På tide å fjerna teljekant-systemet

KOMMENTAR: Jonas Gahr Støre vil ha ein tillitsreform i offentleg sektor. Det er på høg tid. Og ein svær jobb.

Publisert: Publisert:

Torsdag oppsummerte Ap-leiar Jonas Gahr Støre det siste halvåret. Partiet vil jobba fram ein tillitsreform i offentleg sektor. Kan dei klara det? Foto: Heiko Junge

  1. Leserne mener

Vi må spola tilbake til åttitalet. Både Gro Harlem Brundtland (Ap) og Kåre Willoch (H) skotta over Nordsjøen til Margaret Thatchers metodar. På kvar si side av sentrum i norsk politikk såg dei behovet for å få betre kontroll med offentleg sektor. Betre kontroll med at skattepengane blei brukte fornuftig, at alle fekk dei tenestene dei hadde krav på.

Kontroll

New public management, NPM, kom inn. Den skulle gjera offentleg sektor meir effektiv. Konkurranseutsetjing, privatisering, stykkprisfinansiering, internprising og målstyring er blant verkemidla. Betre kontroll er det overordna. Stoltenberg dreiv med det, Erna Solbergs regjering driv med det.

Men det går ikkje opp. Ikkje i alle klasserom, ikkje hos alle pasientar heimesjukepleiaren har ei gitt tid å bruka på, ikkje for Nav-medarbeidaren, som må gjera 8,5 vedtak kvar dag.

Når ein på fagfelta det er snakk om i stor grad jobbar med å hjelpa menneske, anten ein er lege eller lærar eller saksbehandlar i Nav, er det lett å forstå at ein blir frustrert og oppgitt dersom krava til dokumentasjon av oppnådde mål og delmål går ut over tida ein skulle brukt på dei ein skal hjelpa. Eller viss ein i krava ovanfrå har bomma på kva som er viktigast. Og folk som jobbar i kunnskapsbedrifter som skule og sjukehus, blir som regel meir motiverte av å få tillit og handlingsrom til å bruka kunnskapen sin, enn av å kryssa av på skjema kva dei har gjort i dag.

NPMs utgangspunkt, der detaljkontroll og konkurranse er heilt nødvendig for å få folk til å jobba effektivt, står i tillegg ganske langt vekk frå ideala nordiske samfunn som vårt er bygde på: Høg tillit, små forskjellar og kort avstand til makta.

Tillit

«Effektive skuleeigarar etablerer mål for elevanes læring som det ikkje kan forhandlast om. Dessutan overvakar ein at desse måla blir oppfylte, også ved å overvaka læraråtferd i klasserommet», sa professor Johan From i 2012. Han er fagansvarleg for rektorutdanninga ved BI, som i 2019 har studentar frå 50 kommunar og fylkeskommunar.

I norsk skule var det særleg dei første Pisa-resultata i 2001 som utlyste sterkare målstyring, sterkare testing, og sterkare press på lesing, matematikk og engelsk. Pisa-resultata i faga har halde seg ganske stabile sidan. Norske elevar ligg midt på treet, blant land vi er nokså like. Det som har auka alarmerande, er mistrivsel og utanforskap. Dobbelt så mange elevar, 14 prosent mot før 7, seier at dei kjenner seg utanfor og einsame på skulen. Nesten ein av fem seier at dei ikkje passar inn. At dei kjenner seg annleis.

Avstand

Likevel er det læringsutbytte ei ekspertgruppe for skulen nå skal sjå nærmare på. Ingen av ekspertane jobbar som lærarar i skulen. Det dei skal ta utgangspunkt i er den svært teoretiske skulebidragsindikatoren. Ein tar resultata frå nasjonale prøvar i lesing, engelsk og matematikk, pluss eksamensfag i 10. klasse, trekkjer frå for foreldras utdanning, bakgrunn og økonomi, og meiner då å stå igjen med eit tal som seier kva skulen sjølv bidrar med av læring.

Det ein då står igjen med, er i beste fall svært snevert.

For norsk skule har NPM-tenkinga ført til at alt som kan målast, blir viktigare enn det som ikkje kan målast. Stoltenbergutvalet, som skulle sjå på kva ein kunne gjera med forskjellane mellom gutar og jenter i skulen, føreslo blant anna å kartleggja ferdigheiter og eigenskapar hos alle norske barnehagebarn, for så å dela resultata om kvart barn med alle instansar som måtte ha behov for det.

Dersom ein berre aukar presset ovanfrå, testar meir intenst, kartlegg alle barn og overvakar lærarane i klasserommet, meiner ein å få betre resultat.

Nå. Det er også lett å harselera over alt dette. Lett å bruka som knagg for alt ein måtte oppleva som utidig innblanding i eigen arbeidsdag, slik DN ganske treffande påpeika i ein leiar denne veka.

Systemet, eller fenomenet, eller verkemidla, blei ein gong innført for å sikra folk betre og likare tenester frå det offentlege. For ein gong hadde læraren all makt i eit klasserom, gjerne i førti år, anten ho var skikka til det eller ikkje. Det låg omtanke for norske barn bak innføringa av nasjonale prøver i lesing, engelsk og matematikk. Nokon må over tid kunna følgja med på om barn i ulike delar av landet får den opplæringa dei har krav på.

Avmakt

Men noko har gått skikkeleg gale. Systemet synest å ha blitt herre i huset. Løfta opp av ei tru på at alt blir betre dersom du berre kontrollerer folk ned til minste detalj. Dersom dei etterlever systemet godt nok, blir kontrollerte tett nok, og er lojale nok, går læringa i skulen opp og fram, pasientars rettar blir betre tatt i vare og effektiviseringa går opp i heile den offentlege sektoren.

Når fleire og fleire unge slit med kvardagen sin, og sjølv meiner skulepresset er verst, ser ein ikkje på systemet, men innfører heller faget livsmeistring. Systemet har rett, og viss ikkje mennesket fiksar systemet, må mennesket fiksast.

Kan Ap og Jonas Gahr Støre jobba seg fram til ei meiningsfull endring? Kor går grensene mellom tillit og kontroll? Klarer ein sleppa kontrollen på dei områda som treng det mest, og ikkje berre der det kjennest lettast å gjera det?

Det er ein svær jobb, innanfor svære sektorar. Det er snakk om både skrivne og uskrivne reglar, kultur og praksis. Og eit parti som sjølv er veldig glad i både å styra og å detaljstyra.

Det hadde gjort seg med ein svær, offentleg debatt om dette. Der både fagfolk, ekspertar, politikarar og andre folk grip ordet. Vi kan ikkje ha eit system som krev teljekantar på folk.

Publisert: