Me vil helst skriva med blyant

Det var svaret læraren i 3. klasse på Sand skule fekk frå fleirtalet då ho spurte om elevane ville ha skriveleksa på Ipaden eller på oppgåveark.

Noko av det første barna i norske iPad-skular lærer, er å bruka krefter på å halda «Eplet opp», kodeordet for når nettbrettet skal leggjast med skjermen mot pulten, og ikkje brukast til sniktitting av YouTube-videoar.
  • Heidi Hjorteland Wigestrand
    Heidi Hjorteland Wigestrand
Publisert: Publisert:

Etter to år med nettbrett såg læraren at klassen trong å trimma handskrifta si, og åtteåringane har omfamna blyant og papir. Dotter mi på åtte år har hatt sin eigen personlege skule-iPad heilt sidan ho begynte i 1. klasse. Denne får ho også ta med heim i vekedagane.

Noko av det første barna i norske iPad-skular lærer, er å bruka krefter på å halda «Eplet opp», kodeordet for når nettbrettet skal leggjast med skjermen mot pulten, og ikkje brukast til sniktitting av YouTube-videoar.

3.-klassingane er fødde tre år etter iPaden. Alt som bleiebarn visste dei kva knapp ein trykkjer på for å få eit Apple-produkt til å lysa opp. Kvifor likar desse superdigitale åtteåringane likevel å løysa oppgåver på ark med blyant?

Då dotter mi kom heim med nettbrettet hausten 2019 var både mor og dotter fulle av fascinasjon over appane skulen hadde lagt inn. Fargesterke teikningar kunne skapast med fingertuppane. Pandemien gav nettbretta ein pangstart, men då unntakstilstanden var over, fungerte dei like godt?

Les også

Er du digital om du les avisa på nettbrett?

Å skriva med fingeren

Av og til skulle leksa gjerast på eit bilde frå ei side i ei oppgåvebok. Med fingeren skulle barnet skriva inn svaret på skjermen. For dei som ikkje har prøvd, kan eg lova at det er plundrete å skriva slik. Må du viska, står du i fare for å viska ut for mykje, slik at alt må skrivast på nytt.

Å bruka nettbrettet som ei slags avansert papirbok kan umogleg ha stor pedagogisk verdi. Kva kan så nettbrettet gi undervisinga som læraren ikkje kan få til på anna vis? Sikkert meir enn eg anar, men utfordringa er at det enno er få lærarar som kan nytta nettbrettets eventuelle eigenart til fulle.

På nettbrettet må du heile tida zooma inn og ut og hoppa mellom ulike appar. Det er vanskeleg å få oversikt over oppgåva du skal løysa, utan diverse avbrot som forstyrrar konsentrasjonen. Det er truleg difor 3.-klassingane har fått sansen for blyant og papir.

Forsking viser at nettbrett gjer at elevane lærer og les dårlegare. Ein del av appane er laga som spel, for å auka motivasjonen til å læra, men eg er usikker på kor godt stoffet festar seg til bruk i kvardagen.

Somme skular har heilt klart tatt for mykje tran. Frykta for digital kunnskapsløyse har ført til fare for digital overdose, utan tanke for den enkeltes digitale velvære, eller digital wellness som tilstanden enno er mest kjent som. Dette handlar om å skapa ein sunn balanse mellom nettbruk og det verkelege livet, for å auka produktivitet og konsentrasjon og sikra den enkelte si fysiske, psykiske og sosiale helse.

Les også

Skolesjefene om Chromebook: – Flere grunner til at vi ikke bruker vanlig PC

Les også

Flere unge kan ikke lenger bruke en vanlig datamaskin: – Holder ikke med et kurs

Kritiske røyster mot digitalisering

I Suldal fekk alle elevar frå 1. til 10. klasse kvar sitt nettbrett for to år sidan. Nyleg gjennomførte kommunen ei undersøking blant lærarar, elevar og foreldre og fekk fleire kritiske tilbakemeldingar. Mange foreldre tykkjer det blir for mykje digital undervisning og ønsker at barna i større grad skal få skriva for hand og lesa i bok, då dei meiner elevane les betre i bøker enn på skjerm. Ei anna innvending er at læringsarbeidet skjer veldig raskt og foreldra mistar oversikta. Dei viser elles til at barna får ei dårleg arbeidsstilling av nettbretta, og fryktar at barna ikkje får ei funksjonell handskrift.

