Ungdommens dårskap

KOMMENTAR: Tips til Ungdommens fylkesting: Det er lurt å sjekka fakta og setja seg inn i ei sak før de fattar eit politisk vedtak. Som å villa leggja ned Den kulturelle skulesekken og erstatta han med ein app. Helsing inhabil Mann (50).

Publisert:
Jan Zahl
Kulturjournalist

Mens ungdommens fylkesordførar Sander Olsen påstår at Den kulturelle skolesekken byr på «middelaldrende menn som kler seg ut og spiller Beatles-slagere», er realiteten at du kan få dei unge musikarane i indiebandet Tøfl på besøk. Fredrik Refvem

La meg starta med eit hipp, hipp hurra og ei slags kjærleikserklæring: Eg elskar at unge folk engasjerer seg. At dei krev å bli lytta til, tekne på alvor.

Men å ta nokon på alvor betyr ikkje å viljelaust seia «ja» og «hurra». Det betyr, tvert om, å analysera og vurdera det som blir sagt, ta ein diskusjon. Er det godt sagt? Er det godt tenkt? Stemmer fakta? Heng konklusjonen saman med premissa? Heng det faktiske resultatet saman med målet?

Skal Ungdommens fylkesting, oppretta som eit rådgjevande organ for Rogaland fylkeskommune i 2018, oppnå å bli høyrt og få gjennomslag hos dei vaksne politikarane, må desse tinga vera på plass.

Har ikkje gjort leksa

Eg tek Ungdommens fylkesting og -utval (UFU) på alvor. Det er derfor eg vil hevda at forslaget deira om å leggja ned Den kulturelle skolesekken, og i staden erstatta ordninga med ein app, er eit uvanleg korttenkt og dårlig vedtak. Fakta er ikkje på plass. Konklusjonen heng ikkje saman med premissa. Resultatet er det motsette av det som var målet. Ungdomspolitikarane har ikkje gjort leksa si.

Den kulturelle skolesekken (DKS) er ein av Norges største kulturarenaer. I 2018 møtte over 800.000 elevar meir enn 3500 kunstnarar og kulturformidlarar i snitt 3,3 gonger, landet over. Det gir 2.699.354 slike kulturmøte mellom elevar og kunstnarar totalt. Til samanlikning var det samla publikumstalet i Eliteserien i fotball i 2017 på 1,6 millionar, altså ein dryg million mindre.

Auka kulturinteressa

DKS og ungdomspolitikarane har tilsynelatande same mål: Å få unge meir interesserte i kultur. Å fremja kultur i skulen. DKS sin metode for å nå målet er å gi alle norske elevar eit tilbod om kunst og kultur, gratis, i skuletida. UFU sin metode er å fjerna desse kulturmøta og «erstatte DKS med en løsning for kulturfremming for elever i barneskolen», som dei skriv. Dei seier ikkje noko om kva denne løysinga skal bestå i. Det er for slapt, og står i seg sjølv til stryk.

For unge mellom 13 og 25 år skal løysinga vera å fjerna DKS og erstatta kulturmøta med ein app og ei nettside. Appen skal heita «Ka skjer?», gi ei oversikt over ulike kulturarrangement, vera eit sosialt medium og gi rabattar på enkelte kulturarrangement. Og så skal appen «engasjere til å utforske nye former for kulturopplevelser». Korleis? Det seier ungdomspolitikarane ingenting om. Men engasjementet skal altså ikkje vekkast gjennom å oppleva levande kunst eller kultur, men gjennom å sjå på ein skjerm.

Det trengs betre argumentasjon for å overtyda meg om at det vil fungera.

«Politikarsløseri»?

Kvifor vil ungdomspolitikarane kvitta seg med DKS? Jau, dette er ifølgje Sander Olsen, ungdommens fylkesordførar, «politikarsløseri». Ungdommen vil bruka pengane «mer effektivt». Slik det er i dag, går dei 24 millionar kronene som utgjer budsjettet til DKS i Rogaland kvart år, til å gi eit kulturtilbod til alle fylkets elevar, gratis og i skuletida. Om ungdomspolitikarane vil bruka dei 24 millionar kronene på appen i staden - er det «politikarsløseri» eller «effektiv» bruk av 24 millionar? - eller om dei vil kutta i budsjettet, seier dei ikkje noko om.

