Kven skal ha ansvaret for kulturlivet (utanfor Oslo)?

KOMMENTAR: Er det staten, fylket eller kommunen som skal ha mest ansvar for kulturlivet i Rogaland framover? Akkurat nå er det ingen som veit.

Publisert: Publisert:

Skal staten gi frå seg noko av ansvaret sitt for Rogaland Teater, og i staden overføra det til Rogaland fylke? Foto: Fredrik Refvem

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

I midten av mai ferdigbehandla Stortinget Norges første kulturmelding på 16 år, «Kulturens kraft - kulturpolitikk for framtida» – utan at det førte til dei store overskriftene. Måndag denne veka behandla bystyret i Stavanger kommunens nye kulturplan, som skal gjelda fram til 2025.

Begge desse offentlege styringsdokumenta skal på kvart sitt nivå trekkja opp linjene for kulturpolitikken dei komande åra. Men det pussige er at sjølv om desse viktige dokumenta nå er ferdig politisk behandla, er det ingen veit kven som skal ha ansvaret for kva i kultursektoren framover. Staten? Fylket? Kommunen?

Endringstid

– Kulturmeldinga trekkjer opp ein høgare himmel over kulturpolitikken. Men mykje av det konkrete som skal skje, må avklarast framover. Det einaste som er sikkert, er at det blir endringar, sa kulturrådsdirektør Kristin Danielsen då ho var i Stavanger og møtte lokale kulturaktørar sist veke.

– Det blir ei endringstid i kulturpolitikken framover. Eg gler meg, sa fylkeskultursjef Rune Thele i Rogaland fylkeskommune – og hausta lett latter frå salen.

Det er langt frå sikkert at kulturaktørane gler seg like mykje som Thele.

For mens «alle» kan stilla seg bak dei fagre og nødvendige festtaleorda, blant anna om kunstens levekår og tyding, om ytringsfridom, demokrati, kunstnarøkonomi, digitalisering og internasjonalisering, handlar den kanskje mest kontroversielle delen av regjeringas kulturmelding om organisering og ansvar. Regjeringa har nemleg gått inn for å flytta ein vesentleg del av ansvaret for kulturlivet over til dei nye fylka Norge skal bestå av etter regionreforma. Du veit, den reforma som vel har gått sånn passe.

Løysing på kva?

Det interessante er at denne «løysinga» ikkje er eit svar på eit problem, ønske eller behov frå kulturlivet, men eit forsøk på å fylla ei omstridd reform politikarane sjølv står bak med, eh, noko. For mens mange klødde seg i hovudet og lurte på kva desse nye og større fylka eller regionane eigentleg skulle driva med, og kva «fleire oppgåver» og «meir ansvar» innebar i praksis, var «kultur» eitt av svara frå regjeringa. Fylkesnivået skal altså ikkje få meir ansvar for kulturfeltet fordi det sit på ein spesiell kulturell kompetanse, interesse eller visjon. Heller ikkje fordi kulturlivet har ønska seg dit. Men fordi fylket må ha noko å gjera.

Forslaget blei litt under middels godt motteke. Som kommentator Inger Merete Hobbelstad skreiv i Dagbladet i september i fjor: «Det er en ualminnelig dårlig idé å flytte kulturpolitikken til regionene bare fordi de må få noe å gjøre.»

Oslo = nasjonalt!?

Ekstra furore skapte det, særleg på Vestlandet, då eit ekspertutval i Oslo foreslo at fylka skulle overta ansvaret for «regionale» kulturinstitusjonar som teater og symfoniorkester - så sant dei ikkje låg i Oslo. Då var dei nemleg å rekna som «nasjonale», og staten skulle framleis ha ansvaret.

I ein kronikk i Aftenbladet tvilte leiarane for Rogaland Teater, Haugesund Teater, Stavanger konserthus, Stavanger Symfoniorkester og Opera Rogaland på utvalets påstand om at flyttinga ville styrka kulturen og gjera han meir synleg:

«Tvilen skyldes både erfaringer og det at fylker og kommuner har store utfordringer i dag med å finansiere sine pålagte oppgaver, mens staten fortsatt er den som fastlegger rammene. De mange ulike hensynene som fylkespolitikere og lokalpolitikere må ta, vil skape større usikkerhet i kulturinstitusjonene når det gjelder fremtidig finansiering», skreiv Arne Nøst & Co., og viste til ein rapport frå Handelshøgskolen BI som avslørte at kulturinstitusjonar finansierte av kommunar og fylke har mindre føreseielege inntekter enn dei som får pengar over statsbudsjettet. Konklusjonen i BI-rapporten var at lokal/regional finansiering gir auka risiko for kunstnarisk innblanding og usikker finansiering for institusjonane.

Kommunens rolle?

I denne limboen vedtek så Stavanger si kulturmelding – i ein situasjon der kommunen strengt tatt ikkje veit kva slags rolle deira forvaltningsnivå skal ha i kulturpolitikken framover. Skal samarbeidet og fordelinga mellom kommune, fylke og stat, halda fram? Der kvar av dei til dømes eig ein gitt prosent av teatret? Skal kommunen få meir eller mindre ansvar når staten overfører meir makt til fylka?

Det er verken kommune, fylke eller stat som skal bestemma kva stykke som skal setjast opp på teatret, kva musikk som skal framførast i konserthusa, kva bøker som skal skrivast eller kva verk som skal malast. Styringa av kulturpolitikken foregår – og skal foregå – med solid armlengdes avstand. Kunsten skal vera fri.

Men samtidig treng kunsten gode rammevilkår for å vera fri, enten det dreier seg om scener, hus, stipend, ein marknad og ein politisk vilje til å satsa på kunst og kultur. Mange kunstnarar har opplevd at det er veldig langt til Oslo når dei prøver å nå gjennom. Kanskje kan det bli kortare veg til fylkesnivået. Men skulle fylka enda opp med meir ansvar, har dei mykje å bevisa overfor eit lokalt og regionalt kulturliv som i utgangspunktet er mest skeptisk.

Men først må nokon finna ut kven som skal ha ansvar for kva.

Publisert:

Kommentator Jan Zahl

  1. – Kor mange er nok? 500? 5000? Heile Moria?

  2. Rajas (nesten) umulige hovudpine

  3. – Korleis blir livet fram­over om folk er endå meir forsiktige enn styres­maktenes smitte­råd?

  4. – Kva må til for at eg skal bli ein varm Trump-tilhengar?

  5. Viking må bytta navn!

  6. Kva er denne gjengen sin største kulturpolitiske tabbe?

Les også

  1. KOMMENTAR: Kunstnarambisjonar? Flytt til Oslo!

  2. Den moralske panikkens tidsalder

  3. Satsar du på kultur, får du ... kultur!

  1. Kommentator Jan Zahl
  2. Kulturpolitikk
  3. Kultur
  4. Regionreform
  5. Rogaland fylkeskommune