Også vi, når det blir krevet

KOMMENTAR: SVs Oddny Miljeteig vil bytta ut «Ja, vi elsker». Det er pyntepolitikk. Vi treng ikkje pyntepolitikk.

Det gjer ingenting om vi kjenner at vi må strekkja oss sjølv ein tanke, både bakover i tid, og inn i eit stort fellesskap. Foto: Tommy Ellingsen

  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel

SVs Oddny Miljeteig meiner "Ja, vi elsker" er kjønnsdiskriminerande og utdatert.
Ja. Det kan vel vera at det ikkje bare var fedrane som kjempa mens mødrene grein, eller bare den norske mann som fekk bu i hus og hytte, eller bare desse same fedrane som aleine løfta landet frå nød til siger.
Men la det vera, Miljeteig. La det vera.

Les også

SV-topp vil bytte ut «Ja, vi elsker»

Lov å tolka

Songen er 160 år gammal. Det er lov å tolka den inn i si eiga tid.
Det er ennå lov å stå der på 17. mai og kjenna seg som ein del av det «vi» som elskar dette landet, eit vi som skal kjempa når det blir kravd av oss, eit vi som skal ta vare på den tilkjempa freden frå dei som gjekk før oss. Og mens vi står der og syng, går det heilt fint å sjå føre seg både menn og kvinner som gjennom historia har kjempa, at det kanskje har kosta fedrane også ei tåre eller to, og at landet ennå er fint, og verd å ta vare på. Når takka går til Gud, som fleirtalet i Norge ikkje lenger lener seg mot meir enn dei må, går det fint an å tenkja seg at ein skal vera takknemleg for å leva i eit fritt land, ikkje ta det for gitt, og ikkje i overmot tru at det er fordi kvar enkelt av oss er så svulmande kloke at det har gått bra.

Det gjer ingenting om vi kjenner at vi må strekkja oss sjølv ein tanke, både bakover i tid, og inn i eit stort fellesskap. Mens vi nå står der og syng, på Bjørnstjerne Bjørnsons gamle tekst.

Les også

17. mai må nøytraliseres

Gamle Bjørnstjerne

Bjørnstjerne Bjørnsons eiga evne til å leva seg inn i andre menneskes liv og vilkår, mista eg trua på ein gong i tenåra, då eg kom i skade for å lesa «Fiskarjenten», det mest romantiske sprøytet eg til då hadde kome over mellom to permar. Der bønder, fiskarar, kvinner og barn alle er representerte i Fiskarjenten. Ho er eit talentfullt naturbarn, men dum og naiv, og treng difor å rettleiast, hjelpast fram og reddast frå seg sjølv av menn som Bjørnstjerne og dei han måtte meina hadde noko godt å koma med.
Han er definitivt frå ei anna tid, Bjørnstjerne, og sjølv i si eiga tid må han ha vore ein temmeleg pompøs fyr. Likevel minner Miljeteigs forslag om det Bjørnstjerne driv med i "Fiskarjenten": Den mektige, betrevitande, som skal hjelpa oss andre til å forstå våre eigne liv og samanhengen vi står i.
Som om ingen av oss har fantasi til å tenkja oss inn i eit «vi» viss vi ikkje reint bokstavleg er nemnde. Som om eg ikkje kan kjenna meg igjen i eit vi som ikkje straks ramsar opp akkurat mitt kjønn, min bakgrunn, mi legning, mi tru, eller min identitet.

Forslaget om ny nasjonalsong er rein pyntepolitikk, og nullar på nedlatande vis ut folk flests evne til å kjenna seg igjen i noko som er større enn dei sjølv.

Men folk kan tenkja

Dei står der i skulegarden og syng «Ja, vi elsker» på 17. mai, og lever verkelege liv. Det er rektor, som sikkert har grunn til å vera bekymra for om ho klarer gi elevane som treng det mest, den spesialundervisninga dei burde få. Det er sjukepleiaren som kjem rett frå ei ekstra nattevakt, men som gjerne skulle hatt ei full stilling i staden. Det er barnefaren som er skilt, men kjenner seg tilsidesett og overhøyrt fordi han er far, ikkje mor, det er barn som er bekymra inntil margen for om Jorda vil klara seg gjennom klimaendringane og for om mor har nok pengar til is.
Det er dei som er bekymra for om det dei er glade i og kjenner som sitt, vil forsvinna. Om vi klarer å sikra land og folk mot terroranslag frå galningar. Om vi klarer å ta vare på det frie samfunnet vårt samtidig. Om ein kan få lov til å vera skeptisk til islam utan å bli kalla rasist. Om ein kan få lov til å gjera det ein meiner er rett, utan å bli kalla godheitstyrann. Om ein kan få vera meir oppteken av at norske handverkarar har sikre jobbar og at barselomsorg ikkje blir gjort til salderingspost, enn av kva gamle Bjørnstjerne klarte å få med seg i ein song, når han attpåtil skulle rima.

Om ein kan forventa at politikarane er interesserte i å få fram kva ei sak handlar om, meir enn av å stempla politiske motstandarar. Og om ein kan få lov til å vera glad i «Ja, vi elsker», der homofile og hijabkledde ikkje er nemnt, utan å bli fortalt at ein er forstokka og utdatert, eller rett og slett ikkje med.

Det som trengst

Ikkje bruk kreftene der, Miljeteig. Ikkje bruk tida på å rettleia oss alle i kva som er den rette måten å forstå oss sjølv på, til og med i nasjonalsongen vår. Ingen i skulegarden treng politikarar som driv med pyntepolitikk. Det er den dårlege varianten av identitetspolitikk. Som på sitt beste har blitt brukt for å anerkjenna og løfta grupper som har kjent seg langt utanfor ein vanleg skulegard. På sitt verste blir den brukt for å rettleia oss alle i kven vi og alle dei andre er, på venstresidas til tider nedlatande vis.

Det er ikkje nødvendig. Det er dumt. Men det er heilt, heilt nødvendig at folk når tidene kjennes tunge, usikre og vanskelege, kan kikka rundt seg og sjå politikarar jobba med å snakka deira sak, løfta deira rettar, halda fram fakta, og finna betre løysingar.
Vi treng ikkje politikarar som tar Bjørnstjerne Bjørnsons gamle tekst heilt bokstavleg. Vi treng politikarar som tar folks verkelege liv på alvor.

Les også

  1. Sandelson: Ting å vera kry av

  2. Sandelson: Pass på mor og barn! Det nyfødde livet er skjørt.

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. Heile livet ditt er slett ikkje avhengig av at du vel riktig akkurat nå

  2. – Bønn til Stor­tinget: Vedta rus­reforma!

  3. «Bør unge fram i vaksinekøen? Sjekk det!»

  4. Pakka vi alt som smerta ved 22. juli heilt ned i roser?

  5. «Styrings­iveren til Høgre kan stykka eit barn opp i små­bitar»

  6. «Du skal ikke tro du kan lære oss noe». I alle fall ikkje om alkohol.

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. 17. mai
  3. Bjørnstjerne Bjørnson