Fornuftig reformskroting

KOMMENTAR: Det var aldri nokon god idé å flytta ansvaret for regionale kulturinstitusjonar frå stat til fylke. Nå er ideen heldigvis er skrinlagt.

Publisert: Publisert:

Klassisk Venstre: Kulturminister Trine Skei Grande (V) ville flytta ansvaret for regionale kulturinstitusjonar til fylka. Mens kulturminister Abid Raja (V) ikkje vil gjera det. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist

Du har høyrt den klassiske vitsen om Venstre? Den går omtrent sånn: «Du treng berre to Venstre-folk i eit rom for å ha tre meiningar representert.»

Tysdag skrinla kulturminister Abid Raja frå Venstre ideen kulturminister Trine Skei Grande frå Venstre var den varmaste forkjemparen for. Nemleg at fylka, som eit ledd i regionreforma, skulle overta ansvaret for sentrale, regionale kulturinstitusjonar som teater, symfoniorkester og kunstmuseum.

Les også

Kven skal ha ansvaret for kulturlivet (utanfor Oslo)?

Les også

Abid Rajas sveis

Maktspreiing?

Tanken bak var på eitt vis god. Det norske kulturlivet har alltid, og er framleis, svært sentralisert, med kolossalt mykje makt samla i Oslo sentrum. Skei Grande er ikkje den første kulturministeren til å argumentera for maktspreiing i kulturlivet, og flytta meir makt og pengar ut i regionane.

Men metoden for å oppnå dette, å overlata ansvaret for kulturinstitusjonane til fylkespolitikarane i dei nye regionane, blei møtt med massiv motstand frå dei aller fleste andre enn fylkespolitikarane sjølv. Det er desse kraftige signala frå kulturlivet nyfriserte Abid Raja nå seier han har lytta til, når han legg bort kampsaka til sin eigen forgjengar, partifelle – og motstandar i maktkampen internt i minipartiet med dei mange og til dels motstridane meiningar: Venstre.

Sterk motstand

Kvifor denne sterke motstanden mot nytenking og reform i kulturlivet? Her er det freistande å slenga ut ein påstand om at kulturlivet, trass i imaget som nytenkjande og kreativt, samtidig er ganske konservativt og ikkje nødvendigvis dei ivrigaste på endringar i organisering og finansiering. Men eg skal ikkje falla for den freistinga.

Motstanden mot reforma har handla om fleire ting:

  • Det var vanskeleg å sjå kva konkret problem reforma løyste – bortsett frå eit fåfengt forsøk på å fylla ei omstridd regionreform med litt meir innhald: Reforma ville gi fylkespolitikarane litt meir å gjera.
  • Ei frykt for å tapa fylkespolitiske budsjettkampar når fylket skulle stå for 70 prosent av finansieringa av kulturinstitusjonane og staten berre 30 prosent. I dag er det motsett. Ville fylkespolitikarane prioritera symfoniar framfor tannlegar, vegar og vidaregåande utdanning?
  • Uro over den kulturfaglege kompetansen blant fylkespolitikarar i 11 ulike fylke, som igjen kunne gitt regionale forskjellar. Få fylkespolitikarar har så langt utmerka seg som visjonære og handlekraftige kulturpolitikarar.
  • Prinsipiell motstand mot at staten gir frå seg ansvaret for sentrale kunstinstitusjonar rundt om i landet – mens dei som ligg i Oslo framleis blir rekna som «nasjonale». Fleire har argumentert for at kulturpolitikken må vera eit nasjonalt ansvar og lik for heile landet.

Politisk tap eller siger?

Og så er jo fordelen med konservatisme og å halda fast på eksisterande modellar at ein veit kva ein har, mens ein med ein uklar ny modell ikkje veit kva ein får. To år etter at Trine Skei Grande la fram si kulturmelding, der denne kulturelle regionreforma låg inne, er det framleis ikkje klart korleis dette skulle gjennomførast i praksis. Og dermed blei heile forslaget til slutt skrinlagt – av Skei Grandes etterfølgjar og utfordrar.

Er dette ein etterlengta kulturpolitisk siger for ein ganske hardt pressa Abid Raja? Knapt. Det er fint at han legg ballen død, etter to ganske bortkasta år med uro. Men problemet han dermed har løyst, blei altså skapt av Venstres kulturminister sjølv, berre at ho hadde eit anna namn.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Kvinne fra Stavanger omkom i fallulykke i Sirdal - navnet er frigitt

  2. Nytt korona-tilfelle i Stavanger: – Var på reise i rødt land

  3. Forvirret? Dette er korona-reglene som gjelder nå

  4. Smitte i topphåndball­klubb: Alle spillerne sendes i karantene

  5. Gjenopptok søket etter antatt omkommet kvinne ved Månafossen

  6. Kinosjefer frykter ny avtale - kan ta knekken på norsk film

  1. Kulturpolitikk
  2. Trine Skei Grande
  3. Abid Raja