteramnar som politi.

Waras svar til folk flest som såg på Dagsrevyen, er at innvandringa til Oslo har vore for høg, og at den må stoppast. Som om nokon heilt andre enn hans parti og hans regjering har hatt ansvar for det dei siste snart fem åra. Og som om det hjelper det aller minste på eit verkeleg problem.

Frp vil ta folk flest sin kvardag på alvor, sier dei. Dei vil gjera den enklare der dei kan.

Då må partiets justisminister vera i stand til å koma folk på Holmlia og Vestli i møte, og ta tak i deira kvardag. Den kan heilt openbart bli enklare, både for ungdommen i gjengane og for dei som ikkje kan anna enn kjenna at dagane blir mindre trygge. Riktig nok nemnde Wara såvidt at dei set inn «massivt med politi» (meir presist 30 politifolk, som politiet ennå lurer på kor han skal ta frå). Men resten av taletida seier han bare «innvandring». Og at alt er alle andre sin feil.

Det er hans ansvar ikkje bare å sørgja for nok politi, nok ressursar til å få kontroll med det akutte problemet, og nok ressursar til å setja inn gode, førebyggjande tiltak, men å visa at det blir gjort, og at det blir trygt. Og viss det er folks kvardag partiet vil forstå, burde han også visa at han lyttar til dei som kjenner den kvardagen på kroppen, og at også regjeringa ser at eit verkeleg problem som dette må løysast frå fleire kantar.

Gapet

Det er eit samfunnsproblem at ikkje mange nok innvandrarar deltar i arbeidslivet. Det er eit samfunnsproblem at barnefattigdommen i Norge aukar, og at åtte av ti oslofamiliar som hamnar under grensa for fattigdom, har innvandrarbakgrunn. Alt dette gjer forskjellane større, det opnar for mindre tillit, mindre fellesskap og meir utanforskap. Og når forskjellane blir for store, er vi ikkje lenger i stand til å ta inn dei andres kvardag. Vi kjenner ikkje problema deira på kroppen. Vi stolar ikkje på dei, og dei ikkje på oss.

Det er enkelt sagt, sjølvsagt. Og like sjølvsagt er det at skilja ikkje går glasklart mellom vi som har vore norske i det vi ser på som uminnelege tider, og alle dei som ikkje har vore det. Men manglande tilknyting til arbeidslivet, manglande tillit til og frå lokalsamfunnet, fattigdom og utanforskap er ein skikkeleg dårleg miks.

Kriminalitet og vald må stoppast, det bør vi ha politi til. Sjansane for utanforskap må minskast, og kva som skal til, kan nok både politi, sosialarbeidarar, lærarar og det frivillige samfunnet seia mykje om.

Lite nytt

Problemet med ungdomsgjengar er heller ikkje nytt. Ein har klart å løysa det før. Då kan ein klara å løysa det igjen.

Det krev vilje til å lytta, handla, og ta ansvar. − Å, hjelpe meg, for ein flau floskel å skriva. Dette er jo sjølvsagt.

Men nei, ikkje for to av Frp’s fremste statsrådar i regjering. Vår regjering, faktisk, anten vi har stemt på dei eller ikkje.

Det mest opprørande

At det er lite norsk å ta barn ut av skulen og senda dei på koranskule til Somalia, er ikkje ein frykteleg oppsiktsvekkjande ting å seia. Det er lite å bli krenka over.

At eit regjeringsparti suverent dukkar unna ansvaret for sin eigen politikk, er langt verre.

Og det minst tillitvekkande med Frp i regjering er når statsrådar bruker verkelege problem for verkelege folk sin kvardag som ei slags «jippi, det var jo det vi sa»-trampoline. Og så synest å meina at dei dermed har gjort si plikt. Som om det er alt vi kan forlanga.

Det er blodfattig og skamlaust på same tid. Og det gjer ingenting for kvardagen til folk flest.

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. – Akropolis i Stavanger? Det høyres ut som ein by som vil vera større enn seg sjølv.

  2. – Viss skule­barn blir meir og meir stressa av skulen, kvifor er det då barna vi skal endra?

  3. – Frp har lenge bite seg sjølv i halen i bompengespørsmålet. Det gjer vondt

  4. Det viktigaste med Frp? At dei insisterer på at folk må få sjansen til å velja sjølv.

  5. «Biskopen bør seia nei til sjamanen»

  6. Når det er Earth Hour, ja, så er det Earth Hour. I SV tar dei mørket på alvor.

Les også

  1. Sivs festtale

  2. Kjemp for kjeledressane, Frp!

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Innvandring
  3. Tor Mikkel Wara
  4. Siv Jensen
  5. Fremskrittspartiet (Frp)