Bompengar eller ei har blitt eit val mellom pest og kolera

KOMMENTAR: Lokale politikarar er kylte inn i ei krå dei kjem skadeskotne og utskjelte ut frå enten dei stemmer ja eller nei til bompengefinansierte tiltak. Det er tid for endring.

Publisert: Publisert:

Samferdslesjefen i Rogaland, Gottfried Heinzerling, orienterte kommunestyret i Time om bompakke Jæren tirsdag. Utføre sto motstandarane av bompengar, dei vert fleire og fleire. Foto: Egil Ø. Nærland

  • Egil Ø Nærland
    Journalist
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Prosjekta er til beste for samfunnet med trafikksikring, kollektivsatsing, nye gang- og sykkelstiar, nye vegar, mindre kø, minka utslepp, større effektivitet, betre miljø.

Problemet er at dei minst bemidla må bera den tyngste børa, for kvar einaste bompassering kostar det same for fattig som for rik.

Eit nært og ferskt eksempel frå nabokommunane Klepp og Time. Politikarane hadde følgjande val:

  • Enten bompengar for å få bygd omkjøringsveg utanom lokalsenteret Kvernaland og slik sikra fleire hundre barn og unge ved Frøyland skule, Frøyland ungdomsskule samt nærliggande barnehagar.
  • Eller null bompengar til beste for dei som har minst å rutta med frå før, men framhaldande trafikk gjennom sentrum tett inntil dei små sin skuleveg - kanskje endå tyngre trafikkert ettersom åra går.
Les også

Dette vil den nye bompakken på Jæren ha å si for deg

Korleis har det vorte slik?

I hovudsak skuldast det at eit statleg ansvar for utbygging av infrastruktur for buss, bil og bane samt sykkel- og gangstiar langs riks- og fylkesvegar over fleire tiår og mest i det stille, er dytta over på fylker og kommunar.

Ga lillefingeren, Staten tok heile handa

Det kan fylker og kommunar i nokon grad takka seg sjølv for.

I iveren etter å bygga fort og gale, har lokale- og regionale politikarar forskotert store beløp, og mange stader er nye vegprosjekt skunda på ved hjelp av bompengar.

I god meining har dei gitt frå seg lillefingeren.

Staten har teke heile handa, og det er ingen skilnad på om samferdsleministaren har komme frå Senterpartiet eller Framstegspartiet.

Les også

Bompenge-opprør i Finnøy kommune

To parti som er erklærte motstandarar av bompengar, har hatt kontroll over samferdsledepartementet frå 2005 til dags dato.

Dobla bompengane med Sp og Frp ved roret

Sp ved Liv Signe Navarsete, Magnhild Meltveit Kleppa og Marit Arnstad fram til 2013, deretter Frp ved Ketil Solvik-Olsen og nå Jon Georg Dale.

I same perioden har Staten, Stortinget og lokalpolitikarane lete seg lokka til å utnytta systemet. Tanken synes å vera: Tar du den, så tar du den.

Eit rykande ferskt døme omtalt i Aftenbladet sine medier onsdag: Bompengeinnkreving for Finnfast, tunnelen som gjer Finnøy ferjefri, skal vera slutt i 2024.

Nå vert bommen truleg ståande nokre år ekstra for å finansiera eit heilt anna prosjekt, Øyfast, bruer internt i Finnøy kommune. Til store protestar.

Les også

Klepp sa ja til bommer med 16 mot 15 stemmer

Norges Automobilforbund, NAF, har dokumentert utviklinga:

Innkreving av bompengar har dobla seg dei siste ti åra, frå 6,6 milliardar kroner i 2006 til estimert 13 milliardar kroner i år.

Til hausten opnar ni nye bompengeprosjekt. Bare så det er nemnd.

Verst for dei som tener minst

NAF har ved hjelp av TNS Kantar også sjekka korleis bompengane slår ut for folk flest. Naturlegvis betyr det mest for dei som tener minst.

40 prosent av dei spurde i undersøkinga seier at så lite som 500 kroner ekstra til bompengar kvar månad, vert ei utfordring for familieøkonomien.

Det er derfor Sandnes-ordførar Stanley Wirak, Ap, har gjort opprør mot sitt eige standpunkt til rushtidsavgift frå 2014, det er derfor parti etter parti vert splitta i bompengesakene, det derfor eigne bompengeparti på målingar får utrulege 20 prosent av stemmene slik Folkeaksjonen mot bompengar kjem ut på Bergensavisen si måling i Bergen.

Les også

Ny E 39 som forventet, men med et halmstrå til Eigersund

Det pågår ein knallhard kamp om rushtidsavgift eller ikkje i styringsgruppa for Bymiljøpakken. Stanley Wirak, nærast til høgre, vil ha bort alt. Foto: Fredrik Refvem

Eg er ikkje sans for ei-saksparti, men som den franske filosofen Voltaire på 1700-talet forsvarte retten til å meina, forsvarer eg retten deira til vera der. Politiken er meir kompleks enn som så, men ei-saksparti funkar i alle fall som vekkar for andre.

Skal ikkje tåla hån og trakassering

Politikarar som stemmer for bompengeprosjekta, må tåla motstand, det er greit. Derimot er det svært ugreit når kritikken går over til hån og trakassering, for valet står som nemd ofte mellom pest og kolera.

Dei skal likevel vakta seg vel for å leggja inn fordelar som gjer at dei sjølv ikkje tek del i byrdene. Då er det grunn til sjaua.

Auka motstand i folket og treffande slagrod som “nok er nok” har gjort fleire parti meir merksame på den utrettferdige bruken av bompengar, men noen tiltak er så langt komne at dei er umoglege å snu, eit slikt er Byvekstavtalen på Nord-Jæren. Der har Sandne-ordføraren gjort ein kjempejobb for å få vekk rushtidsavgifta.

Les også

Halvering i inntekter i Bymiljøpakken: Flere veiprosjekt kan bli satt på vent

Det har i stor grad lukkast . Derfor har eg meint og meiner at det er tid for å gå vidare og gjennomføra - dog først etter kritisk gjennomgang av kvart einaste delprosjekt. Her er fleirfoldige millionar å spara ved bruk av sunn fornuft.

Frp har eit poeng

Kva med framtida? Skal me halda fram med bompengar og urettferdig fordeling av byrdene, eller er det tid for å sjå nærare på Frp sitt forslag om å ta nokre milliardar av Norges 9200 milliardar kroner som står på fond, oljefondet/pensjonsfondet. Eg trur det.

Fondet er pengar genialt avsett for å gå til alle innbyggarane i heile landet, og tek me bare ein ørliten del til å trygga skulevegar, bygga sykkel- og gangvegar, fremma kollektive løysingar, betra miljøet, kutta klimautslepp og betra næringslivet si konkurransekraft, så kjem det alle til gode. Utan forskjell på fattig og rik.

Det må vera godt for framtida slik oljefondet/pensjonsfondet er meint å vera.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Et nytt smittetilfelle i Sola, tre i Stavanger

  2. Haaland byttet ut etter mål og assist. Så vant Bayern supercupen: – Kjenner meg paff

  3. Korona-virus knakk eventbyrået hennes

  4. Se video: Derfor er Sola og Stavanger konserthus farget i rødt i kveld

  5. 40 kulturbygg skal lyse rødt i kveld. Men Kilden sier nei.

  6. Eigersund: Omstridt rådmann går av

  1. NAF
  2. Magnhild Meltveit Kleppa
  3. Ketil Solvik-Olsen
  4. Stanley Wirak
  5. Finnøy kommune