Kva lærte me av Tix-gate?

KOMMENTAR: Var MGP-oppstyret kanskje heilt topp for alle partar?

Slaktaren og slaktofferet i «Debatten». Dagbladets Anders Grønneberg og MGP-vinnar Tix skulle diskutera musikkritikk – og Grønneberg eta pannebandet til artisten. Foto: Annika Byrde, NTB

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:

– Dette er ein vinn-vinn-vinn-situasjon for alle partar, sa førstelektor i musikk Audun Molde. Tix-gate hadde nådd alle debattars nirvana. Fredrik Solvang hadde invitert den ferske MGP-vinnaren – og slaktofferet – Tix til «Debatten» på NRK1. Der var også Dagbladets sjefslaktar Anders Grønneberg. Han bad ikkje om orsaking, men måtte til gjengjeld eta i seg orda sine i form av artistens panneband i ei pannekake.

Og så kom kommentatorane, musikkfolka, NRK-folka. Det var her Molde leverte sin analyse:

  • Tix brukte Grønnebergs griseslakt til å få folket med seg. Einaren på terningen bidrog til å gjera han til ein einar blant folket.
  • Grønnebergs tekst gav Dagbladet masse klikk og merksemd om sin journalistikk og sitt produkt.
  • Alt bråket rundt Tix, Dagbladet og MGP-kritikken gav NRK masse merksemd rundt deira store, folkelege produkt, MGP.

Men vann verkeleg musikken, kulturkritikken og -journalistikken på Tix-gate?

Kulturjournalistikkens problem

Strengt tatt illustrerer rabalderet fleire av utfordringane kulturjournalistikken – og dermed kulturen – står i. Kulturjournalistikken strevar i overgangen til digitale format. Den seriøse kulturjournalistikken gir ikkje masse klikk og utløyser knapt abonnementssal i norske aviser. Ein god og substansiell kulturartikkel kan visa godt igjen i ei gammaldags papiravis, men har store problem med å nå gjennom på ein mobilskjerm. Der konkurrerer me brutalt med trafikkulukker, fotballkampar, politiske kampar og korona. Algoritmanes tidsalder er nådelaus: Skaper ikkje overskrifta på den vesle skjermen klikk og engasjement i løpet av ganske kort tid, vil artikkelen raskt rasa nedover – og i praksis bli borte.

Tidlegare kulturredaktør i svenske Aftonbladet Åsa Linderborg peika på kulturjournalistikkens digitale problem allereie for fem år sidan. Aftenbladets tidlegare sjefredaktør Jens Barland – nå medieforskar – har sagt at det er kulturjournalistikkens eigen feil at han seglar i tung, digital motvind. Han meiner kulturjournalistikken har sove i timen, ikkje har utvikla seg og ikkje har tilpassa seg digitale lesemønster.

Tilfellet Tix

Det er her me kjem til tilfellet Tix, Anders Grønneberg og NRKs MGP-satsing. Dei er nemleg representantar for kulturjournalistikkens forsøk på å utvikla seg og tilpassa seg. Spørsmålet er om det til det betre.

La oss starta med Grønneberg. Han skreiv setningar som «jeg skal spise Tix-pannebåndet, på en seng av knuste glasskår fra brillene hans, dersom han vinner MGP-finalen» og «selv om én million fluer liker dritt, betyr ikke det at dritt er bra». Argumentet hans er at me må kunna ha det litt moro. At me må underhalda. For det er sånt som skaper klikk og engasjement. Terningkast 1 – eller 6 – og tydelege, helst slagferdige, meldingar.

Problemet er at det aller meste som blir levert av musikk, bøker, teater, biletkunst eller andre kunstuttrykk, i snitt står til terningkast fire og er ganske ok. Korleis lagar du ein klikkbar tittel på ei heilt grei novellesamling frå ein forfattar som ikkje er kjendis? Løysinga for dei fleste aviser er klar: Dei melder ikkje novellesamlinga.

Gråten på «Lindmo»

Så til Tix. Mannen som nå reagerer på Grønnebergs språkføring. Mannen som sjølv står bak tekstlinjer som: «I kveld er det greitt å være hore/Vil du være med meg hjem når vi drikkes under bordet?» Artisten som nå har stått fram på «Lindmo» og fortalt om mobbing i barndommen, psykiske problem og sjølvmordstankar.

Vel, der har du ei anna tilpassing til den nye tida i kulturjournalistikken. Ei tilpassing Grønneberg også retta eit sleivspark mot i kritikken av Ane Fins MGP-låt – «Hva med å grine litt på «Lindmo»?» – og som han også tok opp i «Debatten». Nemleg at artistar stadig står fram med ei personleg historie, aller helst om noko vondt og vanskeleg, når dei skal lansera eit nytt produkt.

Men dette er jo ikkje noko artistane sjølv har funne på! Dette er jo ei tilpassing til medias krav – ikkje minst Dagbladets. Tix hadde ikkje sleppt til hos «Lindmo» om han ikkje stod fram med si personlege historie. For sterke historier har appell, genererer klikk, interesse og sal. Så når til dømes Aftenbladet intervjuar ein forfattar om ei bok eller ein musikar om musikken, er det me som står fram som litt rare.

Les også

Kristian Kise Haugland: «Om kildekritikk for morgendagens internett – og seriøs journalistikk»

Les også

Sven Egil Omdal: «Mobben som angrep den amerikanske kongressen 6. januar, lider av en farlig mangelsykdom. De får ikke nok etterrettelig og grundig journalistikk»

NRKs ansvar

Så har du NRK og MGP. NRK skil seg frå alle oss andre i at dei er fullfinansiert av fellesskapet og ikkje er avhengige av klikk, annonsar og abonnentar for ikkje å gå konk. Men det betyr ikkje at NRK ikkje bryr seg om sjåartal, lyttarar eller klikk. For utan oppslutning, fallande legitimitet.

Samtidig ligg det tydelege forventningar til NRK om å dekkja breidde på ein heilt annan måte enn hos kommersielle aktørar som må tena pengane sine sjølv. Korleis går det?

Vel, sist veke klaga Norsk Komponistforening NRKs musikkprofil inn for Kringastingsrådet.

– NRKs musikkprofil svarer ikke til de krav og forventninger om redaksjonelt innhold, mangfold i kunstneriske uttrykk og bruk av norsk musikk som NRK er omfattet av, sa styreleiar Jørgen Karlstrøm.

Tenk det, midt i MGP-sirkuset! Midt i vinn-vinn-vinn-situasjonen for norsk musikk!

Les også

  1. Kritisk for kritikken

  2. Kulturjournalistikken i en syltynn tråd

Publisert:

Kommentator Jan Zahl

  1. Kulturjobbar er visst ikkje som andre jobbar

  2. «Såg du årets Oscar-utdeling? Ikkje eg heller»

  3. Avverga tidenes kultur­poli­tiske skan­dale

  4. «Tidenes kulturpolitiske skandale»

  5. «Var Tix-gate ein vinn-vinn-vinn-situasjon?»

  6. Absurd kommuneregel

  1. Kommentator Jan Zahl
  2. Andreas «TIX» Haukeland
  3. Journalistikk
  4. NRK
  5. Kultur