Q-galskapen

GJESTEKOMMENTAR: «Me vart robba i dag tidleg. Er Amerika vekk?»

På veg mot Kongressen 6. januar, ei kvinne kledd som fridomsgudinna med Q-en for QAnon på t-skjorte. Mellom demonstrantane var òg fleire politifolk og militære, her ein feltprest i hæruniform.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Det skreiv Tito Ortiz på Parler-veggen sin for nokre dagar sidan. Etter at demonstrantar hadde storma kongressbygningen i Washington. Etter at Kongressen hadde kome saman igjen, og godkjent valet av Joe Biden som USAs neste president. Etter at Donald Trump til sist, på sett og vis, hadde vedgått nederlaget.

Ortiz er mest kjend som utøvar av kampsporten MMA, men har ganske nyleg vorte vald inn i bystyret i heimbyen Huntington Beach. Han er varm tilhengar av Donald Trump og ser på seg sjølv som ein konservativ republikanar. Han er også ein konspirasjonsteoretikar som mellom anna meiner at covid-19 er menneskeskapt. Han har stadig vekk omtalt pandemien som ein «plandemi».

Parler er eit sosialt medium som har segla opp på den amerikanske høgresida dei siste månadene. Ikkje minst har det vore ein stad for konspirasjonsteoretikarar å få ut sin bodskap. Ta den vidgjetne amerikanske konspirasjonsteoretikaren Alex Jones, som er kasta ut av både Facebook og Twitter. På Parler kan han stadig nå hundretusenvis av følgjarar. Kvelden før storminga av Kongressen var han òg ein av talarane som egga opp trumpianarane som hadde samla seg i hovudstaden.

Dei gode

Det kan Tito Ortiz også. Kommentaren hans, og videoen han samstundes delte, har fått fleire tusen kommentarar. Videoen viser intervju med Trump-tilhengjarar som har kome til Washington D.C. for å demonstrera i samband med at Kongressen skulle godkjenna valet av Joe Biden som USAs neste president.

Dei kjem frå ulike kantar av landet, med raude MAGA-hattar, med Trump-banner, med amerikanske flagg, med plakatar. Ein mann fortel at han er der for å visa politikarane at folk veit at presidentvalet vart stole. Ein annan fortel at han er der for si fem år gamle dotter: «Om me ikkje stoggar det som går føre seg no, så kjem me til å få det vanskeleg.» Ei kvinne fortel at det til slutt vil gå bra, fordi det alltid er dei gode som vinn.

Konspirasjonsteoriane

Så kjem eit lite utdrag frå Trump sin tale, talen der han igjen hevda å ha vorte utsett for storskala valfusk, før me ser og høyrer publikum ropa: «Kjemp for Trump! Kjemp for Trump!»

Etter det ser me at nokon heldt opp ein plakat med teksten «Adrenokrom – stogg brotsverk mot menneska». Det er ein referanse til påstandar som står sentralt i dei såkalla QAnon-teoriane sitt konspirasjonsteoretiske univers: Påstandar om at born vert haldne som fangar i hemmelege, underjordiske fengsel, der vert dei seksuelt misbrukte av medlemer av den sataniske eliten, og stoffet adrenokrom vert dessutan hausta frå hjernane deira og nytta både som rusmiddel og som ein slags vidundermedisin for å halda seg ung og frisk.

Fleire intervju, fleire bilete, taktfaste USA-rop og så ein mann som seier at «desse folka i styresmaktene, dei er ikkje lenger styresmakter, dei er eit kriminelt kartell», klipt saman med bilete av nok ein plakat, denne med referanse til «The Storm». Det er den reinsinga som ifølgje QAnon-konspirasjonsteoriane anten er i gang eller som skal koma, med massearrestasjonar retta mot dei vondskapsfulle elitekreftene.

Les også

Øyvind Strømmen: «Kraken og konspirasjonsteoriane, og no kampen mot Bidens valsiger»

Mistillit og kynisme

Videoen på Tito Ortiz sin Parler-vegg er talande på minst to måtar. For det fyrste viser den godt kvifor Trump-tilhengjarar samla seg i Washington D.C, og korleis det kunne eskalera til at demonstrantar tok seg inn i Capitol.

Dei var overtydde om at det eigentleg var Trump som vann valet, og at valnederlaget hans var eit resultat av valfusk. Og kvifor ikkje? Det er dette Trump sjølv har hevda i vekevis, og som ei rekkje republikanske politikarar også har slutta opp om. Og her er det ikkje vanskeleg å få auge på den indre logikken: Dersom vondskapsfulle krefter forsøker å juksa til seg makta, skal ein ikkje protestera? Skal ein ikkje freista å stogga dei?

For det andre viser videoen korleis det ikkje berre er konspirasjonsteoriar rundt valet som svirrar rundt, men også andre. I demonstrasjonen i Washington vart leiande demokratar ikkje berre skulda for juks, men det vart synt til teoriar om at dei er ein del av ei satanisk elite som gjer seg skuldig i groteske overgrep mot born. Det er vanvit, sjølvsagt, men det er også eit sjukdomsteikn som handlar om langt meir enn Donald Trump. Det handlar om mistilliten som fungerer som såjord for slike idear, ein mistillit som kanskje har vorte forsterka av koronakrisa.

Det handlar også om konspirasjonsteoriar som storpolitiske våpen. Og om kynismen til politikarar som til dels har vald å bruka slike førestillingar til å fremma si eiga politiske karriere.

Les også

Sven Egil Omdal: «Vi har vaksinen mot trumpisme»

Pandemien

Det var ikkje berre QAnon-truande som demonstrerte i Washington. Der var også andre Trump-tilhengarar. Og der var høgreradikale på jakt etter bråk. Men Q-galskapen er verdt å merka seg, også fordi han er smittsam. Den canadiske forskaren Marc-André Argentino har – med utgangspunkt i datainnsamling frå sosiale medium – funne QAnon-miljø i 71 land. Eitt av dei er Noreg.

Her til lands ser covid-19 dessutan ut til å ha vore bensin på Q-galskapen sitt bål. Det finst iallfall eit samanfall mellom korona-konspirasjonsteoriar og QAnon-teoriar, også på norske nettforum.

Publisert: