... men kva vil Ap og Sp med kulturlivet?

KOMMENTAR: Abid Raja (V) har lagt fram sitt siste forslag til kulturbudsjett. Men det store spørsmålet er kva Ap og Sp vil gjera med det.

Abid Raja (V) er ferdig som kulturminister. Me veit fint lite om kva som kjem etter han i kulturpolitikken.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:

Me burde vel ant det. Hadde forslaget til kulturbudsjett for 2022 innehalde store gladsaker for Rogalands kulturliv, hadde me nok visst om det i form av strategisk plasserte lekkasjar før stortingsvalet.

Abid Rajas siste budsjettforslag er eit par milliardar mindre enn fjorårets rekordstore koronakrisebudsjett, men eit par milliardar større enn forslaget til budsjettet for 2020 - som blei lagt fram før koronaen snudde opp ned på alt. Vel 21,9 milliardar kroner blir foreslått brukt på ei brei vifte gode saker innanfor kultur, frivilligheit og idrett. Målt mot fjoråret, får dei fleste mindre pengar neste år. Men då måler me altså mot eit heilt spesielt år, med heilt spesielle ekstraløyvingar.

Les også

– Kulturlivet kan for lite om pengar og politikk

Les også

Avverja tidenes kultur­poli­tiske skan­dale

Les også

Tidenes kulturpolitiske skandale

Nå skal den påtroppande Ap/Sp-regjeringa i løpet av svært kort tid setja seg inn i og setja sitt preg på regjeringa Solbergs siste statsbudsjett. I praksis inneber den korte tida og det minimale handlingsrommet at ein kan flytta på om lag to prosent av det totale budsjettet. 98 prosent av utgiftene ligg fast.

Det er lite grunn til å tru på dei store omkalfatringane på kulturbudsjettet - eitt av politikkens minifelt, for spesielt interesserte.

Og om me veit lite konkret om den nye regjeringas politikk på dei fleste område, veit me knapt noko som helst om kva kulturpolitikken deira skal vera - eitt døgn før Støre og Vedum legg fram regjeringsplattforma si.

Me veit litt om kva den påtroppande regjeringa er mot - som Solberg-regjeringas gåveforsterkingsordning for å stimulera til meir privat kapital til kulturlivet, og den årlege effektiviseringa (les: innstraminga) på 0,5 prosent. Ja, og så har jo Ap og Sp vore mot Abid Raja og hans handtering av koronakrisen.

Les også

Venstre om i kulturpolitikken?

Men me veit fint lite om kva dei som skal vedta det endelege kulturbudsjettet for 2022 er for. Er det reversering av Solberg-regjeringas politikk som skal bli det viktigaste grepet også på kulturfeltet? Er målet å auka kulturbudsjettet til 1 prosent av BNP, slik både Ap, Sp (og SV) skriv i sine partiprogram? Kor fort skal det i så fall skje? Kva skal dei ekstra pengane brukast på? Kva er dei påtroppande regjeringskameratanes kulturpolitiske prosjekt og profil? Om dette veit me ingenting.

Mitt råtips er at endringane i kulturpolitikken, og dermed også i kulturbudsjettet for neste år, blir minimale. I innleiinga til Rajas siste budsjett står det at regjeringa med sitt forslag peikar ut ei retning for kulturpolitikken: «I tråd med regjeringens kulturpolitikk videreføres satsingen på et mer inkluderende, mangfoldig og relevant kulturliv. Under mottoet «Krafttak for mangfold» vil regjeringen fortsatt støtte opp under prosjekter og tiltak som bidrar til at kunst- og kulturlivet, frivilligheten og idretten skal inkludere alle, uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, seksuell orientering, funksjonsevne og/eller sosial og økonomisk bakgrunn og bosted. Regjeringens mål er et kulturliv hvor et mangfold av aktører gir opplevelser til flest mulig. Regjeringen vil at makten i den offentlige kulturpolitikken skal være spredt og vil styrke det frie feltet innen kunst og kultur.»

Eg syns eg ser den Ap- eller Sp-kulturministeren - eller støttepolitikaren i SV - som argumenterer imot ein slik kulturpolitikk.

Les også

  1. «Mangfald» er det nye moteordet – også i kulturlivet. Men korleis får ein det til utan å enda i den reine parodien?

Publisert:

Statsbudsjettet 2022

  1. Derfor kan statsbudsjettet bli endret

  2. ... men kva vil Ap og Sp med kulturlivet?

  3. Etter 30 millioner kroner til planlegging, legges dette prosjektet i en skuff

  4. – Man må selv huske å føre det opp

  5. 7 millioner til spise­forstyrrelse-tilbud: – Veldig skuffet

  6. Høyres stikk til Frp og velkommen til ny regjering med olje­penge­kutt

  1. Statsbudsjettet 2022
  2. Kulturpolitikk
  3. Statsbudsjettet 2022
  4. Abid Raja