Kan du skifta meining?

KOMMENTAR: «Når fakta endrar seg, endrar eg meining», sa John Maynard Keynes, – og la til det sentrale spørsmålet: «Kva gjer du?»

Publisert: Publisert:

Kva skal til for at Trumps grunnfjell skal skifta meining? Eller for at du skal bli Trump-supporter? Foto: Jarle Aasland

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist

Eg blei sitjande og sjå ein video her om dagen. Ei samling høgdepunkt frå amerikanske The Daily Show. Ikkje høgdepunkt med programleiar Trevor Noah, men frå utegåande reporter Jordan Kleppers mange møte med Trump-veljarar. Videoen er sett over 58 millionar gonger på Facebook og over ni millionar gonger på YouTube.

  • Her er videoen:

Videoen er av den typen som har appellert til sånne som meg dei siste fire åra – og som neppe har snudd ein einaste Trump-fan. Av den typen som både får deg til å le og gremmast på same tid. Klepper er ein smarting som gjennom sjarm, retorisk eleganse og humor får Trump-supporterane han snakkar med til å stå fram som komplette idiotar, som verken skjønnar seg på politikk generelt eller Trumps politikk spesielt. Dei har null sjølvinnsikt, ser ikkje at dei motseier seg sjølv – og skjønnar ikkje ein gong at dei drit seg ut/blir dritne ut av den liberale, smarte tv-reporteren:

Ein mann snakkar om at det er viktig å respektera kvinner – men har ei t-skjorte der kvinner blir omtalt som «bitch». Ein annan seier det er viktig at folk tenkjer sjølv, set seg skikkeleg inn i sakene og ikkje oppfører seg som ein saueflokk. Men han har ikkje lese riksrettsrapporten mot Trump, veit ikkje kva som står der – men stoler på presidentens ord. Så går han inn i inngjerdinga med dei andre sauene.

Les også

Reuters: Flere republikanske tjenestemenn går sammen mot Trump-gjenvalg

Les også

Obama hjalp Biden med rekordinnsamling

Villfarne folk

Men i tillegg til å le og gremma meg, fem månader unna presidentvalet og midt i ein katastrofe av eit presidentskap, tenkte eg: Når desse veljarane framleis heilhjarta støttar opp om Trump – USA har dei verste koronatala i verda, økonomien er i krise, arbeidsløysa rekordhøg og skandalane i Det kvite hus tek aldri slutt – kva skal eigentleg til for at dei skal skifta meining? (Stuntreporteren prøver å finna ut av dette. Han seier dei mest hårreisande ting. Intervjuobjekta vik ikkje.)

Men så slo det meg, mens eg sat der og fortvila over kor håplaust det ser ut å endra meininga til desse villfarne menneska, at spørsmålet like gjerne kan stillast motsett veg: For desse menneska er det jo reporteren, The Daily Show og sånne som meg som er villfarne. Dei går sikkert rundt og lurer på kva skal til for at sånne som oss skiftar meining. For å setja det på spissen: Kva må til for at eg skal bli ein varm Trump-tilhengar?

Les også

Hanne Trangerud: «De evangelikanske profetiene om Trump som ’Herrens salvede’»

Faktabaserte meiningar?

Den britiske økonomen John Maynard Keynes (1883–1946) er tillagt sitatet om at han endrar meining når fakta endrar seg. Det høyrest ut som ein god leveregel, sidan meiningane våre bør vera baserte på fakta. (Dette meiner i alle fall eg, framleis, gammaldags som det kan verka i vår post-faktuelle og anti-vitskaplege tid.)

Men det er ikkje lett, og kanskje heller ikkje særleg attraktivt, å vera i stand til å endra meining etter kvart som ein får presentert nye fakta. Kva seier me om politikarar som endrar meining? Dei vinglar. Er ein leiar som ombestemmer seg sterk eller svak?

Idealet i vitskapen er å jakta fakta som gjer at du må skifta meining. Ein skikkeleg forskar skal prøva å falsifisera – altså avkrefta – hypotesen sin, ikkje å verifisera – altså få stadfesta – teorien. Tanken er at så lenge forskaren ikkje klarer å avkrefta sin eigen hypotese, er teorien styrka – men aldri endeleg stadfesta. Men kor mange, vitskapsfolk på lik linje med alle oss andre, prøver å finna data som går imot teoriane me allereie har?

Les også

Gunnar Grendstad: «USAs krise – et sammenfall av ulykksalige hendelser»

Haldning først, så fakta?

Det kan endåtil henda at meiningane våre ikkje først og fremst er eit resultat av faktaopplysningane og kunnskapen me har henta inn, men at det er motsett: Du startar med ei oppfatning – og så plukkar du informasjon og fakta som støttar opp under meiningane du allereie har, mens du ser bort frå det som ikkje støttar det du allereie meiner. Dermed kan dei fleste av oss koma opp med ganske mange gode grunnar til at me meiner det me meiner – rasjonelt eller emosjonelt – utan å vera veldig opne for at me tek feil.

Kor ofte går du inn i ein diskusjon med nokon som meiner noko heilt anna enn deg – og så er du open for å endra meining? Dei færraste av oss diskuterer veldig ofte med folk som meiner veldig ulikt oss sjølv, for me liker jo helst å snakka med folk som har liknande meiningar – og slik stadfestar at me «har rett». Og snakkar me med andre, er det vel helst for å leggja fram vårt eige syn, ikkje bli overtydde av andre.

Les også

Bokanmeldelse: «Bolton tegner et bilde av en umoden og farlig president»

Fastlåst?

Endrar eg meining nokon gong, basert på nye faktaopplysningar eller argument? Ungane mine vil definitivt svara «altfor sjeldan» – og sanninga er nok at eg er ganske fastlåst. Men det kan faktisk skje at eit «nei» blir til «ja», rett og slett fordi ungane argumenterer godt.

Og så må eg jo ha endra politisk oppfatning opp gjennom livet, sidan eg har stemt på minst tre ulike parti. Men eg veit ikkje nøyaktig korleis eller kvifor det skjedde.

Likevel: At eg skal bli ein varm Trump-tilhengar, verkar like lite sannsynleg som at Trump-tilhengarane på videoen skal bli einige med sånne som meg. Sjølv om eg har dei beste argumenta…

Publisert:

Kommentator Jan Zahl

  1. – Kva må til for at eg skal bli ein varm Trump-tilhengar?

  2. Viking må bytta navn!

  3. Kva er denne gjengen sin største kulturpolitiske tabbe?

  4. – Koronakrisen har vist at kulturpolitikarane ikkje skjønnar seg på kulturfeltet

  5. – Abid Raja: Det er ikkje frisyren din som er det vesentlege no, men kulturpolitikken

  6. "Skal me ha eit levande mediemangfald også etter korona, må folk rett og slett abonnera"

  1. Kommentator Jan Zahl
  2. Kommentar
  3. Trump
  4. Politikk