Om målet var å auka kulturtilbodet, er det vanskeleg å sjå samanhengen.

I tillegg til det økonomiske aspektet, handlar ungdomspolitikaranes argumentasjon om at dei unge ikkje likar det dei får servert gjennom DKS. Dei leverer ikkje anna faktabelegg for denne påstanden enn at UFU «oppfatter at et flertall av elevene har et negativt bilde» av ordninga.

Sjekk fakta!

Slik slapp svogerforsking held ikkje som dokumentasjon eller argumentasjon i ei politisk sak, enten du er ung eller vaksen. Særleg ikkje når Olsen seier at «Vi hører ofte at DKS forbindes med «middelaldrende menn som kler seg ut og spiller Beatles-slagere» - og du deretter sjekkar årets DKS-katalog i Rogaland og ser kva som er det faktiske tilbodet. Her er ingen som spelar Beatles-slagarar - sjølv om det gjerne kunne vore det. Her er tvert om eit særs breitt tilbod, frå klassikarar som Shakespeare, Mozart og Munch til moderne kulturuttrykk som indierockbandet Tøfl, hip hop-verkstad med dans og grafitti og «Dei skamlause jentene» som diskuterer negativ sosial kontroll. Kona mi, Britt-Synnøve Johansen, var denne veka på DKS-turné i nordfylket med ei framsyning om to av verdshistorias største songstjerner, Edith Piaf og Marlene Dietrich - noko som gjer meg til ei blanding av inhabil og ekstra kompetent til å uttala meg. Men elevane får altså gjennom DKS møta klassikarar, store namn frå kulturhistoria som har påverka kulturen me lever i i dag - og moderne, unge utøvarar og uttrykk.

Lekse til neste gong: Før du uttaler deg om kva som er tilbodet i DKS, sjekk kva som faktisk er innhaldet i DKS.

Les også

Bandet Tøfl vil høre at de suger

Les også

Helstøpt forestilling om en fordrukken spurv og en elegant diva

Kulturens økosystem

Eit siste tips er å undersøka dei større konsekvensane. For i tillegg til å gi barn og unge gratismøte med kulturuttrykk i alle sjangrar, er DKS Norges største arbeidsgivar for kunstnarar og kulturformidlarar, og ein viktig del i Norges kulturelle økosystem. DKS eksisterer ikkje for kunstnarane, men for dei unge. Men: Fjernar du DKS, fjernar du samtidig ein viktig del av levebrødet til tusenvis av dei som produserer kunst og kultur her i landet. Resultatet ville blitt mindre kunst- og kulturproduksjon. Kva skal ungdomspolitikarane då fylla appen sin med?

Eg syns absolutt ungdomspolitikarane bør engasjera seg i DKS - og at DKS bør lytta til sine brukarar, til dei unge. Men mine forslag til kva Rogalands ungdomspolitikarar bør diskutera på neste møte er: Korleis gjera tilbodet og omdømmet til DKS betre? Kvifor går talet på kulturmøte i regi av DKS nedover, frå 3,9 i året i 2016 og til 3,3 i 2018? Og kva vil de gjera med at Rogaland er nest dårligast i DKS-klassen av landets fylke? Kvifor ligg Rogaland under landssnittet? Kvifor skal elevane på vidaregåande i Rogaland bare få møta kunst og kultur - gratis og i skuletida - 0,9 gonger i året i snitt, mens ungdom i Møre og Romsdal har 3,3 slike møte i året? Kva ballast får barn og unge som får møta kultur ansikt til ansikt, og ikkje bare gjennom ein skjerm, som ungdomspolitikarane i Rogaland manglar?

Les også

– Hvor umenneskelig skal vi behandle folk av innvandringsregulerende hensyn?

Les også

Kven skal ha ansvaret for kulturlivet (utanfor Oslo)?

Publisert: