Har de tatt litt for mykje tran, Åpen folkekirke?

KOMMENTAR: Er det grunn til å tru at konservative krefter vil kuppa kyrkjevalet og setja foten ned for homofil vigsel? Neppe.

Publisert:
Solveig G. Sandelson
Debattredaktør

«Kan dei liberale sitt syn når som helst bli tuppa ut av Kyrkja igjen? Det høyrest ikkje heilt realistisk ut», skriv Solveig G. Sandelson. Foto: NTB scanpix

«Tru. Håp. Kjærleik. For alle.» Det går Åpen folkekirke til val på. Kyrkjeval, altså, som skjer samtidig med lokalvalet.

Alt i sommar kunne vi få inntrykk av at svært mykje står på spel i dette kyrkjevalet. At tru, håp og kjærleik for alle er truga, – eller, meir konkret, at sterke krefter i Kyrkja kan finna på å snu, ta ein omkamp, vinna den, og ikkje la homofile få gifta seg i kyrkja likevel.

Makta

«Skulle flertallet i kirkas øverste organ, Kirkemøtet, bli endret, kan det tenkes at det blir omkamp om det historiske vedtaket fra 2017. Det kan bety slutten på vigsel av likekjønna par i hele Den norske kirke», skreiv Helge Kristoffersen, som er styremedlem i Åpen folkekirke. Han går til kamp for to ting, den eine alt openberr – han vil behalda homofil vigsel i kyrkja. Og han vil at det skal bli tydelegare kva kandidatane i eit kyrkjeval står for.

Les også

Helge Kristoffersen «Visste du at kirkevalget kan bli avgjort av små, lukkede nettverk?»

Det siste først: Det har vore sånn at kyrkjelydane vel ein nominasjonskomité som skal setja saman ei liste med kandidatar til bispedømerådet. Kyrkjelydane føreslår også kandidatar til lista. Nominasjonskomiteen set så saman ei liste med det klingande namnet Nominasjonslisten, og skal ta omsyn til ting som geografi, syn og kjønn. På Nominasjonslisten.no kan du sjå kva kvar enkelt meiner er viktig.

I tillegg har vi fått to kyrkjepolitiske lister, liberale Åpen folkekirke, og konservative Bønnelista. Der har kandidatane slutta seg til, og – må vi tru – forplikta seg på eit partiprogram. Det er ein ganske nye ting i kyrkjevalet.

Saman med representantar for dei tilsette i Kyrkja og for døvekyrkja, dei 12 biskopane og fire samiske representantar, utgjer bispedømeråda i Norge Kyrkjemøtet. Det er Den norske kyrkja sitt høgaste, demokratiske organ.

I 2017 gjekk Kyrkjemøtet med stort fleirtal inn for at likekjønna par skulle kunna vigslast i kyrkja, med tilhøyrande liturgi. 83 av 112 representantar stemte for. Inn i fleirtalet valde også ei gruppe frå mindretalet å gå. Dei ønskte eigentleg å halda på at ekteskapet i kyrkja skal vera mellom mann og kvinne, men tok til etterretning at det var fleirtal for ein ny liturgi for likekjønna, og ønskte altså å understreka at dei respekterte det, sjølv om dei er av ei anna oppfatning.

Slik fekk vi to syn, som skal leva side om side i Kyrkja.

Fotfolket

Helge Kristoffersen i Åpen folkekirke meiner at den tradisjonelle nominasjonslista opnar for hemmelege aksjonar og kupp frå små fraksjonar, som kumulerer inn sine (konservative) kandidatar.

Om denne lista med det nokså kjedeleg namnet Nominasjonslista, syns eg ein skal leggja til at den er godt forankra så og seia i kyrkjegolvet – blant dei vanlege folka som bruker kyrkja mest. Eg syns det skal telja med. Og ein kan tenkja seg at meir profesjonaliserte lister, som Åpen folkekirke – det er berre å sjå på slagorda og kampanjane deira – nokså lett kan setja desse i skuggen. Og kanskje ikkje vera like opptekne av kvardagsarbeidet i kyrkja, som jo også skal bestemmast og leggjast til rette for.

Det var det eine. Det andre er om det verkeleg står så mykje på spel som Åpen folkekirke vil ha det til? Kan dei liberale sitt syn når som helst bli tuppa ut av Kyrkja igjen? Det høyrest ikkje heilt realistisk ut. Både fordi fleirtalet på Kyrkjemøtet for dette synet var så stort, og fordi veldig mange i Kyrkja vil ha ro rundt dette for heller å kunna jobba med andre saker.

Samtidig treng du ikkje gå så langt for å sjå at sjølv om dei to syna skal leva side ved side, så er ikkje ordningane i praksis gode nok. Du skal ikkje måtta stå med lua i handa og blikket i golvet i eiga kyrkja fordi ingen av prestane vil vigsla deg og din utvalde. Om det kan kjennast slik, kjem an på kor du bur.

Rammar andres liv

Når Åpen folkekirke ser ut til å meina at sjølve kristendommens sjel står på spel, så finst det også historiske grunnar til det, som alle i Kyrkja har grunn til å ta på alvor.

I Norge har ein måtta vera veldig personleg kristen for å bli rekna som kristen. Og om ein er det har blitt målt i korleis livet ditt utspelar seg. Kven du står fram som. Mange av dei som gjerne ville høyra til i Kyrkja og i kristne fellesskap, har sårt fått oppleva at dei berre fekk vera med halve vegen. At dei måtte fornekta seg sjølv eller halve livet sitt for å få bli med. Du kunne bli nekta nattverd, eller bli nekta å døypa ungane dine, fordi du ikkje var gift, fordi du var skilt, aleinemor, homofil eller lesbisk. Du kunne bli undertrykt som kvinne, eller kjenna at tvil og vaklande tru ikkje burde luftast.

Argumenta for å stå for slike syn – som i regelen ramma ei anna gruppe enn den du sjølv tilhøyrde – har vore at ein må stå på Bibelens ord. Ein kan ikkje vatna ut alt. Sett utanfrå er det vanskeleg å sjå korleis det blir særleg kristeleg å leggja slike restriksjonar på andres liv.

Men det er ikkje desse som lenger er i fleirtal. Og mange av dei som meiner at ekteskapet etter Bibelen er for mann og kvinne, vil likevel ikkje påleggja andre innanfor Kyrkja å dela eller leva etter det synet.

Difor kan Åpen folkekirke kanskje senka lansen bitte litt. Når dei går til val på at det er dei som står for tru, håp og kjærleik for alle, tar dei på seg store sko. Skal dei klara fylla dei, må dei nesten også visa at dette faktisk gjeld for alle. Også for dei som gjerne vil vera i denne folkekyrkja, utan å dela Åpen folkekirke sitt syn eller prioriteringar.

Les også

Einar O. Iversen: «Kirkevalget bør handle om Kirkens framtidige organisering – som er det virkelig store spørsmålet nå»


Les også

Tru og mistru

Les også

K-en i KrF

Les også

Når du må elska deg sjølv

Les også

Kven er folket i folkekyrkja?

Publisert: