Bør ein fiksa det som verkar?

KOMMENTAR: Rogaland Teater laga årets beste førestilling i Norge fire av dei sju siste åra. Eksisterer det då eit problem som må fiksast?

I juni fekk Rogaland Teaters oppsetning «Orlando» Heddaprisen for «Årets forestilling». Teatersjef Arne Nøst vil halda fram med staten som viktigaste eigar, og vil ikkje hamna i fylkeskommunen.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Bli med på ein leik: Lukk augo og tenk på dei fem fremste kulturpolitikarane i fylkestinget i Rogaland. Man gjerne fram biletet av dei for ditt indre blikk.

Ser du ingenting? Kjem du ikkje på noko namn? Veit du ikkje om ein einaste fylkespolitikar som er ein profilert og tydeleg kulturpolitikar?

Ikkje eg heller.

Det var kanskje derfor det blei litt pussig stemning i Stavanger konserthus sist torsdag.

Kulturmelding på overtid

I Norge har skiftande regjeringar lagt fram ei kulturmelding cirka kvart tiande år. Kulturmeldinga trekkjer opp dei store linjene i kulturpolitikken, er eit slags overordna rammeverk regjering og Storting kan støtta seg til når dei årlege budsjetta skal vedtakast, og samtidig ein referanse for kulturlivet. Den siste kulturmeldinga kom i 2003, under Bondevik II. Bare tittelen illustrerer kor på overtid ei ny melding er: «Kulturpolitikk mot 2014».

Nå er arbeidet med ny kulturmelding i gang, og denne hausten drar kulturbyråkratane som skal skriva teksten land og strand rundt for å få innspel frå kulturlivet om situasjonen, kor skoen trykker og kva som trengs. (Det korte svaret, om du skal lytta til aktørane, er at alle av dei meiner at akkurat dei og deira felt treng meir offentlege middel.)

Det var derfor store delar av fylkets kulturliv var samla i Konserthuset sist veke, for å delta på innspelskonferanse. Men byråkratane frå Oslo må ha reist heim med eit interessant og dobbelt signal frå Rogaland rundt eitt av dei store spørsmåla som skal få sitt svar i den nye kulturmeldinga, nemleg om meir ansvar på kulturfeltet bør flyttast frå staten og til det reformerte fylkesnivået.

Tettare kontakt?

Fylkeskultursjef Rune Thele starta, eh, showet med å argumentera for at meir makt og pengar på kulturfeltet bør flyttast til fylket - mens staten står for dei overordna måla og føringane i kulturpolitikken. Thele meiner dialogen mellom det lokale nivået og staten fungerer dårlig nå, og at det vil bli kortare linjer, tettare kontakt og betre dialog om ansvaret for regionale kulturinstitusjonar blei flytta til fylket.

Problemet − og det som skapte den lett pussige stemninga og det doble signalet − er bare at dei regionale kulturinstitusjonane ikkje vil til fylkeskommunen.

«Kvifor endra noko som verkar?» spurde teatersjef Arne Nøst, i eit innlegg der han plasserte Rogaland Teater i ein langt større samanheng enn Rogaland fylke. Teatret er i dag 10 prosent eigd av Rogaland fylke, 20 prosent av Stavanger kommune og 70 prosent av staten. Nøst meiner teatret er del av ei nasjonal satsing, ein nasjonal tanke, og at lokale forhold og plasseringa på Sørvestlandet bare er eit springbrett for teatrets djerve satsing − som dei siste åra har gitt seg utslag i fleire Hedda-nominasjonar og -prisar enn dei fleste andre teater kan visa til.

Sjølv om Nøst nok kunne tenkt seg vekst i staden for ostehøvelkutt i budsjetta − og eit nytt teaterbygg, ser han nokre viktige fordelar med å vera underlagt staten. For staten sender sine tildelingsbrev frå år til år, men utan å detaljstyra kva teatret gjer. Kunsten er altså sikra ganske føreseieleg finansiering, og kunsten har vore fri. Det har vore armlengds avstand mellom dei som styrer og dei som lagar kunsten.

Les også

Mørk, morosam og musikalsk vår på Rogaland Teater

Tunnel eller teater?

Og det er nå me kjem til dei ikkje-eksisterande profilerte kulturpolitikarane i fylket. For det Nøst og hans kollegaer i det regionale kulturlivet fryktar, er kva som skjer om og når staten desentraliserer ansvaret for nasjonens kulturpolitikk til dei nye regionane og fylka. For å sitera Nøst: «Rogaland teater blir då heilt avhengig av at me […] har ei klok og kunnskapsrik forvalting lokalt, menneske som kan setja kulturhistoria inn i ein framtidig kontekst der ansvarsforståinga ikkje avgrensar seg til omgrep som Smartby, Smartregion, Greater Stavanger, Let’s make Rogaland Great Again.»

Eller for å sitera kulturhussjefen på Sandnes, Anders Netland: «Kva skjer med midla om dei i staden for å gå direkte til kulturinstitusjonane skal fordelast av fylket? Blir dei då brukt til vegar, tunnelar og rassikring, eller går dei til kultur?»

Med andre ord: Har fylkespolitikarane innsikt, visjonar og ambisjonar nok på kulturfeltets vegner til å prioritera samtidsdans, moderne teater eller opera framfor helse, utdanning eller samferdsel?

Konsekvensar?

Teatersjefen, kulturhussjefen på Sandnes, kulturhussjefen Marit Egaas i Stavanger og dansesjefen Therese Markhus på Sandnes var i alle fall skeptiske. Noko av det mest spesielle er at forslaget har dukka opp så plutseleg, utan at det er gjort forarbeid på kvifor ein skulle gjera dette, korleis det skulle skje eller kva konsekvensane ville vera. Sånn sett er det ingen som kan vita om dette er ein god idé eller ei.

«Me er opne for ein dialog − men då må me få delta i dialogen. Per nå sit me med store spørjeteikn og stor skepsis», som Netland sa.

Men om ønsket om å bli flytta til fylkeskommunen ikkje stammar frå kulturlivet eller er forankra i deira behov eller utfordringar, kor kjem ideen då frå? Jau, når du først har gjennomført ein reform av fylkesstrukturen, må du jo finna på eit eller anna dei nye fylka kan driva på med.

Les fleire kommentarar av Jan Zahl:

Les også

  1. Cruise-turismens paradoks

  2. Tidenes døllaste kulturbudsjett?

Publisert:
  1. Kommentar
  2. Kulturpolitikk
  3. Kultur
  4. Teater
  5. Arne Nøst

Mest lest akkurat nå

  1. Mann funnet med stikkskader i Stavanger

  2. Mandag morgen går strømprisen til værs

  3. Da PST varslet helsevesenet på Kongsberg i 2018, var det en helt annen sak som vakte mest bekymring

  4. – Utfallet har blitt som det har blitt. Familien har hatt, og har, det tøft.

  5. Seks timer i buss som belønning for «tåblæser-seier»: – Nå dropper vi søvnen

  6. Charlotte Østborg (30) har begynt å skjule ansiktet til datteren på sosiale medier. Hun er ikke den eneste