Verda er blitt rikare, men meir ufri

GJESTEKOMMENTAR: Dei siste tiåra har verda blitt markant rikare – og opplevd ei markant svekking av menneskerettar og demokratiske institusjonar. Dette er globale økonomiske og demokratiske trendar.

Publisert: Publisert:

«For nokre av landa som tidlegare hadde formidabel økonomisk framgang, […] var demokratiske rettar og fridom avgrensa. Dette er ein formel for økonomisk framgang som har spreidd seg, og faktisk vist seg å fungere i land og regionar, så ulike som Tyrkia, Ungarn, Etiopia og landa i Golfen. Økonomisk suksess utan eit liberalt politisk system har blitt ein modell, nett slik det liberale demokratiet er ein annan modell», skriv Bård Vegard Solhjell. Foto: NTB scanpix

  • Bård Vegar Solhjell
    Direktør i Norad

Inga hending har hatt så stor innverknad på min måte å tenke og forstå samfunnet på, som Murens fall i Berlin i 1989. Den frigjorde eit halvt kontinent. Ein generasjon seinare er ingen av landa perfekte, men nesten alle langt meir velståande og mykje friare. Kviterussland vart liksom ståande att på perrongen. No kan det vere over. Det er i alle fall enormt mange menneske som vil at det skal vere over. Men det er ikkje lenger typisk.

Samanlikna med nabolanda, vart Kviterussland hengande etter i demokratiutvikling etter at Muren fall og Sovjetunionen vart oppløyst. No skjer det noko i landet, men samstundes vert land svært mange land over heile verda mindre demokratisk, mellom dei vestlege land òg. Foto: Dmitri Lovetsky, AP/NTB scanpix

Les også

Aktivist aner håp om forandring i Hviterussland

Les også

Opprørt Solberg varsler straffetiltak mot Hviterussland

Jamt og trutt bakover

Om lag samtidig med at verda stengde ned, tidleg i mars, kom den velrenommerte amerikanske stiftelsen Freedom House med sin årlege rapport som samanliknar situasjonen i alle verdas land: «Freedom in the World 2020».

For fjortande år på rad finn dei ein samla tilbakegang i situasjonen for demokrati, politisk fridom og menneskerettar globalt. Det er dessverre eit robust funn, understøtta av andre som har studert det same. The Economist gir ut «The Democracy Index», som i fleire år målt ein tilbakegang, ikkje minst i siste utgåve frå 2019. Den konservative amerikanske tenketanken The Cato Institute kjem årleg med «Human Freedom Index», som over år har målt ein (svakare) tilbakegang i sivile og politiske rettar.

Enno meir alvorleg blir det når vi går i djupna og ser på ulike regionar og kategoriar av politisk fridom. Rapporten finn ein samla tilbakegang dei siste 14 åra i alle typar demokratiske og menneskelege rettar i alle verdas regionar. Særleg sterk er tilbakegangen i sivile rettar som ytrings- og religionsfridom og rettsstaten i Asia og Afrika. Kategorien «functioning of government» – som dekkjer det politiske systemet, val-lover, korrupsjon etc. – viser ein sterk tilbakegang i Asia, Midtausten, Afrika og Europa.

Les også

Bård Vegar Solhjell: «Dei glade 20-åra – tiåret for løysingar»

Den økonomiske framgangen

Korleis skal vi forstå dette? Det er først naudsynt å sette det i kontekst. Tilbakegangen dei siste åra følgjer etter mange tiår med enorme framsteg. Bølgja av avkolonialisering og sjølvstende førte frå 1970-talet til ei sterk demokratisering på nesten alle kontinent. Berlinmurens fall utløyste ei sterk og plutseleg demokratisering i mange land i Aust-Europa og den tidlegare Sovjetunioen. Det er viktig å understreke at denne framgangen var langt sterkare enn tilbakegangen vi har sett dei seinare åra. Vi er ikkje tilbake til eit nivå som før Murens fall.

