Absurd kommuneregel for kulturlivet
KOMMENTAR: Du kan kryssa kommunegrenser på Nord-Jæren for å gå på jobb, kjøpesenter og restaurant. Men skal du på teater eller konsert, blir kommunegrensa plutseleg ein mur. Kvifor?
Publikum sit ikkje tett på kulturarrangement i koronatida. I helga kunne Sandnes kulturhus opna for 200 tilskodarar i ein sal som tek 700. Eigentleg skulle alle vore frå Sandnes kommune, men det var dei ikkje. Foto: Jarle Aasland
- Jan ZahlKulturjournalist
Kulturlivet får i det kompliserte koronalivet stadige påminningar på kor det står på politikaranes prioriteringsliste. På alle planar for gjenopning, enten dei kjem frå sentralt eller lokalt hald, står kulturarrangement sist.
Siste påminning om at det er forskjell på bransjar, kom då helseminister Bent Høie (H) onsdag svarte Aftenbladet på kvifor ein siddis kan dra på handletur til Kvadrat, men ikkje på konsert på Sandnes kulturhus:
«Det å stenge butikker og kjøpesenter over lang tid har store negative konsekvenser for folks arbeidsplasser. Det betyr ikke at kulturarbeidsplasser ikke er viktige, men det er flere arbeidsplasser som berøres innen handel,» svarte Høie.
Det handlar altså om kjøtvekt. Om økonomi. Om sterke pressgrupper og næringsinteresser. Om ei oppleving av kva som er viktigast.
Forvirrande reglar
Som me har skrive om mange gonger i avisa: Reglane og råda for kulturlivet har vore mange, forvirrande og til dels motstridande. I sum har dei nesten vore umoglege å navigera i. Ikkje minst nå. For nå er hovudrådet frå regjeringa – men ikkje ein regel – at arrangement bør avlysast eller utsetjast. Samtidig har kulturministeren fått på plass ei ordning som skal stimulera til aktivitet i kulturlivet, mens det framleis er uklart korleis ordninga som skal kompensera for avlyste arrangement skal sjå ut. Avlyser du arrangementet ditt, veit du med andre ord ikkje kva den økonomiske konsekvensen blir. Og etter nesten eit år med utsetjingar, og ein svært usikker kalender for koronatiltak framover, er det grenser for kva som kan dyttast til kor. Du bookar ikkje konsertturnear eller øver inn nye teaterstykke på ei veke eller to.
Men i tillegg har regjeringa lagt inn eit råd – ikkje ein regel – om at (kultur)arrangement som faktisk blir gjennomførte, berre skal vera for kommunens innbyggjarar. Folk på Nord-Jæren – i det som for alle praktiske formål er éin bu- og arbeidsregion – kan altså kryssa kommunegrensene for å gå på jobb, på butikken eller på restaurant. Men (kultur)arrangement er blinka ut som det einaste feltet der rådet frå regjeringa er at publikum ikkje kan kryssa ei kommunegrense.
Nå kan man igjen gå på konsert og teater – men berre i egen kommune
Raja vil bruke 1,1 milliard til ny stimuleringsordning for kulturlivet
For seint, forvirrande og fortvilande
Splitta statsforvaltar
Høyrest ikkje det litt underleg ut? Det syns i alle fall Statsforvaltaren i Rogaland, altså statens representant her i fylket. For å sitera frå fagleiar Maren Skåden i beredskapsavdelinga sin e-post til Stavanger kommune: «I et område som Nord-Jæren vil det virke underleg at man kan dra fra Sola til Stavanger på jobb, men ikke gå på konsert etter jobb».
Helseminister Høie meiner dette er å snu alt på hovudet, sidan hovudpoenget – men ikkje påbodet – er at du skal vera på heimekontor og møta så få folk som mogleg. Ekstra delikat er det at Høie blei utnemnd til Fylkesmann i Rogaland i 2018. Formelt sett har han permisjon frå jobben, og blir Statsforvaltar her i fylket når han er ferdig på Stortinget i 2021. Statsforvaltaren – den nåverande og den komande – er altså ikkje einig med seg sjølv i denne saka.
Statsforvalteren: – Underlig at man kan dra fra Sola til Stavanger på jobb, men ikke gå på konsert etter jobb
Strømmet til Sandnes for å oppleve brasiliansk-bergensk scenekunst
Fagleg grunngjeving?
Dei sterke avgrensingane på kulturarrangement er i aukande grad problematiske fordi det er vanskeleg å få tak på den faglege grunngjevinga. Fleire kulturaktørar har etterlyst dette og ein fagleg begrunna plan for korleis kulturlivet kan opnast framover, så langt utan å få tydelege svar.
Det er ikkje dokumentert at det er større smittefare ved å kryssa ei kommunegrense for å gå på Rogaland Teater enn på Ikea. Dei få kulturarrangementa som går av stabelen, skjer med svært strenge smittvernetiltak og så stor avstand at folk ikkje møter andre folk, slik Høie bekymrar seg for. På teaterets hovudscene sit til dømes publikum med stor avstand og pleksiglas mellom seg. Så vidt eg kjenner til, har det ikkje skjedd eitt einaste smitteutbrot på eit kulturarrangement så langt under koronapandemien.
Ingen veit korleis smitten kjem til å utvikla seg framover. Men dei ekstra strenge og forvirrande reglane for kulturlivet blir ikkje lettare å skjønna når smittesituasjonen er som han er i regionen nå. Dei siste seks døgna er det registrert fem smittetilfelle i heile Rogaland. To av dei er registrert i Sandnes. For Stavanger kommune er talet null.
Om det ikkje er tilstrekkeleg å bli eit grønt fylke for å kunna dra over ei kommunegrense på konsert med strenge smitteverntiltak, kva skal då til?
Kommentator Jan Zahl
Mest lest akkurat nå
Mann og kvinne fra Jæren til sykehus med alvorlige brannskader
Ti videregående skoler på rødt nivå fra torsdag
106 grader øst: – En hyllest til mamma
– De neste dagene vil fortelle oss om vi er på en topp eller ved starten av en stigning
Barnehager og skoler i Stavanger settes på rødt tiltaksnivå – holder stengt onsdag
Kjærviks samboer «fullstendig traumatisert» – drapssiktet sønn samtykker til fengsling