#theytoo må synast etter #metoo

KOMMENTAR: Kva gjer du når ho du treng å kalla mor vil ha sex med deg?

Kvinner som forgrip seg, gjer det ofte frå ein omsorgsposisjon. Foto: NTB Scanpix (illustrasjonsbilde)

  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Khaled er 22. Han har flykta aleine frå krigen i Syria. På asylmottaket hans har ei vaksen, norsk kvinne i 50-åra engasjert seg som frivillig. Ho tar seg av Khaled. Han er dårleg i både engelsk og norsk, ho hjelper han. Med jobbsøknader, med pengar til mat og klede. Då han må flytta frå eit mottak til eit anna, tilbyr ho han å flytta inn på eit rom hos henne og mannen. Khaled vil kalla henne mor, men han merkar at ho ikkje likar det. Ho vil heller ha sex med han. For han er ho alt han har i Norge. Han er ingenting utan, akkurat då. Så han har sex med henne.

Og dette neket av ei kvinne sender romantiske meldingar til han, som om ho ikkje ser den avgjerande forskjellen dei i mellom: Han er avhengig av henne. Han er ikkje fri verken til å velja eller velja vekk. Ho har økonomi, språk, posisjon og nettverk. Han vil kalla henne mor. Ho ser bort frå det, alt saman, sender han hjarte på mobilen og inviterer til film, vin og sex.

Det vi er einige om

Omtrent to av tre av oss meiner #metoo kan redusera seksuell trakassering. 82 prosent er einige i at #metoo-kampanjen tar opp eit reelt problem. Både menn og kvinner meiner det, folk frå by og bygd, med høg utdanning eller låg utdanning, med mye pengar eller bare litt. Forskjellar finst, men dei er små.

Det er Respons analyse som har stilt spørsmåla, på vegner av Aftenposten.

Og det er klart, får du spørsmål frå eit analysebyrå om #metoo er det jo ikkje så vanskeleg å kjenna kva ein bør svara − uansett kjønn og utdanning og inntekt og kor ofte du gjer kunst ut av kvardagsmat. Det kan vera vi svarar som vi synest vi burde, uavhengig av kva vi eigentleg meiner.

Men eg vel å tru at vi har svart oppriktig. For det er jo nesten til å bli glad av at vi samlar oss om noko.

Vekk frå fanget

I Norge begynte #metoo-kampanjen med opprop. Til saman 15 opprop kom, med rundt 10.000 signaturar. Frå skodespelarar, musikarar, politikarar, IT-folk. Vi har tradisjonar for sånt i Norge. Skal du endra strukturar i samfunnet, gå saman, ver mange, gjenta, gjer det vanskeleg å avvisa. Historiene som kom gjorde også større inntrykk på den måten. Fordi dei var anonyme var det mengda og repetisjonen som gjorde inntrykk, mengda menn med makt som syntest å ha oppfatta at makta sjølvsagt gir tilgang til andres kropp. Eller som valde å sjå vekk frå det skeive maktforholdet dei stod i, blinde for at den du har makt over faktisk verken kjenner at dei kan velja eller kan velja vekk.

På sitt beste har #metoo-kampanjen i Norge vore med på å løfta seksuell trakassering bort frå det personlege. Det er viktig, også for dei som vil seia frå, også for menn som vil setja andre menn på plass. Den som seier frå, kjenner kanskje ikkje lenger så lett på skulda for å øydeleggja stemninga, for å vera prippen eller moralistisk. Organisasjonar og bedrifter har gått gjennom regelverket sitt − er det godt nok, og er det godt nok kjent? Veit folk kva som er akseptabelt og ikkje, og veit dei kva dei skal gjera dersom dei opplever noko slikt, eller ser andre gjera det?

Skamma treng ikkje lenger liggja igjen i fanget til den som har vore utsett for det, jenter treng ikkje lenger inngå venninne-alliansar der ein deler historier og passar på kven ein bør halda seg unna. oOg forhåpentleg, sjølv om #metoo i stor grad har handla om kvinner som blir offer og menn som forgrip seg, ser også menn som blir utsette for seksuell trakassering frå ein sjef, ein trenar, ein pianolærar eller ein sjelesørgjar, at dei ikkje er aleine. Det er ikkje noko dei treng ordna opp i sjølv.

Omfanget

For sjølv om vi nå i den undersøkinga til Aftenposten, som eg treng å tru på for ikkje heilt å mista trua på mennesket, er rørande einige om at #metoo har medverka til å få ned seksuell trakassering, og at dette er eit reelt problem, svarar likevel åtte prosent av kvinnene som er spurde, og tre prosent av mennene, at dei har opplevd det eller sett andre bli utsette for det dei siste seks månadane.

Khaled skammar seg. Til slutt gjer han seg fri frå kvinna han ville kalla mor. Historia hans, slik VG har fortalt den, handlar ikkje berre om seksuell trakassering, men om seksuelle overgrep. Vi snakkar om misbruk av stilling og tillitsforhold, kanskje også om emosjonell tvang.

Khalid kan fortelja om tre andre liknande tilbod frå norske kvinner. Han kan fortelja om andre unge gutar som får slike tilbod. Organisasjonar som NOAS − Norsk organisasjon for asylsøkere, Pro Senteret i Oslo, og Utsattmannen har alle høyrt det før. Som enkelthistorier. Å seia noko om omfanget er vanskeleg, men generelt veit ein at når kvinner forgrip seg, er det ofte frå ein omsorgsposisjon.

Omsorg gir makt

Blant alle hjelpande hender og varme hjarte finst også den utstrekte handa som krev sex tilbake. Og som overbeviser seg sjølv om at det er snakk om eit likeverdig forhold. Eller går ut ifrå at den som blir hjelpt, ikkje er i posisjon til å seia nei eller seia frå.

Når det er ei kvinnehand det gjeld, blinkar ikkje varsellampene våre like sterkt. Når dei som blir utsette for det, er så på utsida av samfunnet, som ein asylsøkjar i eit mottak, høyrer vi dei ikkje like godt. UDI har retningslinjer for førebygging og handtering av overgrep mot barn, kvinner og mindreårige asylsøkjarar. Dei vurderer å utarbeida slike også for overgrep mot menn over 18 år.

Det bør dei. For også omsorg gir makt. Og #theytoo må inn under #metoo. Der vi løftar slikt ut frå privat skam og maktsjuke blindsoner.

Les også

  1. Stor støtte til #metoo på tvers av kjønn, lønnsnivå og landsdeler

  2. Metoo har endret Rosenberg Verft: – Det har blitt legitimt å si ifra

  3. YS mener det er behov for flere tiltak mot seksuell trakassering

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. Heile livet ditt er slett ikkje avhengig av at du vel riktig akkurat nå

  2. – Bønn til Stor­tinget: Vedta rus­reforma!

  3. «Bør unge fram i vaksinekøen? Sjekk det!»

  4. Pakka vi alt som smerta ved 22. juli heilt ned i roser?

  5. «Styrings­iveren til Høgre kan stykka eit barn opp i små­bitar»

  6. «Du skal ikke tro du kan lære oss noe». I alle fall ikkje om alkohol.

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Seksuell trakassering
  3. Asylmottak
  4. Overgrep