Også lærarar og elevar meiner det blir for mykje bruk av digitale læremiddel og åtvarar mot ei utfasing av fysiske bøker. Dei ønsker ein betre balanse mellom digitale og fysiske læreverk. Det blir vist til at ei bok gir ei meir oversiktleg oversikt over pensum. Andre meiner skjermar og tastatur er for små.

Kartlegginga viser at 80 prosent av undervisinga i ungdomsskulen i Suldal føregår digitalt, i barneskulane føregår halvparten av undervisinga gjennom digitale einingar. Verdas helseorganisasjon råder til minst mogleg skjermtid for dei yngste barna. Då er det underleg at norske skular skal pusha nettbrett på små barn, slik at dei får endå meir skjermtid enn dei alt har på fritida.

Stavanger kommune vedtok å ikkje innføra klassesett av Chromebook på barnetrinnet. Dette blei gjort for å redusera skjermtid. I vedtaket står det at digitale verktøy bare skal brukast når dei gir auka verdi på elevane sitt læringsutbytte.

Stadig fleire er skeptiske til den storstilte digitaliseringa av den norske skulen. Skepsisen kjem frå politikarar, foreldre og forfattarar. KrF ropar varsku og ønsker at barn si skjermtid skal bli mindre i skule og barnehage. Også Oslo Høgre er skeptisk til for mykje digitalisering i skulen.

I bøkene Digitale Prøvekaniner og Skjermslaver går Gaute Brochmann og Bjørn Gabrielsen mellom anna inn på forsking og konkluderer med at dei fleste undersøkingar viser store bakdelar med den digitale skulekvardagen.

Smågodt heile dagen

Eit nytt klasseskilje vil truleg gå mellom dei som kan tøyla sin digitale bruk og dei som kvar dag pådreg seg overdose. Barn som går i reine iPad-skular frå 1. klasse er blant dei som står i fare for å bli digitale misbrukarar, om ikkje foreldra eller skulane tek grep.

Alle har høyrt om IT-guruane i Silicon Valley som let barna gå på blyant og papirbok- skular og ikkje slepp eigne barn i nærleiken av produkta dei sjølv har skapt. Dei med god råd og høg utdanning er ofte sunnare og slankare enn fattige og dårleg utdanna, fordi dei har høve til å ta gode val og kunnskap om kva som skjer om ein ikkje gjer det. Bruk av digitale einingar vil truleg følgja dei same skiljelinjene. Argumentet med at den digitale skulen skal jamna ut forskjellar, vil dermed truleg bidra til det motsette.

Mykje i livet handlar om disiplin og sjølvregulering, anten det gjeld mat, alkohol eller søvn. Å få ein iPad i fanget som seksårig, er som å få konstant tilgang på smågodt.

Les også

  1. Flere unge kan ikke lenger bruke en vanlig datamaskin: – Holder ikke med et kurs

  2. – Tenk deg at du plasserer eit barn inn i verdas største godteributikk, det gjer me i skulen kvar dag

  3. – Har hun i det hele tatt en skjerm i skolesekken som det går an å se skyting på?

Publisert:
  1. Skjermtid
  2. Barn
  3. Nettbrett
  4. Ipad
  5. Chromebook

Mest lest akkurat nå

  1. Testet positivt? Dette gjør du

  2. Konen var skeptisk da de ringte fra «Mesternes mester»: – Hun hadde aldri sett meg grine før

  3. Skamslått Borgli vil gå nye runder om huset i Oalsgata

  4. Har du lagt merke til er at kampropet «ubuntu» er borte. Hva skjedde?

  5. Stavanger-investorer sprøyter penger inn i e-sport-satsing - vil ikke røpe beløpet

  6. Folk for­tjener bedre og sanne svar fra en olje- og energi­minister midt i en strøm­krise