Nulltoleranse på tribunen

KOMMENTAR: Nulltoleranse når det gjeld rasisme blir ofte tomt prat. Men ikkje hos Vikinghordane. Ikkje hos Viking. Og ikkje på SR-Bank Arena.

Rasisme? Ikkje lov. Og det finst nok av andre måtar å få ut følelsane på.
  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Kommentator
Publisert: Publisert:

I september i fjor spelte Viking heimekamp mot Bodø/Glimt. Dei tapte til slutt 3–1. På O-feltet, der Vikinghordane held til, ropte ein frustrert 34-åring like før kampslutt «knekk beina på den jævla negeren!» Han sikta til glimstspelaren som hadde ballen.

Måndag denne veka sat 34-åringen i Sør-Rogaland tingrett. Som tiltalt etter paragraf 185 i straffelova - rasismeparagrafen. Strafferamma er inntil tre års fengsel.

Han angra. Han angra som ein hund alt i det han høyrde seg sjølv ropa. Han lurte på kor det kom frå, han sa i vitneboksen at som regel høyrer ein det ein skal seia inni hovudet, dette var det som han ikkje høyrde før øyra hans høyrde at han ropte det. Han har ingenting imot folk med ein mørkare hudfarge. Han skil ikkje mellom folk på grunn av slikt.

Folk rundt han reagerte straks. Leiaren for Vikinghordane, Roar Åkerlund, fekk beskjed om at noko skjedde litt lenger borte. Han gjekk bort, prøvde å roa ned folk rundt, spurde 34-åringen om det stemte. Han stadfesta at det gjorde nok det. «Då har eg ikkje noko anna val enn å be deg forlata arenaen,» sa hordesjefen.

Den nå tiltalte gjekk straks. Hordesjef Åkerlund tok kontakt med Viking fotball rett etter kampen, Viking fotball tok kontakt med Bodø/Glimt og med fotballforbundet.

Det blei møte. Mannen blei utestengt av hordane, og utestengt av Viking. Han fekk ikkje vera på stadion på 30 A-lagskampar. Resten av fjorårs-sesongen og heile denne. Han har vore med i hordane på og av sidan 2003, han har hatt sesongkort på Viking i årevis. Han la seg flat, han forstod reaksjonane.

Viking melde saka til politiet, slik fotballtinget med stort fleirtal hadde vedtatt i mars 2021 at klubbane skal gjera når slikt skjer. Alltid. Statsadvokaten tok ut tiltale. Aktor la måndag ned påstand om fengsel på vilkår i 18 dagar, og 20.000 i bot. Dommen fell denne veka.

Nei, eg veit ikkje om tilsvarande straffesaker frå idrettens tribunar. Under rettsaka blei det vist til andre dommar etter same paragraf – ho som igjen og igjen ropte noko slikt til ein dørvakt på ein utestad, la til at «negrar ikkje burde få lov til å jobba i Norge», og heile tida hadde som mål å nedverdiga dørvakta. Og dommen mot ei endå meir ufyseleg ytring på Facebook, i ei gruppe med 20.000 medlemmer.

Men også denne eine ytringa, frå ein tydeleg angrande Viking-supportar, blir tatt. Blir meld. Blir tatt ut tiltale på, blir lagt ned påstand om fengselsstraff på.

Vikinghordane kan syngja om puling av reinsdyr når Bodø/Glimt er motstandar, dei kan kollektivt klappa seg på fiktive sprøytestikk på armen når Haugesund er motstandar. Ingen kan akkurat skulda dei for å vera pripne og nervøse for å krenka andre lag.

Men det er faktisk nulltoleranse for rasisme på tribunen. I alle fall om slike tilrop kjem Vikinghordane eller klubben for øyra.

Ytringsfridommen? Dei står jo opp mot kvarandre her. Retten til å seia og meina kva ein vil, mot retten til å bli beskytta mot å bli håna og sjikanert for etnisiteten din, legninga di, trua di.

Det siste, å håna og sjikanera andre for etnisitet, legning eller tru, er ikkje lov. Det er rett og slett ikkje lov. Det finst nok av andre måtar å ropa ut både frustrasjon, sinne og kritikk på. Også frå tribunane på SR-Bank Arena.

Les også

  1. Krever fengselsstraff for Viking-supporter som kom med rasistisk til­rop under fot­ball­kamp

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. Jan Groths strek er eit opent bidrag til andres tankar. Fleire av oss burde prøva på det

  2. – Denne samtalen er tynn­sliten, seier sjaman Durek Verrett. Det syns eg også

  3. – Alvorleg sjuke barn blir kaste­ballar. Og vi ser det ikkje

  4. Den norske abort­lova er ein skjør balanse mellom to liv. Er den balansen truga nå?

  5. Det går ikkje lenger å tru at dette ikkje vil gå utover behandlinga av pasientar og arbeidssituasjonen til dei tilsette

  6. – Politikarane i Stavanger er litt bekymra for 6-åringanes digitale kompetanse. Javel?

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Fotball
  3. Viking
  4. Eliteserien

Eliteserien

SVUTMP
1Lillestrøm1283124111327
2Molde1181222111125
3Viking136342417721
4Strømsgodset126242020020
5Bodø/Glimt115422214819
  • Champions League-kvalifisering
  • Conference League-kvalifisering
  • Nedrykkskvalifisering
  • Nedrykk