Eg har snudd. Vi treng å møtast til fest i ordets aller vidaste forstand: å ete og drikke saman, prate og le.

GJESTEKOMMENTAR: Eg har alltid tenkt at det ikkje er så nøye med fest. Men i år snudde eg. Fest er veldig, veldig viktig. Og det var i Stavanger det skjedde. Det var her i byen, nokså seint i dette merkelege året, eg såg ljoset. La meg forklare.

God stemning også på årets Kåkånomics. Her fra USA-debatt med skribent Jan Arild Snoen (t.v.), rådgiver i Civita Eirik Løkke og professor Knut Anton Mork.
  • Bård Vegar Solhjell
    Bård Vegar Solhjell
    Direktør i Norad
Publisert: Publisert:

I slutten av oktober deltok eg på Kåkånomics, Stavanger sin eigen økonomifestival. For oss frå Oslo var det sterkt. Det var 200 tilhøyrarar på den første debatten eg var med på (innanfor smittevernreglane). 200! Eg hadde ikkje sett så mange menneske samstundes på eit halvt år! Debatt-deltakarane frå Oslo vart våryre, ein kald haustkveld, av synet frå scena.

Dagen etter forstod eg at dette var ein annan planet. Planeten Stavanger, med låg smitte.

Skålte og lo

Det var liv i butikkane, og fullt av folk på utestadane langs Vågen. Det var visst sånn byliv såg ut! På kvelden gjekk eg ut med ein del folk. Det var menneske i gatene, og kafear var opne! Eg trefte forfattar Bjørn Arild Ersland og forleggaren hans Eirik Bø i Pelikanen forlag. Flytta meg, kjøpte meir å drikke. Vi tilreisande frå Austlandet sat ved restaurantbord og drakk øl, skålte og lo (innanfor smittevernreglane). Stavangerpolitikarar som Eirik Faret Sakariassen og Mimir Kristjansson slang innom. Timane gjekk, vi prata og drakk meir øl. Utpå natta stakk forleggaren til meg Ersland sin strålande (sterkt anbefalt!) roman «Store hendelser i liten skala».

Les også

Kåkånomics prega av korona og økonomisk krise

Det er slikt som skjer i Stavanger, ei haustnatt.

Stavanger sprudla denne kvelden. Eller. Kanskje det var eg – og andre tilreisande – som sprudla? Euforisk over noko så trivielt som å gå ut. Over å møte menneske, føle oss frie (innanfor smittvernreglane), drikke øl. Feste, rett og slett?

Fest blei kriminelt

For 2020 har ikkje vore eit festleg år. På ingen måte. Ordet fest har gått frå å vere noko positivt til å bli uakseptabelt og kriminelt. I desember månad har det vore avisoverskrifter av typen: «Politiet stoppa fest i Bergen», «10 personar bøtelagde etter fest» og «Studentar hadde ulovleg fest». I tillegg fekk vi nyordet «grottefest».

Eg er oppvaksen i pietismens høgborg, ei bygd på Vestlandet. Og sjølv om eg alltid har likt å ta meg ein fest, har eg alltid tenkt på det som lite naudsynt. Særleg er det viktig for meg at ein må arbeide hardt og godt før ein unner seg ein fest. Å berre feste sånn heilt utan vidare går berre ikkje. Fest kan vere lønn for strevet, men ikkje viktig i seg sjølv. Livet går jo greitt utan fest.

No på slutten av dette året er eg ikkje så sikker. Eller, for å vere presis, eg har snudd. Vi treng å møtast til fest i ordets aller vidaste forstand: festivalar, konsertar, foredrag, teater, arrangement, framsyningar, bar og restaurant. Å ete og drikke saman, prate og le.

Jobbmøte med levande menneske

Aldri hadde eg trudd at eg nokon gong skulle komme til å sakne jobbmøte. Men i år har eg sett fram til dei få møta som har vore med fysisk oppmøte. Teams og Zoom går jo greitt, men det er ein snev meir fest over å sitte ved bordet saman med levande menneske – sjølvsagt på reglementert avstand.

Kva har vi så fylt dette fest-underskotsåret med?

I starten trudde vi alt kunne ordnast digitalt. Optimistisk gjekk vi i gang med konsertar via pc-skjermen og digitale kunstutstillingar. Zoom-fredagspils. Teams-fest. Digitalt julebord. Det var moro ei vekes tid.

YouGov si covid-19-undersøking viser at ein femtedel av oss har brukt meir pengar på mat. Eg har ikkje noko vitskapleg belegg for det, men inntrykket mitt frå handlevognene på butikken er også at folk lagar meir komplisert mat. Dei går med ei oppskrift i handa og leitar etter varer.

Gitarar og friluftsutstyr

I P2s Nyheitsmorgon her om dagen høyrde eg ein musikkforhandlar fortelje at fleire har nytta det stille året til å lære å spele gitar. Dei kunne kanskje nokre grep da dei var unge, og no vil dei ta det opp att. Gitarsalet var noko av det som auka i 2020.

Salet av friluftsutstyr auka også. Rettare sagt, det eksploderte. Korona redda det som var att av fysiske sportsbutikkar, og med sjølvsyn kunne eg sjå at det var stappfullt på DNT-hyttene i sommar. Det er så sunt så.

Mange har skaffa seg hund. 2020 blei kjæledyras år. Ikkje sidan finanskrisa i 2008 har så mange hundar og kattar funne vegen til norske heimar som i år. Ifølge DyreID, som merker dyr med identitetschip, søker folk tilflukt i ein pus eller ein kvalp når det er utrygt rundt oss.

Men festane har vi utsett. Min son sin konfirmasjon vart utsett to gonger, og vert no i mai eit år for seint. Å komme skeivt ut vil ein jo ikkje. Difor er mange bryllaup blitt sette på vent i år. Statistisk sentralbyrå kan melde om 22 prosent færre vigslar i perioden mars–oktober i år samanlikna med i fjor. Eit utsett bryllaup kjem jo forhåpentlegvis til å bli gjennomført, men tenk på alle åremålsdagane, sommarfestane og pinnekjøtlaga som har gått tapt.

Og i det finn eg håp. For det er jo så mange utsette festar å ta igjen, neste år. Året etter korona kjem til å bli det store feståret. Og frå no av er eg offisielt veldig for fest.

Les også

  1. DEBATT: -Fredag 23. oktober var jeg på Kåkå­nomics-debatten «Oljefyrt utvik­ling – eller grønn­vasket bistand?». Jeg trodde jeg hadde kommet til en eventyr­festival

  2. Ber om store endringer i olje-bistand

Publisert:
  1. Bjørn Arild Ersland
  2. Kultur
  3. Stavanger
  4. Kåkånomics
  5. Øl

Mest lest akkurat nå

  1. Rapport: Svakere boligprisvekst de neste årene

  2. Maria fikk nesten ikke puste da hun trente. Hun fikk diagnosen mange har, men få kjenner til.

  3. Alle i Sandnes fikk uvanlig papiravis mandag

  4. Politikerne diskuterte lekser: – Snikinnføring av leksefri skole

  5. Frisk 33-åring. Bør jeg ta influensavaksinen?

  6. Skal man se én utstilling før dette året tar slutt skal man se denne!