Skulepresset er verst

KOMMENTAR: Denne veka møtte statsråd Linda Hofstad Helleland (H) bloggarmiljøet for å finna måtar å stoppa kroppspresset mot unge på. Det er bra. Men skulepresset er verre.

Publisert: Publisert:

Samanhengen mellom psykiske helseplager og skulepress er sterk, særleg blant unge jenter. Foto: Brun, Thomas

  • Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Unge i Norge blir stressa og deprimerte av skulepress og kroppspress. Særleg jenter. Og mest av skulepress. Ein dårleg karakter på ein prøve på ungdomsskulen kan dra ned snittet på karakterkortet, og dermed er «alt øydelagt». Heile framtida. Over halvparten av jentene i 10. klasse i Oslo oppga at dei hadde psykiske helseplager i den store Ung Data undersøkinga i 2015. Skulepress blir nemnt på topp som årsak. Før kroppspress.

Seg sjølv

I tillegg til å bli stressa av læraren, blir dei stressa av seg sjølv. Og seg sjølv kan dei jo endra, dei kan læra seg å handtera stress betre, og jobba meir effektivt.

Unge jenter er sikre på at alt står på spel, akkurat nå, heile tida. Om det går bra med dette «alt», er bare opp til dei sjølv. Kva dei presterer, kor hardt dei jobbar, og kor godt dei handterer presset. Mens vurderinga av om det er bra nok, om dei akkurat nå og heile tida klarer alt så godt at dei ikkje set framtida på spel, det overlet dei heilt og fullt til andre. Det er karakterane, tilbakemeldingane frå skulen, som avgjer. Høyrer dei til den fjerdedelen som i tillegg er misfornøgde med kroppen sin, må ein overstrålande mai månad med avsluttande prøvar og avkledde kroppar senda alle stresshormon konstant i taket.

Dei er på alle vis blottstilte, ute i sola eller inne i klasserommet. Får dei ikkje positiv nok respons, går dei bort for å endra seg sjølv.

Samanhengen forsvinn. Og retten til å ha sin eigen ståstad.

Store blindsoner

Ved Universitetet i Stavanger har Marianne Sandvik Tveitnes tatt doktorgraden i PP-tenestas praksis når dei går inn og skal vera sakkyndige i norsk skule. For alle elevar har rett til tilpassa opplæring. Når nokon treng meir tilrettelegging enn andre, skal PPT inn og vurdera. Tveitnes si forsking viser at testar og kartlegging av barnet tel meir enn observasjon og erfaring. PPT undervurderer foreldre og lærarars forteljingar, observasjonar og kompetanse, meiner ho, og barnet sjølv kjem knapt til orde. Samanhengen barnet står i, tel langt mindre enn kva barnet klarte og ikkje klarte på ein test. Faren med det, seier Tveitnes, er at signalet tilbake til skulen er at ein kan finna årsaka til at undervisninga ikkje fungerer ved å testa barnet. Det er hos barnet årsaka ligg, og der endringa må skje. Læringsmiljøet og samanhengen rundt tel ikkje med.

Og PP-tenesta er bare eit eksempel på at løysinga i skulen ligg i å kartleggja, testa og endra barnet, ikkje systemet. Det blir store blindsoner av slikt. Og ein fiffig spiral - jo meir systemet legg vekt på å testa og endra eleven, jo sterkare opplever eleven at det er han eller henne det er noko galt med, og systemet får vera i fred. Med alle sine manglar, feilslutningar og blindsoner, som blir alle store system til del, når dei får veksa uhemma.

Den største endringa på dei 18 åra norske 15-åringar har vore med i internasjonale PISA-undersøkingar, er ikkje at dei har blitt flinkare, men at dei trivst dårlegare, og at fleire og fleire slit med psykiske vanskar.

Årsaka til at noko ikkje går så bra som elevane har inntrykk av at det burde gå, legg dei på seg sjølv. Det er dei som må jobba hardare, det er dei som må strekkja seg lenger. Viss ikkje, kan «alt vera øydelagt».

Men kva dette «alt» er, klarer dei ikkje sjølv å konkretisera. Det kan kven som helst bli stressa av - å vera redd for at det du gjer ikkje er godt nok, og sikker på at konsekvensane blir veldig store av det, men usikker på kva dette store eigentleg er.

Finn ditt eige

Der vi før hadde draumar om ei flott framtid, tolkar mange unge det nå som eit grunnleggjande krav. Krav dei kan og må innfri her og nå, heile tida, elles ryk heile framtida. Og om ein har innfridd eller ikkje, kan bare målast på applausen du får frå omverda. På karakterane dine, på kor mange likes det nye profilbildet på insta’en din får.

Heile tida.

Sånn kan ein jo ikkje leva. Det er jo ikkje til å halda ut.

«Ditt beste utgangspunkt for fremtiden er å være tilstede i nåtiden, uansett situasjon, uansett hvor du er. Du er tilstede i mangfoldet og alt det rare som er der. Selv om det bare er du som ser det akkurat sånn. Du eier det på en måte og kan ikke miste det til andre.»

Det er Arne Næss som har sagt det. Det er viktig. Å finna det du ikkje kan mista. Det ingen kan ta frå deg. Det som ikkje er avhengig av ting som ligg utanfor din eigen kontroll. Det du kan bestemma sjølv. Det handlar om å ta seg retten til å finna sitt eige tyngdepunkt, sin eigen ståstad. Der ikkje alt nødvendigvis ser riktigare eller betre ut enn frå ein annan stad. Men der du ikkje treng å endra på noko i deg sjølv for at det skal bli bra nok.

Ansvaret

Akkurat nå, og eigentleg heile tida, skulle eg ønska særleg unge jenter ville lytta til Arne Næss.

Og mens dei sit der og samlar krefter, før dei vender blikket og kritikken mot systemet, kan kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H), også invitera til møte. Med nasjonale og lokale toppar i skulemiljøet. Ikkje bare for å tilpassa skulen framtidas krav, men for å ta vekk skulepresset. For det er vel og bra å be bloggarane ta ansvar for å stoppa kroppspresset mot unge. Men skulepresset er verre. Og det har regjeringa, uansett farge, eit direkte ansvar for.

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. – Akropolis i Stavanger? Det høyres ut som ein by som vil vera større enn seg sjølv.

  2. – Viss skule­barn blir meir og meir stressa av skulen, kvifor er det då barna vi skal endra?

  3. – Frp har lenge bite seg sjølv i halen i bompengespørsmålet. Det gjer vondt

  4. Det viktigaste med Frp? At dei insisterer på at folk må få sjansen til å velja sjølv.

  5. «Biskopen bør seia nei til sjamanen»

  6. Når det er Earth Hour, ja, så er det Earth Hour. I SV tar dei mørket på alvor.

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Kroppspress
  3. Linda Hofstad Helleland
  4. Jan Tore Sanner