Paradoksalt nok har dette skjedd samstundes med ein periode med sterke økonomiske og sosiale framsteg, ikkje minst i dei regionane som har hatt sterkast tilbakegang i sivile rettar. Sidan 1998 har det blitt færre ekstremt fattige i verda – både i andel og i absolutte tal – kvart einaste år fram til i år. Ifølgje Verdsbanken levde nesten 2 milliardar menneske for under 1,90 dollar dagen (banken sitt mål) i 1990. Det tilsvarte 36 prosent av verdas folketal. I 2018 var gjaldt dette noko over 700 millionar menneske, under 9 prosent av verdas folketal. Denne framgangen er skapt av ein sterk økonomisk vekst, ikkje minst i store økonomiar i Asia, Latin-Amerika og Aust-Europa (sjølv om Afrika heng etter).

Les også

Bård Vegar Solhjell: «Korleis forandre eit enormt stort land på eit par tiår»

Statsminister Narendra Modi i India og president Donald Trump i USA leiar to av dei største og viktigste demokratia i verda. Begge forsterkar fleire år med fall i globale indeksar for demokrati og fridom. Foto: Susan Walsh, AP/NTB scanpix

Ein ny politisk modell

I dette paradokset ligg det også ei viktig innsikt. For nokre av landa som tidlegare hadde formidabel økonomisk framgang, ikkje minst i Asia – med Kina som det største og mest kjende dømet – var demokratiske rettar og fridom avgrensa. Dette er ein formel for økonomisk framgang som har spreidd seg, og faktisk vist seg å fungere i land og regionar så ulike som Tyrkia, Ungarn, Etiopia og landa i Golfen. Økonomisk suksess utan eit liberalt politisk system har blitt ein modell, nett slik det liberale demokratiet er ein annan modell.

Kanskje kan dette opplevast fjernt frå oss. Noreg kjem stort sett godt ut på alle statistikkane. I årets rapport frå Freedom House er situasjonen i «etablerte demokrati», mange av dei i Europa, via særleg merksemd. 25 av 41 land – altså fleirtalet – i denne kategorien viser ein tilbakegang i den samla situasjonen for demokratiet og innbyggjarane sine rettar. To av desse er det verdt å stoppe opp ved, verdas to største demokrati, India og USA. I begge vert politiske institusjonar svekte av ein vekst i populistiske, nasjonalistiske og politiske tendensar, og særleg i India opplever minoritetar sterke angrep mot seg. Dei to landa har vore – og kunne vere – globale leiarar i demokratisering. No står vi i ein situasjon kor verda saknar leiande nasjonar i kampen for menneskerettar, og i å styrke sårt trengde internasjonale institusjonar.

Les også

Fareed Zakaria: «Demokratisk forfall i hele verden, ’sterke institusjoner’ ikke nok»

Ei slags trøyst

Dette reflekterer ikkje at vanlege folk har mista trua på demokratiet. Pew Research Center har over tid målt folk sine haldningar til demokrati (i demokrati), og finn stor og stabil støtte til demokratiske styresett og rettsstat. Dei finn samstundes ei aukande misnøye med leiarar og måten demokratiet fungerer på både i mange etablerte (men ikkje Noreg!) og unge demokrati. Det kan dermed synast som det er ei større konflikt mellom haldningane til oss som lever i demokrati, og dei tendensane som faktisk finn stad.

Dette er, om ikkje anna, ei slags trøyst. Det vi ser i Kviterussland er eit døme på den sterke krafta som framleis ligg i den enkle bodskapen om at vi menneske vil styre våre eigne samfunn, og at vi har ibuande og likeverdige rettar berre ved det å vere menneske. Demokratiet har sine manglar – det er berre så veldig mykje betre enn alle kjende alternativ.

Twitter: @bardvegar

Les også

Aftenbladet mener: «Det blir færre demokratier i verden. Det er farlig»

Les også

Aftenbladet mener: «Trumps løgnfabrikk»

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. «Viking-spillerne står litt med den berømmelige lua i hånden nå»

  2. Bilbrann på fylksvei 44

  3. Warholm reagerer på at Ingebrigtsen fikk kongepokalen: – Jeg vil ha en begrunnelse

  4. Webradio: Vi gir deg Viking-Aalesund

  5. City Bistro legger ned etter 33 år: - Det er trist, men vi ser ingen annen utvei

  6. Front­kolli­sjon på E39 i Lyngdal

  1. Demokrati
  2. Gjestekommentar
  3. Fattigdom
  4. Populisme
  5. Bård Vegar Solhjell