Grip sjansen, SV!

KOMMENTAR: Nyttårsønske: At venstresida, også SV, brettar opp ermene og tar eit tak for debatten om barnefattigdom og innvandring.

Erna Solberg har heilt rett i at auka innvandring er ei svært viktig årsak til aukande barnefattigdom. Foto: Håkon Mosvold Larsen, NTB scanpix

  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel

«Flere barn vokser opp i familier med lav inntekt. En viktig årsak er at det har kommet mange innvandrere til Norge uten kunnskapen og kompetansen som trengs for å klare seg i vårt arbeidsliv. Vi må sikre alle barn de samme muligheter uansett hvilke utfordringer foreldrene har», sa statsminister Erna Solberg i nyttårstalen. I tillegg til det der om at vi må få fleire barn.

Les også

Erna Solbergs nyttårstale

«Med denne talen viser Erna Solberg at hun åpenbart ikke erkjenner at regjeringens politikk øker forskjellene i Norge og at regjeringen ikke gjør det som er skrikende nødvendig i kampen for å stoppe den klimakrisen verden er på vei inn i», kommenterte SV-leiar Audun Lysbakken etterpå, og viste til at regjeringa blant anna har stoppa barnevernsløftet, tatt pengar og hjelp frå sårbare barn og familiar, og latt vera å betala for overgrepsmottaka. I tillegg til at statsministeren sjølv har lagt abortlova på bordet til forhandling.

Ja. Men eg skulle ønska at SV hadde gripe sjansen til å gå rett inn i ein meiningsfull, konkret debatt. At dei kunne fleska til, alt før vi har lært oss å skriva 2019. Med å leggja vekk berøringsangsten for alt som har med innvandring å gjera, og heller debattera nødvendige følgjer og løysingar for det ein måtte meina er den beste politikken.

For Erna Solberg har heilt rett i at auka innvandring er ei svært viktig årsak til aukande barnefattigdom.

Av alle barn

Statistisk Sentralbyrå (SSB) sine tal viser at 101.000 norske barn i 2016 høyrde til i ei hushaldning med vedvarande låg inntekt. Det er 10,3 prosent av alle barn. Men heile 80 prosent av barn i Norge med somalisk bakgrunn lever nå i ein fattig familie. Syrarar og irakarar ligg også høgt. Og spesielt for familiar med bakgrunn frå Somalia og Irak held inntekta seg låg, sjølv etter mange år i Norge.

Det som verkar best for å få ein familie ut av fattigdom, er sjølvsagt at mor og far har jobb. At familien klarer seg sjølv. 36 prosent av somaliske menn jobbar, 22 prosent av kvinnene. Dei tala er frå 2014, og gjeld alle som jobbar minst ein time i veka.

«Skal ein gjere noko med inkluderinga i Noreg, må ein byrje med å vedkjenne at folk som kjem hit, er ein del av det norske samfunnet, med dei same rettane og krava som andre. Ein må ikkje skilje ut menneske i «dei» og «oss», men seie til somaliske Mona: «Du er ein del av Noreg, du skal bidra. Vi skal alle saman bidra i dette landet. Vi stiller dei same krava til deg som til andre.» Det er somaliske Mona Ibrahim Ahmed som seier dette, i boka «Brev til Noreg.»

Ho minner om at dei fleste somaliarar ikkje har gått på skole. Dei fleste mødre er analfabetar. Ho fortel om opplegg på Nav som ikkje fører til noko anna enn at ein i Nav kan kryssa av for at ein har gjennomført det ein skal. Mens den somaliske mora framleis ikkje kan lesa og skriva, og framleis er utan jobb.

Les også

«Om eg brått hadde blitt veldig religiøs, så ville også mor mi ha applaudert det»

Når det gjeld barn i Norge utan innvandringsbakgrunn, lever 5,5 prosent av dei i ein familie med inntekt under fattigdomsgrensa. For barn med innvandrarbakgrunn, er talet 37,8 prosent. Det siste er meir enn ei dobling sidan 2006. Av alle fattige barn, utgjer barna med innvandrarbakgrunn 54,5 prosent.

Kva ville de ha gjort?

Alt dette skulle eg ønska SV ville ta i. Kor mange kan leva som trygdemottakarar før det ikkje berre går på den økonomiske berekrafta laust, men også på den grunnleggjande tilliten til velferdssystemet vårt? Korleis løyser SV det, utan å fira på kravet om å ta ansvar for flyktningkrisa? Og kva meiner dei om regjeringa sine tiltak?

For regjeringa har på si side innført gratis kjernetid i barnehagane for barn frå fattige familiar. Dei jobbar for å få det same på plass for SFO. Og snakkar nokså ullent om integreringsgreier.

KrF, som akkurat nå sit og forhandlar seg inn i Solbergs regjering, har fått opp barnetrygda litt, ei ordning som er for alle, ikkje berre dei fattige. Slik kan den vera med på å gjera livet litt lettare for dei fattigaste, utan at ordninga deler oss inn i dei som bidrar og dei som mottar. Her må det leggjast til at viss dette skal virka, må kommunane la vera med å rekna barnetrygda som inntekt, og dermed trekkja den frå sosialhjelp. Noko SV skal ha ros for å ha påpeika.

KrF vil også behalda kontantstøtta, og auka barnetrygda frå og med det tredje barnet. Det høyres ut som langt dårlegare forslag viss ein tenkjer integrering. Det bidrar ikkje til å få innvandrarkvinner over i jobb. Men kva syns de, SV? Er desse kvinnene tapte for arbeidslivet, uansett? Bør ein kanskje gi nokre av førstegenerasjonsinnvandrarane ei slags borgarlønn, for så å satsa alt på å gi barna deira betre sjansar?

Kom med klarare kritikk!

Det er sjølvsagt mykje meir ein kunne meina både om regjeringas politikk og talane dei sjølv held om denne. Men statsminister Erna Solberg nærma seg i det minste konkrete årsaker til barnefattigdom i nyttårstalen. Det hadde fortent konkrete motsvar frå opposisjonen.

For sjølv politikarar må av og til kunna bli einige om kva som er fakta. Sjølv når det gjeld aukande barnefattigdom. Og sjølv når det gjeld innvandring. Alt anna bidrar til auka politikarforakt, mindre tru på at ein kan finna gode, politiske løysingar på store utfordringar, og meir mistru retta mot enkelte grupper innvandrarar. Vi treng politikarar frå alle sider på banen her. Også SV. Dei burde gripe sjansen.

  • Video av statsministerens nyttårstale

Les også

  1. Abortlova: Høgres pirking i såret

  2. K-en i KrF

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. Heile livet ditt er slett ikkje avhengig av at du vel riktig akkurat nå

  2. – Bønn til Stor­tinget: Vedta rus­reforma!

  3. «Bør unge fram i vaksinekøen? Sjekk det!»

  4. Pakka vi alt som smerta ved 22. juli heilt ned i roser?

  5. «Styrings­iveren til Høgre kan stykka eit barn opp i små­bitar»

  6. «Du skal ikke tro du kan lære oss noe». I alle fall ikkje om alkohol.

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Integrering
  3. Kontantstøtte
  4. Erna Solberg