Tillitsbrot, Ap. Det må vi nesten snakka om

KOMMENTAR: Toppleiinga i Ap tar veldig med ansvar for at vi andre skal ha noko å snakka om. Den eine på verre vis enn den andre.

Ap-leiar Jonas Gahr Støre gratulerer Bjørn Skjæran som ny nestleiar under landsmøtet i 2019. Foto: Terje Pedersen / NTB

  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:

Det er jo sånt ein ikkje hadde klart å finna på. Eit film-manus det ikkje går an å tru på, eitt altfor dårleg opplegg til ei bok. Men det verkelege livet har det med å trumfa fantasien. Og akkurat der held toppen av Ap seg til det verkelege livet, for å seia det sånn.

I Politisk kvarter sist fredag, på eitt-årsdagen for nedstenginga av Norge, klarte sjefen sjølv, Jonas Gahr Støre, å få sagt at det ville vore lågare smitte i Norge dersom Ap hadde vore i regjering. Det syns statsminister Erna Solberg (H) var ein nokså merkeleg ting å seia, for regjeringa har i stor grad følgt faglege råd. I det låg det vel ein slags tillit frå henne til at Ap i regjering ville gjort det same.

Spikringa i kista

Det var stort sett kontrollen og testinga på grensa det var snakk om. Noko Jonas Gahr Støre i august i fjor ikkje meinte burde vera obligatorisk. Men etter kvart, presiserte Gahr Støre, sa Ap tydeleg ifrå.

Noko som er nokså typisk Ap i opposisjon. Når dei berre får tenkt seg godt om, meiner dei sjølv at dei seier tydeleg ifrå. Kanskje litt etter at andre parti har gjort det, riktig nok, som for eksempel Frp alt hadde gjort i dette tilfelle. Mens det som blir heilt tydeleg for oss andre, er kor gjerne dei vil vi skal tru dei er eit betre alternativ. Og kor vanskeleg det er for dei å få det til. For Jonas Gahr Støre har jo ikkje nokon som helst grunn til å påstå at smitta hadde vore mindre ved han ved roret. Det er rein etterpåklokskap, og fullstendig uinteressant, bortsett frå som ein av spikrane i forteljinga om korleis Ap iherdig hamrar igjen eiga kiste.

Same dag som Støre heldt fram kor mykje betre det kunne gått med han som beskyttande landsfader, begynte Nordland Ap sitt fylkesårsmøte i Bodø. Som vanleg er, hadde dei eit litt større hotellrom til disposisjon for det som skal administrerast i løpet av helga. Samtidig blei det innført ekstra strenge koronatiltak i Bodø, for byen er under koronaangrep av den muterte sorten. Og ikkje berre den britiske, men den sørafrikanske også. Folk skulle halda seg heime, halda to meters avstand, ikkje samlast.

Det der tok dei ikkje så nøye, Ap-folka som var på fylkesårsmøtet i Bodø. Dei hadde nachspiel på hotellrommet. Alkohol til eige bruk hadde dei handla med seg, så det var ikkje akkurat så veldig spontant, heller. Åtte stykk, var dei. For mange i seg sjølv, og for mange til å halda to-meteren. Blant dei som var der, var nestleiaren i Ap, Bjørnar Skjæran. Han som skal stå skulder ved skulder med Gahr Støre for tida, sjølvsagt med korrekte koronameter mellom.

Han blei invitert med på ein øl av ein kamerat etter middagen lørdag kveld. Det syntes han var triveleg, så han takka ja. Det streifa han ikkje å sjekka kor mange koronatiltak som dermed kom til å ryka i rein trivsel.

Pinleg

Det går jo ikkje, det. For er det noko som får koronatiltak til å ryka, så er det trivsel. Og er det noko som får trivsel til å ryka, så er det koronatiltak. At trivsel kan bety sjukdom og død, er pandemiens ibuande vondskap. Det finst få ting dei fleste av oss ville bli meir glade for enn ein hyggeleg invitasjon frå ein god venn om å bli med i eit hyggeleg lag. Det finst få ting vi heller skulle sett ryka og reisa enn alle koronatiltak som hindrar oss i å takka ja.

Nei, det er ikkje nødvendigvis så pampete av Skjæran, det er ikkje nødvendigvis ein oppblåst tanke bak om at dette ikkje gjeld for oss, vi er leiarar. Det kan godt vera så enkelt og samtidig så pinleg som han sjølv seier - at det ikkje streifa han og resten av gjengen å tenkja gjennom kor strenge koronatiltak Bodø nettopp hadde innført. Det er menneskeleg. Og vi vil vel gjerne det ennå, at politikarane våre skal få vera menneskelege.

Men det går jo ikkje likevel, dette. I dei delane av landet som akkurat nå er hardast ramma av både smitte og tiltak, så kjennest nok tiltaka på kanten mot å vera umenneskelege for mange. Og som elles, jo meir utsett du alt er, for å bli sjuk, for å falla utanfor, for å mista jobb og fellesskap, jo hardare verkar det. Så ein folkevald politikar, i dette tilfelle frå Ap, må nesten visa at han forstår, at han sjølv er ein av folket, og at han klarer å setja korona-disiplin framfor trivsel. Slik det blir forventa av resten av oss.

Så høyrer det med til historia at politiet har lagt saka bort, fordi reglane nasjonalt og lokalt krasja såpass at det juridisk kan oppfattast som manglande klarheit i lovverket.

Det verste

Skjæran har beklaga og beklaga, og han beklagar framleis. For det var ikkje fordi dei misforstod reglane at dei dreiv og festa. Det var fordi dei ikkje tenkte på reglane. Dei tenkte på fest.

Så nei, heller ikkje det med politiet går. Det går ikkje ein gong å bli særleg begeistra over å få slike gåvepakkar i fanget for oss som skal skriva. For det er for dumt. Det inviterer knapt til skadefryd, knapt til moralisering. Knapt til å skriva om, hadde det ikkje vore for at det er så klare tillitsbrot.

Nestleiar Bjørn Skjæran gjorde noko usannsynleg dumt, og har beklaga sju gonger i løpet av ei NRK-sending. Sjefen sjølv, Jonas Gahr Støre, ville ha oss andre til å tru på noko usannsynleg dumt, og dreiv på med det nesten ei heil NRK-sending. Koronatiltaka rauk i Skjærans iver etter triveleg lag. Sjølve truverdet rauk i Gahr Støres iver etter meir makt. Det siste var verst.

Les også

  1. «Styrings­iveren til Høgre kan stykka eit barn opp i små­bitar»

  2. – Ta vaksinen, når du kan

  3. Pakka vi alt som smerta ved 22. juli heilt ned i roser?

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. – Det vikti­gaste i abort­lova er den skjøre balan­sen mellom fleire liv

  2. Finst det ingen politikarar som tar sjansen på å sleppa unge UT av skulen etter ti år?

  3. – Når koronatiltaka grip så langt inn i heimar og sjelsliv, kan tilliten til dei som styrer bli alvorleg skada

  4. -Tillitsbrot, Ap. Det må vi nesten snakka om

  5. – Går prisen opp, må menneskeverdet ned. Det kan justerast, rett og slett, når det gjeld funksjonshemma.

  6. Heile livet ditt er slett ikkje avhengig av at du vel riktig akkurat nå

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Jonas Gahr Støre
  3. Bjørnar Skjæran
  4. Koronaviruset
  5. Solveig G. Sandelson