Unn deg litt skjermtid!

GJESTEKOMMENTAR: Dataspel er ei kjelde til kulturopplevingar. No kan ho vera kjærkomen.

Publisert: Publisert:

Foreldre bør bruka av mykje innetid om dagen til å utforska speluniverset – både som kulturopplevingar for seg sjølve og til nytte som foreldre til born eller ungdomar. For eksempel spelet «A Plague Tale: Innocence» (biletet). Foto: Asobo Studio

  • Øyvind Strømmen
    Forfattar og journalist
iconDenne artikkelen er 110 dager gammel

Informasjonen i artikkelen kan være utdatert. Gå til vårt direktestudio for siste nytt om korona-utbruddet.

-> Gå til direktestudio

For nokre månader sidan spela eg dataspelet «A Plague Tale: Innocence», ei lita perle av eit dataspel. Handlinga spelar seg ut i eit fiktivt, middelaldersk Frankrike, herja av ein mystisk pest. Hovudpersonen er ungjenta Amicia, som forsøker å berga seg sjølv og veslebroren Hugo i ei verd full av både farar og fiendar.

Lat meg seia det fyrst som sist: Dette er ikkje eit spel for born.

Det er eit brutalt spel med mange sterke scener, som når du må redda veslebroren din unna ein rasande mobb som skuldar dykk båe for pesten, eller som når du må ta deg gjennom ei forlaten slagmark, full av både lik og livsfarlege svermar av rotter.

Spelet passar inn i ein sjanger med apokalyptisk tematikk. Det er ein sjanger eg sjølv er begeistra for, men ein sjanger som kanskje får seg eit skot for baugen no når verda møter ein heilt ekte pandemi, – ingen pest, men meir enn ille nok.

Samstundes leverer spelet nettopp det eg liker ved undergangsforteljingane: Dette er ei historie om søskenkjærleik, om menneskeleg motstandskraft, om uventa venar, – og på sett og vis om håp. «A Plague Tale» er rett og slett eit vakkert spel. Dystert, men stemningsfullt, underbygd av eit fabelaktig musikkspor.

Les også

Dataspel er no Noregs fremste kultureksport

Ei verd av kulturopplevingar

Om «A Plague Tale» er det rette spelet å setja seg ned med i karantene, kan nok diskuterast, men spelet er eit døme på korleis også dataspel kan gje flotte kulturopplevingar. Slike kan trengast i ei tid der kinoar, musikkscener og kulturscener er stengde, og det sjølv om både musikarar, komikarar og andre kunstnarar av ulikt slag no gjer ein imponerande innsats med å spreia sitt virke på nettet og gjennom sosiale medium, som på facebookgruppa Kultur i karantenetid.

Dataspel vert ofte undervurderte som kulturprodukt og som ei kjelde til kulturopplevingar, og for ofte reduserte til å verta sett på som enkelt tidtrøyte. For all del, det finst mange spel i den kategorien, spel av typen ein gjerne hentar fram i venterom eller på lange kollektivreiser. Og likevel, det finst så mykje meir, som det prisvinnande norske spelet «Mitt barn: Lebensborn». Då det vann ein Bafta-pris i 2018, like høgtragande som ein Oscar i filmverda, fekk det litt omtale. Men berre litt, sjølv om produsentane fekk skryt frå dåverande kulturminister Trine Skei Grande.

Regjeringa har utarbeidd ein eigen dataspelstrategi, og vil på den måten løfta dataspel som kulturuttrykk, som næring og som fritidsaktivitet. Men det er ikkje nett dataspel dei fleste kulturpolitikarar snakkar mest om, sjølv om dei opnar opp ei heil verd – eller eigentleg mange verder – av kulturopplevingar. Når det er offentleg debatt om dataspel, er det ofte mest fordi dei vert sett på som eit problem, knytt til for mykje skjermtid hjå born (neppe betre i desse koronatider), eller fordi nokre spel har valdeleg innhald og nokre foreldre let vera å setja seg inn i kva spel borna deira speler.

Les også

Test av 38 brettspill: Fire av dem får toppkarakter

Før i tida, «Dungeons of Moria». Slike spel er det framleis mogeleg å spela

Ein kjepphest fram frå stallen

Eigentleg er eg ikkje noko vidare begeistra for at folk no hentar alskens kjepphestar fram frå stallen for å fremma dei midt i ei nasjonal krise. I ein slik situasjon synest eg med fordel at ein kan dempa den politiske debatten, og at ein heller skal søkja å finna breie kompromiss og gode fellesskapsløysingar.

Men ein kjepphest hentar eg likevel fram, sidan han trass alt passar godt med både nasjonale råd om å halda seg heime og med alle avlysingane og utsetjingane i kalendrane våre: Bruk litt tid på dataspel! Både på å utforska dei som vaksen, og på å sjå på og spela spel i lag med borna. Kanskje kan du jamvel læra dei litt om dataspel som kulturhistorie?

Sjansen er stor for at du som i dag er småbarnsforelder, eller har ungdomar i hus, sjølv har spela dataspel i din barndom. Nokre av dei er framleis for juvelar å rekna, som plattformspel-serien «Commander Keen», som har gjeve meg mykje glede, eller den såkalla rogue-klona «Dungeons of Moria», som ikkje har meir spanande grafikk enn bokstavar og teikn på skjermen, men som var eit sant stimuli for min fantasi og for min gryande kjærleik til fabelprosalitteratur.

Mange unge har aldri sett ein slik, men nokre foreldre hadde kanskje ein Commodore 64? Foto: Ukjent

Kanskje hugsar du sjølv nokre speltitlar? Ein del av dei er lett tilgjengelege også i dag, takk vere nye versjonar for både pc og spelkonsollar. Andre er det meir krevjande å få tak på, sidan ein må installera såkalla emulatorar, program som gjer det mogleg å spela til dømes Commodore 64-spel på ei vanleg datamaskin. Nokre er berre tilgjengeleg via nettsider som Home of the Underdogs. Dei som står bak den, ser på seg sjølve som ein slags arkivarar, som forvaltarar av kulturminne, men dei er på kant med kopirett-lover, samstundes som dei har fått takkebrev frå legendariske spelskaparar. Det marknaden ikkje lenger vil ha, lever stadig i kulturen.

Min korona-kjepphest er difor: Unn deg litt skjermtid (men gløym ikkje å gå på tur!), oppsøk nye kulturopplevingar, sett deg ned med eit kulturminne. Kulturopplevingane står i kø, sjølv om konserten du skulle på er avlyst.

Publisert:

Korona-viruset

  1. 4.000 tyskere har meldt seg til å teste koronavaksine

  2. WHO: Koronapandemien kan bremses med harde tiltak

  3. Professor ønsker obduksjon av alle koronadøde

  4. – Vi er nødt til å følge ekstra nøye med denne helgen

  5. Trump-møtet i Tulsa bidro trolig til smitte­bølge

  6. Kjøpte aksjer og betalte privat gjeld for krisepengene

  1. Korona-viruset
  2. Dataspill
  3. Foreldre
  4. Kultur
  5. Gjestekommentar